Skeikampen

Ny skisesong 2019 /2020

Kalenderen viser midten av november og fortsatt snøfritt her i Hordaland. Rett nok, så har temperaturen vært under 0-streken. Men når nedbøren uteblir, så kjem det ingen snø heller. Her vest har det vært eit strålande haustvær. Klart og kaldt, sol og opphald. Og ikkje minst, vindstille. Sjøen har vært som ein spegel, dag etter dag. Men no var det på tide og testa ski og kondisjon. Har treninga i haust hjelpt?

Skitur til Skeikampen

Skeikampen er et vintersportsstad ved bygda Skei i Gausdal kommune i Oppland. Er også eit gamalt alpinsenter. I Sesongen har dei eit langrenns-nett på mange hundre kilometer innover i terrenget. Skisentrert ligg ved foten av fjelltoppen Skeikampen, som er på 1124 moh. Her ligg også ei lysløype på 3 km. Heile området rundt Skeikampen er kledd med tett granskog. Mange småveier snor seg innover og oppover i skogen. I ein stor sirkel rundt Skeikampen, ligg det eit tett hytteområdet. Og her bygger dei stadig vekk i nye felt. Så mange nye tomter ligg enno ute for salg.  Dei har heldigvis bevart mykje av skogen, så mange av hyttefelta her, ligg meir skjult i terrenget.

Start på ny skisesong

Vi snakkar om veke 45 – og helga 8/11-10/11. Dette blir sesongens første skitur. Det også på ein heilt ny plass, Skeikampen i Oppland. Då snakkar vi om eit område nord for Lillehammer. Her har dei no starta sesongen, med ei 3 km løype med kunstsnø. Johan har ordna med leige av hytte, som ligg tett opptil dette anlegget. No var det å ta fram skia, sjekka om ski-sålen treng behandling. Finne fram vinter og skitøy, som har vært nedpakka lenge. Planen var å reise av gårde etter arbeidstid på torsdag 7. november. Johan hadde også leigt ei hytte på Filefjell som skulle vera til overnatting som ein mellomstasjon på turen.

Filefjell

Kom fram til Filefjell i 21-tida på torsdag kvelden. Johan kjørte direkte vidare tilbake til Sogn, same kvelden. Planen var og hente meg neste dag. Om ver-forholda var bra, så skulle vi dra vidare til Skeikampen, same kveld. Då ville det bli tre dagar med skigåing i lysløypa der borte. Her på Filefjell – var det kunn eit tynt snølag, med gult haustfarga gras som stakk opp gjennom snøen. På kvelden kom full-månen fram, og lyste opp i terrenget. Gradestokken sank ned mot – 10 grade, kaldt men heilt vindstille.

Område langs «Kongeveien» over Filefjell

Tidleg opp neste morgon. Det var mørkt ute og kaldt, men fortsatt vindstille. No var det tid for ein god frukost. Ute lysna det minutt for minutt og gradestokken viste minus 10 grade. Lettskya og vindstille gav utsikt for ein flott dag for fottur i fjellet. Her ligg den historiske Kongeveien, like utanfor døra. Men dessverre har eg våkna opp med ei kraftig forkjøling. Halsen var som sandpapir og utan stemme. Dette lova ikkje bra for ei skihelg på Skeikampen.

Masse varm tea hjalp litt på både halsen og humøret. Snart var det ut på tur med kamera. Prøve å fange morgonlyse i fjellet. Snart kom morgongløden med varmt og rødt lys på dei høgaste fjelltoppane. Nokre små skodde dottar seig nedover på dei høgste toppane. Rundt hytta var det ferske spor etter «Mikkel rev». Kanskje var det også ryper lenger oppe i fjellet. Tok mitt Nikon kamera og Tamron 150 – 600 mm linse og la ut på tur.

Fototur på Filefjell

Var fint å komme ut i naturen, skarp og kald luft. Men lite vind, så dette blir ein fin turdag. La spaserturen i kjent område, der skiløypa blir kjørt om vinteren. Snart bar det oppover mot tregrensa. Eit par knall og fall blei det også. Kamera fekk seg nokre kraftige smell. Men igjen, Nikon D7000 kamera og Tamron linsa tåler det meste. Imponert over kvaliteten på dette utstyret. Blei dessverre få observasjonar av fugl. Men mange fine naturmotiv blei det. Tilbaketuren gjekk ned Jakobsstigen og «lysløypa» tilbake til hytta.

På veg til Skeikampen

I 18-tida på kvelden, henta Johan meg på hytta, og kjøreturen fortsatte vidare over Filefjell og mot Skeikampen. Det var meldtmykje snø austanfor. Håpte og komma oss over til Skeikampen før dette slo til. Vi tok av ved Fagernes og vegen opp mot flyplassen. Her gjekk ein fylkesveg over fjellet til Øvre Gausdal og Skeikampen. Ruta var på ca 10 mil, men ingen av oss hadde kjørt denne vegen før. På kartet var dette den kortaste vegen. Men den hadde svært dårleg dekke, så dette tok lang tid. Når vi nærma oss Segelstad Bru, begynte det å snø. I tillegg var det ei særdeles svingete og bratt nedkjøring.  Begge blei einige om ikkje å ta denne vegen tilbake igjen. Det andre alternativet er ned til Lillehammer og over til Dokka og Leira i Valdres.

No tok det ikkje lang tid før vi var oppe ved Skeikampen. Sjølv om vegen var ubrøytt – så kom vi oss opp til hytta. Den låg øvst i eit hyttefelt. Ei ny og topp moderne hytte. Snart var all bagasje på plass og no var det planlegging av morgondagen.

Skeikampen Lysløype

Laurdags morgon og fleire centimeter med nysnø. Med nokre minusgrader og vindstille, låg det til rette for ein fin skidag på naturleg snø. Løypa var på forhånd laga med kunstsnø, men no var det nysnø oppå og kaldt. I dag blir det klassisk og skina fekk  blå V40 smurning. Forkjølelsen hang i, så det blei kun ein spasertur i område for meg. Johan prøvde den nye løypa på klassiske ski. Frå skiheisen var det lett nedoverbakke, under hovudvegen og gjennom eit flat parti. På tilbakevegen var det tilsvarande lett stigning opp til skiheisen. Ingen kø i løypa og ei grei treningsløype både for klassisk og skøyting.

Tilbake på hytta blei det lunsj med nysteikte vaflar. Med magen full av vaflar, blei det for strevsomt å komme seg ut på dagens planlagte andre treningsøkt!

I skiløypa på Skeikampen.

Søndagen fortsatte med det same fine vinterværet. Lett snøfall, snøkledde tre, vindstille og bra kaldt. I dag trossa eg forkjølinga og la ut på sesongen første skitur. Å starta skisesongen med eit slikt perfekt føre, gjorde følelsen enno betre. Godt feste, god gli og ei fin løype for klassisk. Ein merka den kalde trekken i utforbakken. Men turen tilbake gav god varme i kroppen. 1,5 km i lett motbakke og godt feste. Dette var motiverande, sjølv med forkjøling i kroppen!

Vaflar blei også på menyen i ettermiddag. Men no klarte vi å ta den ekstra treningsøkt også. På kvelden blei det ein tur tilbake i løypa. Denne gongen blei det skøyting på Johan. For meg blei det med den eine treningsøkta. No blei det litt kveldsfotografering. Skistadion var flombelyst og snøkanonane produserte for fult. Flomljos  og lufta full av snøkorn gav mange gode og kreative motiv.

Måndagen begynte også med kaldt fint vær og lett snøfall. Sjølv om vegen var ubrøyta, kom Johan seg både ned og opp med bilen. Han hadde ei god treningsøkt i lysløypa om morgonen. Denne gongen blei det også med skøyteski og finpussing på teknikk. Utan stemme og enno kraftig forkjøla, så blei det innedag på meg. 

Vegen tilbake

No var det tid for reingjering og pakke i bilden. Tidleg på ettermiddagen starta tilbaketuren. Det snøa tett. På køyringa vestover kom vi oss ut av snøen. Det nye vegvalet sparte oss for vaskebrett og humpete vegbane. No gjekk det mykje raskare, sjølv om det vart lengre veg. Snart var vi tilbake til Fagernes og på kjente trakter. Vi hadde eit hamburgar stopp i Dale, ellers gjekk tilbaketuren i ett.

Dette var sesongens første skitur og på eit heilt nytt og ukjent område. Eg har aldri vært i Lillehammer område på ski før. Her ligg kjente skiløyper tett i tett. No var det kun lysløypa som var preparert. Men det gav oss eit godt inntrykk av det store løypenettet som låg i dette området. I sesongen blir det kjørt opp løype til Gålå. I tillegg var det laga ein heilt ny skistadion på Skeikampen, som også var kopla opp mot løypenettet. Totalt blir det mange mil med preparerte løyper. No var det tilbake i Bergen og Vestlandet,  så var det å venta på den lokale snøvinteren her i vest.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *