Abisko Naturreservat

Abisko Naturreservat

Med våren kjem også flyttfuglane tilbake her nord, både i lavlandet
og i fjellet. Også nokre av artene som overvintrar endrar utsjånad om våren. Dyr og fuglar som brukar kamuflasje, startar smått og endre på sine farger. Tilpassing til vår og sommerens fauna i naturen.

Mandarin and

Dette er ei fin tid og observere naturen og dyrelivets tilpassing til årstida. Nokon skal føde, andre skal finne make, gamle reirplassar skal renoverast og bli klare til ein kort og hektisk hekkesesong i fjellet. Med varmen kjem også ein variasjon av fuglesong innover i skogen. Oftast fra den øvste tretopp spilles det av full hals. For og oppleva dette i høgfjellet og i villmark, har eg tatt ein lenge ønska tur opp til Abisko i Sverige og Norrland. Så no har denne turen blitt ein realitet.

Abisko

Abisko har eit gammalt naturreservat, som blei oppretta allereie i starten av 1900 talet av Hjalmar Lundbohm, som grunnla Kiruna by. Han var også pådrivar bak bygging av jernbanen til Narvik. Hjalmar Lundbohm blei så glad i dette området sør for Abisko. Det var han som gjorde det om til eit Naturreservat. Her er også starten på «kongslede», som også fører opp til Sverige høgaste fjell, Kebnekaise på 2106 meter.

Elva Abiskojåkka og innsjøen Tårneträsk

Elven «Abiskojåkka» renner gjennom denne dalen og ender ut i innsjøen Tårneträsk. Tårneträsk er Skandinaviske største fjellinnsjø, i tillegg er den svært djup. Før elva når innsjøen, går den også gjennom ein stor «Canyon» i Abisko og munnar ut i et stort sanddelta, rik på fugleliv og hekking om sommaren. Det at dette område har vært freda så lenge, har ein også behaldt eit mangfald av dyre og fugleliv. Svenske myndigheiter har også forvalta området svært godt og dermed klart å ta vare på viktige arter og urørt natur.

Den Svenske Turistforeininga har ein stor turiststasjon, ein Vandreheim og ein teltplass i Abisko. Turiststasjonen har heilårsdrift, men stengt ca ein månad i mai, til midten av juni. Då byrjar sommar og haust-sesong.

Reiserute til Abisko

Min reisemåte til området var med tog frå Bergen – Oslo – Trondheim – Fauske og så buss videre til Narvik. Ein busstur, som eg på det sterkaste kan anbefale. Rundt kvar sving opna eit nytt landsskap seg opp. Fjell, sjø, kvite strender, fjordar og snøkvite fjelltoppar. Stetinden låg der med eit lett skydekke over toppen og kvite snørenner langs fjellsida. På avstand såg snørennene ut som ein legesignatur.. . Overnatta i Narvik, for så og ta
Ofotbanen vidare til Abisko.

Narvik

Ein kveld i Narvik, var nok til å få tatt ein liten tur opp i Narvik fjellet . Låg mykje gamal snø igjen – og tungt og gå. Kom seg over tregrensa og tok nokre panoramabildar over byen og Lofotveggen. Neste morgon i strålande sol, fortsette turen til togstasjonen og god frukost i ein flott og nyoppussa» jernbanekaffe».

Ofotbanen

Ofotbanen i strålande sol, får kamera til å gløda gjennom togvindauga. Banen tar deg opp i fjellet, svevande på ei hylle høgt over dalen.
Etterkvart er du oppe i dei kvite vidder med høge fjelltoppar. I mai er
skisenteret på Riksgrensen eit populært reisemål. Både for alpint og topp-turar.
Det var også eit svensk par som gjekk av på stasjonen Katnak og drog på
helgetur videre innover i fjellet til ei norsk turisthytte og så neste dag ned til
Narvik. Etter Riksgrensa og eit skieldorado, tar toget oss vidare nedover mot
dalen langs Tårneträsk og mellom majestetiske fjelltoppar på alle sider.

Det var praktisk å komme fram til Abisko tidleg på dagen.
Sola varma, teltplass og oppsetting av teltet sto for tur. No var det meste av
snøen borte, men problemet var å finne ein plass som var tørr og utan vatn frå telesmelting. Etter at teltet var på plass, var det også tid til å ta ein spasertur i område og bli betre kjent med forskjellige turalternativ. Høge gummistøvlar, var det mest praktiske fottøyet om ein skulle ha tørre bein. Om morgonen var snøen hard, etter eit par minusgrader på natta. Men utpå ettermiddagen hadde sola gjort snøen til ein mjuk og bløtt underlag.

På fottur i Abisko Canyon

Den første turen var stien nedover langs den mektige canyon og det første ein oppdagar er eit par mandarin ender nede i ein rolegare vann kulp i ei
elles så kraftig vårelv. Dei svømmer rundt etter næring i straumen. Dette er
sikkert eit par, som har reirplass i nærleiken. Canyon er djup, og det lar seg
ikkje koma lenger ned for fotografering. På ein liten ås topp, var det også
satt opp eit lite fugletårn, med utsikt ned mot elvedeltaet. Her hadde isen
opna seg og eit råk gjekk fleire hundre meter utover. Der sat skarven og måsen side om side på isen. Etter 1. mai er desse hekkeområda sperra for å gå inn i.

Dag 2, Abisko

kikker spent ut av teltåpninge. Kald frisk vårlukt og skyfri himmel. Fotobagg var klar med vidvinkel og telelinser. Planen var og gå innover dalen i «Kongsleden» Med det same ein kom inn i bjørkeskogen var det store flokkar av bergfink og gråsporv.
Tette skog kombinert med tette smågreine, gjorde fokusering vanskeleg. Prøvde manuell fokus, men vanskeleg og få gode bilde på aktive smågugler.

Fossekall

Men litt lenger oppe i elva sat fossekallen på ein stein , midt i elva. Såg den på lang avstand. Den såg ut som ein liten rund stein, på toppen av ein stor stein i elva. Forstod fort at det måtte vera ein fugl. Jobba meg sakte innpå og fekk god tid til å fanga han på 150-600mm linsa. La meg ned på elvebredda og kom i nivå med fuglen. Den dykka og svømte og viste sine eminente ferdighetar i den kraftige vann-straumen. Etter dette gjekk turen lenger innover i dalen og den åpna seg meir opp, med høge snøkvite fjell i bakgrunnen. Perfekt lys og motiv for landsskapsfoto – med elva og høge fjell som bakgrunn. Tung oppakning og tung snø, tæra på kreftene og måtte tenkja på returen. Det blei sein kveld, kunne ikkje gå til sengs før alle foto var overført til PC og studert dagens resultat nærmare. Fellesrommet på Vandreheimen var ein perfekt arbeidsplass, med panorama utsikt over dalen og sjøen. Dessutan er natta snart like lys som
dagen.

Dag 3 – Tårneträsk

Planen var og komme seg ut i 06-07 tida. Med minus grade ut og kalde klede, var det behageleg å halde seg nede i den varme soveposen ei stund til. Planen denne dagen var og utforske elvebredda ved Tårneträsk. Her var alt komt ein del fugl i strandområde. Denne dagen starta også perfekt, med fint kaldt vær, blå himmel og sol. Nede ved iskanten var det stille og roleg. Ein flokk med ender, nokre lom og måse sat stille i små grupper langs den kvite iskanten. Mens andre tok små rolege symjeturar. Tydeleg at varmen og sola hadde sin behagelege verknad.
Men brått kom måsen på vengene med ilter skrik. Når eg ser opp sirklar ei stor ørn over flokken – og ser etter bytte. Men to aggressive måsar er på og jager den ut av område. Like etterpå kommer det ein flott fjellvak roleg over strandsona. Men den vekker ingen fare hos dei andre. Det er kun mitt kamera som
gjer lyd fra seg.

Setter meg ned for ein matpause og nyte stilla og lyden frå isen som knaka. Brått oppdaga eg eit reinkadaver som ligg nede på stranda. Det har nesten same farge som rullesteinane som dekker stranda. Halve skrotten er ete opp. Kanskje har den blitt tatt av elva lenger oppe, og drukna i den stride straumen.

Aurora Sky Lift

På ettermiddagen blei det ein ny liten fjelltur opp langs skiheisen og «Aurora Sky Lift» bygget, som ligg oppe på toppen av fjellet. Heis og Aurora sesongen var over og stasjonen stengt, så til fots i djup snø var alternativet. For no hadde varmen fått godt tak i fjellsida og snøen trakka du gjennom til lang på kne. Men ein kom seg opp til tregrensa og fekk tatt nokre fine panorama bilde over dalen. Her blei det også ein lang video opptak med flott fuglesong.

Dag 3 Kungsläden

På søndagen kom det eit værskifte, no blei det mildare og kraftig vind. Utsjånad på Tårneträsk-isen endra seg merkbar. Isen endra seg frå kvit lysande flate, til ei gråsvart masse med mange fargenyansar. Ein flott dag for foto, og på med regntøy og ned til isen. Eit par linerler trippet rundt på isen, et nokså uvanleg syn. I dag var måse og ender borte. No blei det fotografering blant rullesteinar, gråsvart is og lave mørke skyer. Perfekt dag for å fotografere svart/kvit. Etter fleire timar på stranda, gjekk turen opp langs elva. Varmen hadde tilført mykje smeltevatn og elva var strid. Hadde med stativ for å knipse med låg lukkertid. Kvelden gjekk fort og vinden auka på. No blei eg redd for teltet, så eg kom meg tilbake til teltplassen. Ein lettelse og sjå at teltet hadde tålt kraftige vinkast. Men lyden og bevegelsen av telte blei kraftig forsterka, når eg sat inne i teltet. På kvelden kom vinkastene opp i 19 m/s og eg sovna!

Dag 5 Tur langs kungsläden

Overskya, men mildt og lite vind. Enkelte solglytt var det også. I dag ville eg ta turen innover skogen, mot Lapporten. Det mest kjente landemerke i området. Min gode teltnabo ville vise meg veien i starte, slik at eg kom inn på rett sti. Dette skulle også være et godt område for elgen. Vi såg masse elgeskit i område. Elgen hadde også holdt til i teltområde, tidligare i vår.

Men dagen starta også med ein spesiell opplevelse. Rundt på
teltplassen sprang det masse mus og fleire ugler holdt til i området og brukte det som matfat. Brått høyrte e geit sus, rett over meg og ei ugle hadde fanga ei mus på vegen og sikta mot det nærmaste tre for og innta frukost. Der sat den og åt, i tillegg bli foreviga på ein minnebrikke. Dette var absolutt ein perfekt start på dagen.

Lapporten

Turen innover i skogen starta fint. Her var det også ein god del småfugl. Etter ei stund fann eg meg ein kolle, der eg slo meg ned og venta på storelgen. Ventetida blei lang og sikta blei dårlegare innover i skogen. Etter eit par timar returnerte eg tilbake til Vandreheimen.

Dag 6 Lang fottur i rotten snø.

Denne dagen blei ein spesiell fototur innover Kungsleden. Kvelden før traff eg og min teltnabo to jenter frå Honk Kong- Dei hadde tenkt seg ein dagstur til Narvik, men blei så enige om å ta ein fototur saman innover Kungsleden til to spesielle meditasjons-plasser ved elva. Dette var gamle Samiske gudeplass. Jentene hadde interesse for foto, og hadde blikk for gode motiv. Både med mobil, mange selffi og avansert bruk av iPhone og Nikon D7100.
Med alle fotostopp, så blei turen på heile ni timer. Den siste meditasjons-plassen låg mellom to fossar. Det tok lang tid å komme til den , men
for et syn.

Dag 7 – Lapporten

Så var det tid for pakking av telt og ta farvel med Abisko. Litt trist, dette område har så mykje å by på, skulle gjerne ha stoppa lenger. Må nok planlegge en ny tur på ein ny vår. Tok toget vidare til Kiruna ved middagstid, for så og ta nattoget nedover til Uppsala og Enköping som var mitt neste stopp.

Dag 8 Enköping

Enkjöping, den ligg sentralt og med god kommunikasjon til Uppsala, Stockholm og Vesteräs. Og ikkje minst, kunn nokre minuttar med bus frå Hjälstaviken. Eit av Sveriges beste fuglereservat. Stort våtmarksområde i Mäleren ,med høgt siv som gjøymeplass for fugler. Innerst ligg eit vatn og i front ein kanal som går ut i Mäleren. Om ikkje det er nok, så ligg Ekolsund Slott i bakgrunnen, med ein flott beplanta park, som absolutt også er verd eit besøk . Hadde bestilt eit Airbnb sentralt i sentrum av Enköping. No var det sol og 20 grader, ein dramatisk overgang frå Norrland. I baggen var det tjukke genser og vinterklede. Enköping er kjent for sine mange og vakre parker. No var dei i full bløming med tulipanar og staudar.
I tillegg alle prydtre og frukttre i sin finaste blomsterprakt.

Dag 9 Hjälstaviken

Ei god natts søvn, etter lang togtur gjorde godt. Tidleg opp og på første buss (803) til Hjälstaviken. Det første som møtte meg var ein flokk med kannada-gjæss på veg ned til vatnet med sine nyfødde ungar. Små gulbrune nøste som sprang etter sine foreldre – på ein farefull veg over ei stor eng. Når dei nådde det høge sivet, kunne dei føle seg tryggare. Store flokker med stare holdt til i eine delen av parken. Ned og henta mat, så tilbake til reir i skogen. Her snakker vi om ein skog som består av gamle flotte eiketre. Lenger inne var det satt opp ein gangveg over sivet og eit fint kikketårn ut mot vatnet. Her var det masse rød og svartnebb terne. Det var tydeleg mykje mat i vatnet, både sild og fisk. Skrikmåse,
grågås og ender delte dette område med terne.

Fugleliv i Hjälstavika, Uppsala Län

Men høgt oppe sigla ein stor hauk, på jakt etter sitt bytte.
Det skulle bli ein stor fisk. Det var stort og kunna følgja fuglen under
jakta. Korleis den stupte ned og klørna hadde eit fast grep om ein stor fisk.
Det var nok tyngre å komme opp i lufta igjen. Men turen fortsatte videre over tretoppene.

På turen rundt vatnet var det mykje fuglesong i skogkanten.
Her traff eg igjen Kanada gåsa med to små unger. Paret passa godt på sine to små, men kom meg nær innpå og fekk eit par gode bilde.

Heile område hadde også ein rik blomsterflora, men mange forskjellige eng blomar.

Som siste store oppdagelse var ein stor flokk av traner. Dei var samla i ein rolig del av vatnet og i god avstand frå fuglekikkere. Men med god telelinse og kikkert, var det ein stor oppleving og sjå desse store fuglane. Denne turen tok heile dagen, i sterk sol og faktisk mange myggstikk. Mykje insekt, såg ut som alt hadde vakna til liv desse varme mai-dagen. I tillegg var det 17. mai, skulle vel hatt den norske flagget med meg også. Men kan ikkje huske på
alt.

Dag 10 Måtte også
ha meg ein heil dag i byen. Valget blei Uppsala, som eg liker svært godt. Stor
elv som renn gjennom sentrum. Gamal historie, domkyrkje og slott. Men ikkje
minst Linne museum midt i sentrum. Der er det også ein stor urtehage. Dessute
var dette den årlege Linne festivalen, for å minnes hans fødselsdag. Mange var
kledd i 1700 tals klede. Boer og sal av blomster relaterte produkt. I tillegg
til masse makro fotografering av blomster blei det også et anna oppdrag nede i parken. Forespørsel om portrettfoto av ei ung dame . Det sa eg gjerne ja til, fint å få trening innen dette feltet. Med flott tulipanhage og stauder som bakgrunn, blei det ein jobb på minst 1 ½ time.

Dag 11 Uppsala

Roleg dag, med ein tur til Bålsta for og besøka kjente. Så var det igjen og pakke ned utstyr – toget til Stockholm gjekk 07:30 neste morgon.

Dag 12 Stockholm

Ein flott dag, som begynnte med ein god kopp kaffe og frukost på Wayne`s – nær Segers torg. Etterpå ein spasertur gjennom Gamla Staden og over bruer – til eg nådde Fotografiska. Atter ein fin opplevelse der.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *