Geilo og Hallingskarvet

Skitur til Haugastøl – 14-16 februar 2019

Brukbare værmeldinger for helga og stor glede for å komme seg opp på høgfjellet. Turen gjekk til ei hytte på Haugastøl, 1000 moh. Planen var å reise fra Kvamskogen etter lunsj på fredagen. Kjørte el-bil, så den måtte lades full på NAF’en. Den dagen skein sola opp og det blei ein av dei finaste vinterdagene på Kvamskogen, så vi bestemte oss fort, at her på vi ta skina fram og nyte dagen før turen gjekk østover. Koblet litt strøm på bilen, fann fram felleski og drog opp i Steinskvanndalen. Nykjørt løype, fine spor, god glid, sol og vindstille. Turen gjekk innover i Øvre Steinskvanndalen, tilbak og rundløypa. 2 mil blei det før vi var tilbake til bilden, som no var fullada. Litt mat og nytrekt kaffi på NAF før vi kjørte videre mot Norheimsund og Hardagerbrua.

Hardanger

Skodda la seg tjukt nede langs fjorden, hele vegen innover. Men når vi kom over Hardangerbrua, låg skodda under oss. Fjorden var speilblank innover mot Eidfjord, med små skoddedotter langs sjøen. Ny påfull av strøm i Eidfjord og innkjøp av mat til helga. Sjølvsagt ein Grandiosa pizza til kvelds. Var meldt litt vind over vidda, men forholda var veldig bra – og ca kl 19 – var vi på hytta.

Haugastøl

Då var væromslaget komt, mildt og litt sludd / regn. Men morgondagen såg bedre ut, men litt vind i fjellet skulle det bli. Tid til litt sport blei det også, litt skiskyting fra Salt Lake City i USA, der Geilo fekk sin første verdenscup gull av Vesle Sjåstad Christiansen i skiskyting.
Lørdag morgon, var det som vanlig opp kl 06:15 – og planlegging av dagen, med ein god frukost. Ute var det mildt og litt sur vind. Ein sjekk på www.skisporet.no, og Budalen blei valgt ut som løype for dagen, den var også med ferske spor. I desse forholda, blei det klassisk og felleski.

Skiløypa i Budalen

Fra parkeringsplassen i Havsdalen, gjekk skituren innover mot Budalen. I et par pluss-grader, var det fin gli og fellene holdt bra i motbakker.
Første runden blei Budalen. Men kraftig vind oppover dalen, gjorde framdriften tungt. Lite snø og harde, avblåste løype, gjorde dette til ein prøvelse. Men tilbaketuren med vinden i ryggen, gav nesten gratis skyss nedover dalen, med god fart. For å prøve og lure oss unna vinden, så tok vi runden rundt Liabrotet. Det var lurt, denne løypa låg i le for vinden. Flott løype og fine forhold. Mildvær og litt sol, gjorde at snøen blei litt «slush» enkelte plasser. Det blei ein fin lang tur – på ca 25 km, før vi drog tilbake til hytta til ein god tallerken risengrynsgraut, rosiner og spekeskinke. så var det litt sport på TV – Når klokka nærm seg 19:00 – tok vi turen tilbake til Geilo stadion.

Ustedalsfjorden rundt

Planen var Ustedalsfjorden rundt, og vi starta optimistisk, med hodelykt og skarpt føre. No var det tid for skøyting. Det var så hardt at skina skrensa for kvart fraspark. Men vi måtte snu og vende tilbake til stadion, det varme været hadde lagt igjen ein dam av smeltevatn i undergangene. Så prøvde vi å gå motsatt veg, men her måtte vi også passere underganger, som var blitt til innsjø. Turen gjekk tilbake til stadion og nokre runder og litt trening uten staver.

Hardangervidda

Søndag var det tilbaketur – men før det blei det ein fin tur frå Ustaoset og opp mot Hallingskarvet og Prestholtseter. Litt vind og skodde når vi kom opp under Hallingskarvet. På denne turen blei det tid til litt fotografering også. Her blei det også valgt klassisk og felleski. Tempertur låg også rundt null grade på denne turen også. Utenfor løypene var det gras og busker som kom opp, veldig lite snø i område. Så var det tilbake til hytta, utvask og pakking – før elbilen drog tilbake over vidda. Stort kiting arrangement på Hardangervidd, må ha vært opp i 100 kitere, så et fargerikt syn på vidda.