Admiral sommarfugl (Vanessa atalanta) – ein trekksommarfugl

Fargerik Admiral Sommerfugl

Aommerfugl
Admiral Sommerfugl
Bie
Admiral
Admiral i matfatet

Fargerik og vakker

Nettopp på denne tida av året og litt lenger utover i september, skjer det ting i min hage. Eit fenomen, som gjentar seg enkelte år. Og bak dette haustfenomenet er sommarfuglen admiral. I min store staude, hjortetrøst (Eutrochium purpureum), svermar det av admiral sommarfuglar. Den fargerike admiral, lyser opp med sine sterke fargar. Ei blanding av rødt, blått og kvite flekker. Til lengre ut på hausten, dess kraftigare fargar. Namnet admiral kjem av desse fargestripene. No på hausten, er det kamp mellom insekt. Det dreier seg om nektar. Nektar er viktig for den store reisa admiralen skal ut på.

Admiral

Namnet «admiral», fekk sommarfuglen allereie på 1600 -talet. Den engelske entomologen James Petiver namngav den i 1699. Dei fargerike stripar eller band minna om ein admiralsuniform distinksjonar. Men kva er så spesielt med «admiral», utanom dei sterke fargane? Tistelsommarfuglen er eit meir fagleg namn på admiralen. Tistelsommarfuglen sine larvar, lever på og eter blader frå ulike tistelartar. Også brennenesler, når matfatet er lite. Enkelte år kan det oppstå enorme mengde av admiral sommarfuglar. I 2009, 2019 og kanskje no i hausten 2025, ser det ut som eit godt år for denne insekta.

Admiral Sommarfugl
Nektar

Trekksommarfugl

Denne vesle insekta har ei stor hemmelegheit. Den er som ein trekkfugl. Om hausten reiser den til varmare strøk. Eit slikt liten skapning, reiser heilt til Afrika. Reisa for ein admiral, kan ende både nord og sør for ekvator. Men livet til admiralen, ender på delar av reisa. Så det må fleire generasjonar til, for å gjennomføra transporten. Livet til ein admiral er ca ein månad. Når dei når Sør Europa, finn dei gode område med tistelførekomstar og nye egg og larvar blir til. Så kjem det ein ny generasjon av admiralar. Desse ender så opp i Afrika om vinteren.

Stor hjortetrøst
Stor hjortetrøst
Admiral
Admiral

Vind og luftstraumar

Det er vind og luftstraumar som er til stor hjelp, under transporten. Enten flyg dei lågt med vinden, eller lenger oppe i atmosfæren langs luftstraumar. Dei kan få ein fart på opp til 14 km i timen. Så sydenturen til Spania tar kanskje ei veke, for ein flokk med admiralar. Men forskinga tyder på at enkelte admiral sommarfuglar, klarer heile turen til Afrika også. Med eit vengespenn på mellom 5 og 6 cm, så er det nok avhengig av god hjelp frå vind.

Innsekt
Øyestikker

Syden tur

Det same gjentar seg i mai og utover. Då er det vind frå sør, som transportera Admiralen, nordover til ny oppblomstring av tistel. I matfatet går det frå larve og tistelblad til sommarfugl og nektar frå blom. Kvifor er det enkelte år ein store førekomst av admiral sommarfugl her oppe i nord? Forskaren forklarer det med ein spesiell rikt år, med tistel og nektar i Afrika. Ei ho admiral kan få opp til 500 egg. Ligg forholda til rette, så kan det danne svære mengder av sommarfuglar. Dei kjem til nordområda i juni /juli. Er sommaren god, ser vi størst mengde om hausten. Då er admiralen også endå meir fargerik.

Admiral
Admiral i nektar fatet
Admiral

Fargerik med mange fiendar !

Sommarfuglen har også mange fiendar. Som fuglar og andre insekt. Med sitt store fasettauge, så har admiralen eit godt syn. Kan lett oppdage fare, og flyg raskt. Men den må ha mykje mat, og er eit lett bytte midt i matfatet. Nektar og fruktsaft er hovudnæring for admiralen. Ein god nistepakke på vegen sørover.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *