Blog Image

Fotoblogg

Foto

Her finner du fotografi av fuglar, natur og landskap. Skiturer, fjellturer og masse interessant om miljø, innsekt, fugle og dyreliv.

Kalkgruve i Lukksund

Byggninger, Turer Posted on 25 Sep, 2019 13:13:01

Ved innkøyring til Lukksund, frå Bjørnafjorden, ligg Nesbjørgnes (Neset) og det gamle steinbrotet frå byrjinga av 1900-tallet. Kalkgruvene var dagbrot og opne i landskapet. Kalken blei ført ned til to kaier på utsida av Toneset. Her vart kalken lasta om bord i malmbåtar. I dag ser ein kunn rester igjen etter kai-anlegget. Tida og sjøen har tatt bort det meste.

Jordkjeller

Kalksteinsbrotet i Nesbjørgnes vart starta i 1908. Fram til 1919 vart det drive av A/S P. G. Rieber & Søn i Bergen. Etter nokre års pause tok ingeniør Karl Sande over og dreiv frå 1925 til ut på 1940. Då kom krigen og arbeidet blei stoppa. Kontrakten med grunneigar gjekk ut i 1943 og etter det har det ikkje vært noko drift i desse gruvene. Det meste av eigendommane i  dette området, låg under Baroniet i Rosendal. Det same gjaldt også område til gruvene. Denne eigendommen er no overdratt til Universitetet i Oslo.

Kalkgruva i Toneset

I den tid var dette var ein viktig arbeidsplass for innbyggarane i nærliggande område. Hardt arbeid med hammar og slegge for å bryte fram kalken. Dei fleste måtte bruka båt for å komma til og frå arbeid. Om vinteren og i ruskever om hausten, så var nok dette ofte eit slit og stor utfordring. Dette anlegget hadde to gruveløp. Den eine frå kaianlegget på Toneset og sørover. Den andre startar rett innanfor gardshusa på Neset og nordover til kaianlegga. På det djupaste kan dei vera mellom 60-80 meter. På enden av denne gruva låg huset til Karl og Mette Wilhelmsen.  Huset låg på ei høgde, med fin utsikt over fjorden. Karl var formann for gruvedrifta, han kom frå Karlstad i Sverige og gifta seg med Mette Berge frå Lukksund. Ved sida av dette bygget låg også ei smie. Husa er vekke i dag, men ein ser grunnmurane til begge to. Område er utvida med  store slagg-haugar og murar som er laga rundt transporten av malmen ned til utskipinga. Ein jordkjellar ligg også her, fint oppmura og heil. Det ligg også rester etter reiskap og jernskinner, rundt i område. I tillegg ligg det mykje laus kalkstein rundt i gruveområde. Gruva tilhøyre ei kalk-åre som kjem frå Varaldsøy i Hardanger og fortsett på sørsida av Tysnes og til Stord.

Kalkgruve og dagbrotet i Lukksund

Område har frodig vegetasjon, med mange tresortar. Fleire bøketre var det også i området.



Geitknottane Naturreservat

Natur og landskap Posted on 25 Sep, 2019 10:05:49

Geitknottane

Geitknottane er eit skogs og fjellområde mellom Fusa, Kvinnherad og Kvam kommune. Det ligg i den ytre delen av Hardangerfjorden. På andre sida av fjorden ligg Varaldsøy, Folgefonna, Melderskin og dei andre store fjelltoppane som perle på ei snor. Vannlilje

Dette område har ein karrig furuskog, fjellknausar, våt-område, med mange myrer og små og store vatn. Det største vatnet er Hattlesteinsvatnet. Dette område er no eit interessant naturvernområde med stort biologisk mangfald. Det vart opprett tilbake i 1997,og grensene går saman med Yddal Naturreservat. Desse to områda tilsamans er blitt eit av det større reservata på Vestlandet.


Dette karrige landskapet er rik på sjeldne planter og arter. Furutrea veks sprett, mellom sprekker og steinar i fjellet. Trea er ofte krokete og små, men med høg alder. Her finn du også blåveis, som er sjeldan på Vestlandet. Varaldsøy, som ligg i nærleiken, har også ei stamme med blåveis. Ei kalk-åre går gjennom desse områda, og gjer god jordsmon for blåveis. Her veks også den vakre meterhøge Kongsbregna. Detter er ei skjeldan plante i Norge og veks kun i område rundt Kristiansand og i Ytre Sogn.
Men dette område er kanskje mest kjent for førekomst av storsalamander, som held til i dei små tjerna og vatna rundt Geitknottane. Truleg har både Kongsbregna og stor salamanderen kom hit i ein varmare klima-periode. Når klima har forandra seg, så har dette område klart og ta vare på desse artane. Kanskje også fordi dette har våre eit karrige område og lite påverka av menneskeskapt aktivitet. Det er også eit vanskeleg område å bevege seg i. Bergtoppar, så ned i bratte skråningar, så myr og små tjern og vatn. Må ofte gå lange omveger for å komme seg innover i terrenget.

Frosk
Sjølv om dette område har vært freda i over 20 år , ser og høyrer eg lite fugleliv i område. Dette er i slutten av juli – og fugleaktivitet skulle vært på sist høgeste, med nyfødde fugleunger.
I dette myrete område er det også gode forhold for padder og frosk. I enkelte deler nede i skråningane – ligg dei gøymt inne i høgt gras.
Stor salamander finner du ei dei små dammane rundt i område. Den beste tida for å observera dei er nok om våren, når dei kjem og legg egg – på blader i vassflata.
Egga går så gjennom ei larvetilstand, før dei utviklar seg til stor salamander.



Translate »