Blog Image

Fotoblogg

Foto

Her finner du fotografi av fuglar, natur og landskap. Skiturer, fjellturer og masse interessant om miljø, innsekt, fugle og dyreliv.

Svaner

Dyr og fugler Posted on 13 Jul, 2019 15:09:38
Svanepar med to unger
Knoppsvaner

I denne artikkelen har eg observert eit svanepar over ein periode på 5 – 6 veke. Det starta i begynnelsen av mai.Då såg eg eit svanepar ofte var nede på eit lite vatn (brakkvatn) – og det såg som dei hadde slått seg til ro der i lengre tid. Som eg tenkte, tok det ikkje lang tid før dei starta med reirbygging. Ein stor konstruksjon i vannkanten, bygd opp av siv. Dei drog opp lange siv og la dei lag for lag og bygde ei lita øy i vannkanten. Reiret låg fint, inntil høgt siv, men syntest godt. Samtidig med bygging, hadde hannen det travelt med og vokte sitt territoriet. Her var det sortering av arter. Mens grågåsa blei aggressivt jaga vekk, fekk ender lov og symja omkring reirpassen. Hegre fekk også lov og besøke området uten reaksjon fra hannen. Kanskje det også var eit gjensidig samarbeid her? For meg såg det ut som svanene har heller dårleg egenskap for å observerer andre fiender. Ja, du kan bevege deg nokså nærme – uten at du synleg bli oppdaga. Mens ender og hegre er ekstremt vare, og reagerer på den minste bevegelse. Slik kunne dei alarmere svanene, som då holdt bedre utkikk og var på vakt mot farer. Såg ofte at fleire Stokkender låg heilt inntil reiret. Om dei også hadde reir inne i sivet, var eg usikker på. Men såg ingen andunger.

Ruger på to egg
Reir med to egg

Rett etter 17. mai, la hoa egg, og blei liggende meir eller mindre konstant på reiret for og ruge. På dagtid holdt hannen seg i god avstand frå reiret. Han trakk seg ofte opp i graset og fann seg mat. Dette var før slåtten, og graset var blitt svært høgt. Du såg kunn hovudet og litt av halsen til den store fuglen, der han gjekk i graset. På kvelden trakk han tilbake til hua og reirplassen. Dette var eit mønster som varte under heile hekketida. Svanen høyrer til andefamilien og er dei største av fuglane i denne arten. Kan vege over 10 kg, Hannen er som regel litt større enn ho-fuglen. Det er to typer svaner, knoppsvane og sangsvane. Dette paret var knoppsvane og dei er mest tallrik i Sør-Norge. Hannen har større kul(knopp) på oversiden av nebbet, enn hunn-fuglen. Det er vel den mest markante forskjellen å sjå.
Usikker på alderen på desse to, såg dei var registrert 22R – men det blei tre egg i reiret. Normalt legg dei 3- 8 egg. Av og til reiste svanemor seg opp og drog meir siv rundt kanten av reiret. Også når ho låg på reiret, drog ho til seg siv og la heilt inntil kroppen. Eit par gonger såg eg at ho-fuglen var ute og fann seg mat. Då var det hannen som passa reiret og egga. Men såg ikkje at han låg på egga. Mens ho-fuglen låg konstant dag ut og dag inn. Det tar lang tid før klekking. 4 – 5 veke.

Som sagt, så hadde dei ofte besøk av ender. Same familie – så kanskje ikkje så rart at dei nesten kom heilt opp i reiret, uten reaksjon frå svana. Men kom det ei grågås, var hannen i full krig med ein gong. På vingene og jaga vekk inntrenger.

6. juni skjedde det. To nye svaner kom ut av egga. Det tredje egget såg eg ikkje noko meir til. Kanskje tatt av fugl eller rovdyr ?
Men dei to nyfødde såg ut til å vera i god form. Det tok ikkje lang tid før dei var ute og tok sine første symjetak. Dei første turane var korte. Når dei kom opp i reiret igjen, la dei seg under vingene til mora. Men så blei det lengre og lengre turar. Dei tok ibruk heile vatnet. Og no fann dei seg mat av strå langs vannkanten. Oppholdet i reiret blei kortare og kortare. Etter seks dagar forlot dei reiret og vatnet, og tok turen ut i sjøen. Har ikkje oppservert dei i vatnet etter at dei drog.

Ei mor med sine to svanunger på reirplassen



Herdla Naturreservat

Dyr og fugler Posted on 08 Mar, 2019 14:01:57

Tur til Herdla
Naturreservat

Helt nord på Askøy,
ligger Herdla, en flat og grønn øy som er svært ulik resten av området. I dette
området ligger Naturreservatet med våtmark, strender og vadeområde. Dette
området er på 3,1 kvadratkilometer og blei freda i 1985. Fra Bergen sentrum, er
det fire mil ut til parkeringen. Det er en smal envegskjørt bru ut til øya og parkeringen
ligger enden av vegen. No er du i begynnelsen av reservatet. Turen starta kl
06:00 om morgonen den 8. mars – fra Bergen. Kamera,
gode kled og termos var med. Sur, kald nordavind møtte deg når ein steig ut av
bilen. På med varme hansker , hue og god dynjakke. Dagen begynte å lysne og blå himmel med raskt
værskifte i kraftig nordlig bris. Stien tok deg ned langs sjøkanten og her var
det alt mange fuglearter langs strendene. En liten flokk stare – letta og drog
innover øya til litt lunere skogsområde. Måsen var og fann seg mat i
vadeområdene. Her var også ein flokk på 3-4 hegre som flaug opp, like vare som
alltid. Innerst i bukta var det ender, vanlig stokkand og ærfugl. Så var det noko svart og kvitt med sin raude lange nebb, som dukka
opp i fjæra, mellom tang og tare. Ein flokk på seks Kjeld, opptatt med sitt
frukostord. Kom nærmt innpå, og fekk fleire fine bilder. Så kom kongen sjølv
seilende over tretoppene. En
havørn hadde seg en runde, for kanskje å finne en godbit og eit lett bytte. Den seilte
elegante med den kraftige vinden og rødntgenfotograferte område med sitt skarpe syn. Så kom
også to viper flygene innover og landet midt på våtmarken. Med sin fine topp,
spankulerte dei rundt i det grønne graset.

Herdla har også to fugletårn plassert på
vestsida av reservatet. Stien er lagt
slik, at du kommer nær sjøkanten og vadeområde på austsida av område. Du kommer nært innpå fuglene og de har ofte
sine egne område , der du lett kan finne dei arter du leter etter. Også ået
flint naturområde og fotografere i. Lyset ut mot havet, grønn skog og store
flate grønne marker. Ut fjorden er det også stor trafikk av små og
store båter.



Fossekall

Dyr og fugler Posted on 25 Feb, 2019 07:52:31

Fossekallen (Cinclus cinclus)
Fuglen som blei valgt til norges nasjonalfugl i 1963. I størrelse ligner den på en stær. Den er kompakt bygd, med kort stjert. Brunsvart drakt med stor hvit hakelapp. Føden er vanninsekter og tilhøyrande larver, mark og små krepsdyr.
Både hann fugl og hunn fugl er like, men hunn fuglen er litt mindre. Dei bygger reir like i nærleiken av fosser og vassområde. Overbygde reir, helst i fjellsprekker, fjellhyller og nær bråket av fossen. Lyden av fossen vil overdøyve ungenes rop etter mat. Om vinteren, når vassdrag og fosser fryser til, drar den nærmere lavlandet og kysten. Denne fuglen som er tatt bilde av her, er i ein liten bekk og heilt nærmt sjøen. Vatnet var islagt, men den ca 20 meter lange bekken, ned til sjøen var åpen. Den hadde det travelt med å dykke etter mat, heilt opp til iskanten i brakkvatn. Det såg ut som det var fiskeyngel eller sildeyngel han hadde til middag.


Eg kom heilt innpå fuglen, uten å bli oppdaga. Kanskje 5 meter og bevega meg ned i terrenget på same nivå som fuglen. Det var interessant å følge med på fuglen, når ein var så nær. Dykking, hente opp yngel, spise, dykke, forflytte seg og opp på elvebredden og riste av seg vatn.

Der sto den lenge rolig og kvilte seg, før det blei ei ny arbeidsøkt.


Fossekallen ein vinterdag på Vestlandet.



Translate »