Blog Image

Fotoblogg

Foto

Her finner du fotografi av fuglar, natur og landskap. Skiturer, fjellturer og masse interessant om miljø, innsekt, fugle og dyreliv.

Geilo og Hallingskarvet

Ski og trening Posted on 21 Feb, 2019 21:30:40

Skitur til Haugastøl – 14-16 februar 2019
Brukbare værmeldinger for helga og stor glede for å komme seg opp på høgfjellet. Turen gjekk til ei hytte på Haugastøl, 1000 moh. Planen var å reise fra Kvamskogen etter lunsj på fredagen. Kjørte el-bil, så den måtte lades full på NAF’en. Den dagen skein sola opp og det blei ein av dei finaste vinterdagene på Kvamskogen, så vi bestemte oss fort, at her på vi ta skina fram og nyte dagen før turen gjekk østover. Koblet litt strøm på bilen, fann fram felleski og drog opp i Steinskvanndalen. Nykjørt løype, fine spor, god glid, sol og vindstille. Turen gjekk innover i Øvre Steinskvanndalen, tilbak og rundløypa. 2 mil blei det før vi var tilbake til bilden, som no var fullada. Litt mat og nytrekt kaffi på NAF før vi kjørte videre mot Norheimsund og Hardagerbrua. Skodda la seg tjukt nede langs fjorden, hele vegen innover. Men når vi kom over Hardangerbrua, låg skodda under oss. Fjorden var speilblank innover mot Eidfjord, med små skoddedotter langs sjøen. Ny påfull av strøm i Eidfjord og innkjøp av mat til helga. Sjølvsagt ein Grandiosa pizza til kvelds. Var meldt litt vind over vidda, men forholda var veldig bra – og ca kl 19 – var vi på hytta. Då var væromslaget komt, mildt og litt sludd / regn. Men morgondagen såg bedre ut, men litt vind i fjellet skulle det bli. Tid til litt sport blei det også, litt skiskyting fra Salt Lake City i USA, der Geilo fekk sin første verdenscup gull av Vesle Sjåstad Christiansen i skiskyting.
Lørdag morgon, var det som vanlig opp kl 06:15 – og planlegging av dagen, med ein god frukost. Ute var det mildt og litt sur vind. Ein sjekk på www.skisporet.no, og Budalen blei valgt ut som løype for dagen, den var også med ferske spor. I desse forholda, blei det klassisk og felleski. Fra parkeringsplassen i Havsdalen, gjekk skituren innover mot Budalen. I et par pluss-grader, var det fin gli og fellene holdt bra i motbakker.
Første runden blei Budalen. Men kraftig vind oppover dalen, gjorde framdriften tungt. Lite snø og harde, avblåste løype, gjorde dette til ein prøvelse. Men tilbaketuren med vinden i ryggen, gav nesten gratis skyss nedover dalen, med god fart. For å prøve og lure oss unna vinden, så tok vi runden rundt Liabrotet. Det var lurt, denne løypa låg i le for vinden. Flott løype og fine forhold. Mildvær og litt sol, gjorde at snøen blei litt “slush” enkelte plasser. Det blei ein fin lang tur – på ca 25 km, før vi drog tilbake til hytta til ein god tallerken risengrynsgraut, rosiner og spekeskinke. så var det litt sport på TV – Når klokka nærm seg 19:00 – tok vi turen tilbake til Geilo stadion. Planen var Ustedalsfjorden rundt, og vi starta optimistisk, med hodelykt og skarpt føre. No var det tid for skøyting. Det var så hardt at skina skrensa for kvart fraspark. Men vi måtte snu og vende tilbake til stadion, det varme været hadde lagt igjen ein dam av smeltevatn i undergangene. Så prøvde vi å gå motsatt veg, men her måtte vi også passere underganger, som var blitt til innsjø. Turen gjekk tilbake til stadion og nokre runder og litt trening uten staver.

Søndag var det tilbaketur – men før det blei det ein fin tur frå Ustaoset og opp mot Hallingskarvet og Prestholtseter. Litt vind og skodde når vi kom opp under Hallingskarvet. På denne turen blei det tid til litt fotografering også. Her blei det også valgt klassisk og felleski. Tempertur låg også rundt null grade på denne turen også. Utenfor løypene var det gras og busker som kom opp, veldig lite snø i område. Så var det tilbake til hytta, utvask og pakking – før elbilen drog tilbake over vidda. Stort kiting arrangement på Hardangervidd, må ha vært opp i 100 kitere, så et fargerikt syn på vidda.



Ustedalsfjorden Rundt

Ski og trening Posted on 30 Jan, 2019 14:59:28

Denne turen skulle
vera ein kombinasjon av å delta på skirenn og elles ta skiturar i oppkjørte løyper, med utgangspunkt
frå hytta på Haugastøl. Natt til fredag og utover dagen var dei fleste
fjellovergangar stengt av kraftig vind og vanskelig å kjøre fra Os til Geilo. Meldingane utover kvelden såg betre ut,
så bilen blei pakka og vi kjørte mot Voss, med eit nødvendig stopp på Hjelles
Bakeri på Trengereid. På Voss var ca 2 km av lysløypa på Voss Skistadion åpna med kunstsnø,
så då kunne ein testa form og ski der. Dette gjorde vi, mens ein venta på betre vær over Hardangervidda. Hardt føre og
gode forhold på felleski. Gjekk fortsatt på antibiotika etter forkjølelse, så
tok et par rolige runder og resten i ein oppvarma bil. Ca kl 17:00 blei også
vegen over Hardangervidda åpna, så litt flaks også, og vi kom oss av gårde mot
Haugastøl. Først ein tur på Kiwi og
handla nødvendig mat. I begynnelsen var det nullføre, vind og snøslaps på Riksvei 7,
men når vi starta på oppstigning frå Eidfjord, blei det litt klarvær og
kaldere. Når vi kom opp til Maurset var det fine forhold og vi slapp
kolonnekjøring. Men vinden auka på når vi nærma oss Haugastøl, så på siste
delen var det litt vind, -10 grade og snøfokk i vegen. Men overfarten gjekk
utan problem, og vi var ved hytt før klokken ni på kvelden, og rakk første
handballkampen i VM, Norge – Tunisia og ein god pizza i ovnen.

På lørdagen var det tidlig opp, god frukost og
klargjering av ski til rennet på Geilo : Johan som deltaker og meg som
tilskuer. På morgonen var det lett overskya og lite vind, så bra forhold. Vi
kjørte tidleg ned til Geilo, for å prøva løypa og teste ski. Eg hadde
eit par runder i løypa på mine felleski, og dei fungerte bra. Johan valgte også å bruke felleski på rennet. Rennet hadde fellesstart
kl 13:00 og 45 deltakere. Etter rennet blei det tilbake på hytta til nykokt
risengrynsgraut, spekeskinke, kanel, sukker og masse rosiner. Ellers gjekk
resten av kveld med til å gå gjennom opptak av dagens sport på TV – og som avslutning
var det middag, med kylling-filet og ris.

Ustedalsfjorden Rundt er eit klassisk skirenn
på 22 km, og som det ligg i navnet, er at løypa går rundt Ustedalsfjorden på Geilo. Denne
løypa er for det meste flat men noko lett kupert terreng i enden av vatnet. Start og mål ved
Geilo Skistadion. Men i år var det for lite snø i området, til å bruke denne
løypa. Alternativ blei fem rundar i lysløypa, på ei blanding av kunst og
natursnø. Dette er ei krevjande løype, med ein del motbakker og lite kvile. Lett
bris og minus 8 grader ved starten. Johan gjorde eit svært bra renn, med tida
1:17:45.

På søndagen var det
meldt kraftig vind igjen, klokken ringte 06:30 – og etter frukost var det ned
på Geilo Stadion for ei ny økt på ski. Her var det mindre vind og god løype,
med nykjørte spor. Blei ei god treningsøkt på klassiske ski. Igjen var det
Atomic Skintec som blei brukt, godt feste og god gli. Etter trening var det
tilbake til Haugastøl. Det var kjørt ei lita løype frå Haugastøl og opp mot
Hallingskarvet. Johan ville prøva den, før han gav seg for dagen. Eg brukte
tida mens det var lyst til å ta nokre bilde. Vinden auka på utover kvelden, og
det blei kolonnekøyring over Hardagervidda. Vi skulle ha hytta på måndagen
også, så vi engsta oss ikkje over vêrforholda. Men på mandags morgon, var vidda
stengt for småbiler. Dei fleste fjelloverganger var stengt, kunn Filefjell var open. Vi tenkte å starta dagen med skigåing
på Geilo og sjå korleis det utvikla seg. Flott morgonrøde med flammande raud
himmel om morgonen på veg til Geilo. Fine forhold på stadion, men vind og
kaldt. Det blei tre rundar i lysløypa før eg gav meg. Vegen Hol – Aurland blei åpna på ettermiddagen for kolonnekjøring, så det
blei vårt alternativ for tilbaketur. Kanskje blei det også tid til ein ekstra
skitur på Voss ? Det hadde komt mange centimeter med snø der også sidan sist. Vi kom oss
opp til Hol og bommen, der vi var første bil. Måtte vente eit par timar
på brøytebil.
Kollonekjøringa gjekk greitt og vi kom oss trygt ned til Aurland.
Her var det lit t kaffi, niste og få varme i kroppen etter kald biltur over
fjellet.

Masse nysnø på Voss
og alle løyper var kjørt opp. Vi kom oss så vidt opp til Herregårdsskogen, på
nysnø og ubrøyta veg. På med felleski og lykt – og av gårde innover i skogen.
Måneskinn og klarvær, flotte løype innover i furuskogen. Det blei mange
kilometer, før vi kom oss i bilen og overnatta på Johan sin hytte på
Kvamskogen.

Igjen ein flott og variert treningstur
– med mange fine skiturar, trass vind og lite snø på Geilo.



Haugastøl og Geilo

Ski og trening Posted on 29 Nov, 2018 15:15:20

Tur til Haugastøl 1000moh

Det var “Black Friday” og planlegging av innkjøp til vår helgatur til Haugastøl. Mange gode tilbud på helgesnop, men akk så vanskeleg å komme til. Men litt snop og anna god mat blei pakka i bilen til slutt. Nypreparerte “skøyte-ski” og rensa felleski var komt i skiboksen. Det var meldt om kaldt og fint vær, så gode varme treningskle i skiløypene var nødvendig.

Sjølv om vi skreiv 23. november, så var det ingen snø i høgfjellet. Slik var det over det meste i Sør-Norge. Men på Geilo stadion hadde dei klart å produsere nok kunstsnø og hadde opna ei 2,5 km løype. Med kaldt og fint værvarsel for helga, kunne dette bli eit fint opphold og ikkje minst, god skitrening. Hytta som skulle brukast, låg på Haugastøl, så litt kjøring fram og tilbake til Geilo Stadion måtte beregnast.

Mitt håp var og få testa Kia Soul el-bil på langtur i vinterslege forhold. Klarte nok ikkje å overbevise Johan denne gongen heller, så el-Kia blei parkert og tatt farvell med. Etter arbeidstid på Fredag 23.11, starta turen frå Os, via Voss og over Hardanger-vidda. Lite trrafikk, tørre fine vegar og ein lys vinterkveld. Lite stopp i Eidfjord, måtte ha ein Pizza og to øl til kveldsmat. Var på plass i hytta før kl 21:00, og blei møtt av klar stjernehimmel og ein flott fullmåne so mspeila seg i Sløddfjorden ved Haugastøl, 1000 moh, nesten som ein kunne nå opp og ta på månen. -13 grader viste måler, så det gjekk fort å laste av bilen og komme seg in ni hytta å fyre opp i ved-ovnen. Godt isolert hytte, så varmen kom fort. TV’en og diverse tekniske “bokser” og “routere” blei koplet opp. og Karsparov og Carlsen hadde spilt seg til remis i sjakk-VM.

Geilo Skistadion

Lødags morgon, -15 grader – kald, blå morgon og røe i øst. Tidleg oppe, god frukost og klar for bilturen ned ti Geilo Stadion. Her nede var det trangt om parkeringsplass og løyper. Valget blei “skøyte ski”, og det fungerte fint i denne kulden og på kunstsnø- God gli, brukbart fraspark og hardt fint underlag. Løpa var på 2,5 km, så i starten var det trangt om plassen og litt køgåing, men det løste seg litt opp utover morgonen. Det blei også opna ei ekstra sløyfe som gjekk opp til det høgste punkte på løypa, med ei bratt nedkjøring. Ei bra økt og 18 km på kunstsnø, uten fall. Ca, 11:00 kom sola så vidt ned i enkelte deler av løpa, men kulden var der fortsatt. Tørre klede og varme i bilen hjalp.

På søndag, var det litt meir skyer/skodde i starten av dagen, men det var fortsatt fine forhold i løpene. Litt stiv i musklatur etter gårsdagen. No var ein trasse på 4 km nypreparert løye klar. Ei flott rundløype, bra stigning og fine motbakker. Same gli og forhold, så det blei skøyting idag også. I raskt og fint føre, blei det 22 km med “skøyting” Så var det tilbake p åhytta og skrubba rein panne, med svidd graut-bunn. Men det var også mykje sport på TV – så brått var kvelden slutt.

Mandagen hadde vi også satt avtil ski og no hadde vi Geilo Stadion og løypa nesten for oss skjølv. Det var gode forhold, kanskje litt trått i -17 grade, den første runden, men det kom seg.

Så var det tilbake til Haugastøl og pakke i sekken, vaske ut og komme seg i bilen. Blei ein flott tur over Hardagervidda den ettermidagen. Og der traff vi også på “Mikkel rev” som var ute å samla seg mat.



Valdresflya

Ski og trening Posted on 07 Nov, 2018 09:57:00

Tida går fort, 1. november 2018 var det på nytt åpning av ny ski-sesong og preparert skiløype på Beitostølen skistadion. Beitostølen skistadion lokka med eit bra dekke av nysnø og bruk av lagra snø frå sist sesong. Snøen frå sist sesong blir lagra under eit flislag og var no lagt ut som basis i løypa. Hytta, midt oppe på Valdresflya sto klar og Johan og meg gleda oss til turen og til å testa ski og ikke minst status på forma.


Det hadde seg også slik at Valdresflya blei avslutning på sist ski-sesong. Då hadde Beitostølen langrenn, kjørt opp løype midt oppe på Valdresflya. Månadsskifte April /Mai – hadde vi ei flott sesongavslutning på perfekte skiløype midt oppe på Valdresflya.
Bilen blei pakka og klargjort på ettermiddagen, torsdag 1. November.

Vi hadde et mellomstopp og overnatting på ei hytte oppe på Filefjell og turen gjekk videre tidlig på fredags morgon, mot Beitostølen. Temperatur låg på rundt null grade, litt tåke på vegen over fjellet med snøslaps og glatt veg. Tok litt tid, men Beitostølen låg dekka med snø og vi kom oss ned på stadion før klokken 12. Heilt nypreparerte løype og lite folk i sporet. Valget blei klassisk og felleski. Mine er Atomic og Johan brukte Rossignol. Temperatur rundt null grade – og litt trått. Men god følelse og fellene var perfekte i motbakkene, ingen glipp og bra feste. Heile løypa blei for min del kjørt i fire runder og 20 km. Kanskje den beste følelsen eg har hatt i denne tunge traseen.


Etter skifte av vått treningstøy og besøk hos Beitostølen Sport – gjekk turen opp vegen over fjellet og Valdresflya. Fortsatt litt dagslys, når vi kom opp til hytta. Her var det ca 30 cm snø, og vi måtte spa ein parkering til bilen langs vegen og skufle litt snø opp til hytta. Solcelle panelet gav oss lys, ny gassovn og vi hadde kjøpt 12 V usb konverter for stikkontakt. Då blei det både DAB radio og med ein Telenor router, fiksa Johan også litt tilgang til omverda. Her oppe var det minus 5 grade og det tok litt tid før varmen satte seg i veggene. Med ein enkel middag med svenske kjøttboller og poteter frå egen avling, kom også varmen. Det blei ein vakker kveld med klar stjernehimmel.
Vekkerklokken var satt på kl 06:00 lørdag morgon, den 3. November. Fekk fyr i peis og ved-ovn på kjøkkenet, litt kaldt vatn i ansiktet og klar for ein god frukost med kokte egg. Det er ca 30 km ned til Beitostølen og vi ville være tidleg ute for å sikre parkeringsplass. Denne morgonen var den minus ti grader på Valdresflya og eit par minus nede på stadion. Det gav eit skarpt føre, kanskje litt hardt /isete enkelte plasser i løypa. Valget blei klassisk og felleski. Bedre gli, men måtte ute i fiskebein på enkelte av dei brattaste motbakker. Litt tyngre bein og litt meir bruk av bein og armar i motbakker. Blei nok tyngre i dag og ikkje same fraspark i beina.


Neste dag var det meldt mykje vind på Valdresflya og vi planla og reise tilbake til Tyin og hytta på Filefjell. Scooter-løype var kjørt på Tyin, på vegen inn til Eidsbugården.
Neste morgon var det tidleg opp, og laga oss ein god frukost. I dag var det eit par pluss grader, lav tåke men lite vind. Etter ein kort kjøretur opp til Tyinstølen, der forholda såg bra ut. Valget blei også no felleski. Flott gli, fine scooter-spor innover langs vatnet. Eit perfekt valg, fin løype og lett terreng. Løypa var kjørt 10 km innover langs vatnet, mot Eidsbugarden. Vakkert morgonlys på fjelltoppane, litt lav tåke langs vatnet, svak sørleg vind i ryggen. Fredeleg og stille langs Tyin-vatnet, kun avbrutt av lyden av ryper som flakset opp langs løpa. Og det var mange av dei, kvite flotte fugler som gjekk i eit med snøen. Blei tatt litt bilde med mobilen, men rypene slapp unna kamera.


Tyin var eit godt valg på den tredje skidagen. Ei lettere løype, god gli og eit terreng der ein veksler mellom diagonal og staking. Tyin løypa blir kjørt fram til at løypene nede på Filefjell er klare. Var også litt snø nede ved Filefjell, men må nok litt meir snø og kulde til for å kunne kjøre opp løyper her.
Søndag ettermiddag var det slutt og turen gjekk tilbake til Os og Bergen, men 55 km skiløyper i beina. Ei flott tid i fjellet og god start på skisesongen.



Valdresflya

Ski og trening Posted on 04 May, 2018 13:47:25

Valdresflya og sesongens siste langhelg på ski. Skarp blå kveldshimmel og små tåkeflak møtte oss når vi kom opp på vidda. Så var det å komme i orden på hytta, fyre i ovnen og klargjera for tidleg skitur i “nypreppa” løype neste dag.
Først ein god frukost, men nykokte egg og så rett i løyene. -6 grade og vindstille. Starta med skøyteski – Tungt den første runde, men så gjekk det bedre og bedre. Så stille og sol som varmte i ryggen, ein perfekt start. Hadde også ein kveldstur i same fine forhold, gjekk like til sola blei erstatt av ein vakker fullmåne.Neste dag var same værforhold, men litt tåke på toppen tidleg om morgonen, men den forsvann fort. Mange la også ut for toppturer, her kommer du over 2000 moh, så praktfull utsikt over JotunheimenNede ved Bygdin, låg turbåten godt på land og venta på at isen skulle forsvinne.Turen avslutta 1. mai, med litt snø og vind. Men blei ein frisk skitur også den dagen, før vi satte oss i bilen og drog på veg heim. Beitostølen og Valdresflya er eit skattekammer for fine naturopplevelser.



Translate »