På skitur til Gudbrandsdalen

På skitur til Skeikampen i Gudbrandsdalen.

Skitur i Gudbrandsdalen

Lang tid i forkant, var det lagt planar for ei skihelg i Gudbrandsdalen og leige av hytte. Valet blei Skeikampen, nord for Lillehammer.  Dette var siste helga i januar at vi planla turen over fjellet frå Vestlandet til Skei og Gausdal kommune i Gudbrandsdalen.

 
Granmeis
Granmeis på Skeikampen

På veg over fjellet

Over heile Sør-Norge har det vært lite snø, både i fjell og lågland, hittil i vinter. Dei fleste ski plassar måtte ha løypene stengt, eller fylle på med kunstsnø.  Men det viste seg at Skeikampen , som ein av dei få, hadde fått nok natursnø i løypene. Snømangel viste godt på vegen over fjellet. Filefjell, Valdres; Hemsedal, Hardangervidda og Geilo, var mest utan snø. Og kom det snø, så blei det blåst vekk i fjellet, av mykje vind og uvær.

Det var ein heller lang køyretur frå  Os i Bjørnafjorden til Skeikampen, ca 43 mil. Det var dårlege meldingar i fjellet, så vi starta turen etter lunsj på torsdagen. Kl 12 satt vi oss i bilen, pakka med skiutstyr og masse varme klede. Turen gjekk over Filefjell, ein av dei få fjellovergangar som var opne. Her var det i tillegg fine køyreforhold og lite vind. Vi kom oss greitt over fjellet og til Skeikampen i ni-tida på kvelden. Der var det – 4 til -5 kuldegradar og mest vindstille. Kunne køyra bilen like fram til hytta og snart var det varme i vedomnen og pizza til kveldsmat.

På hytta

Skeikampen er eigentleg namnet på det høgste fjellet her i område. Det ligg rett bak hytta og her er den bygd eit alpinsenter opp til toppen. Skeikampen er 1124 moh. Bygda som ligg ved foten av fjellet heite Skei. Namnet kjem av ordet skeid, som betyr tevling /kappritt.  Her har det i gamal tid vært samleplass og samankomst av folk for å konkurrera om hesteriding og andre type kampar. Det var også samtid ein plass for handel og bytte av vare. 

Per Gynt vegen
Per Gynt vegen

Skei og Skeikampen

Truleg samla bøndene inn hestane sine på Skei og hadde slike stemne for over tusen år sidan. Seinare tid, blei dette område brukt til seterdrift. På begge side av dalen var det fleire sætre.

Men den siste tida er heile dette område blitt eit ski- og alpint senter, med stor hytteutbygging. Over 1500 hytter er plassert på begge sider av dalen. Nytt kjøpesenter og skistadion. Sjølve Skeikampen har nærmare 200 km med oppkøyrte skiløype i tillegg til eit alpinanlegg. I tillegg blir desse løypene knytta saman med løypenett i Gålå og Kvitfjell , og då snakkar vi om 600 km turløype. Så her skulle vera nok å velga i. 

 
Bjørk
Fjellbjørk i snølandskap

Peer Gynt vegen

Peer Gynt vegen – er ein fjellveg mellom Skeikampen og Gålå. No er ein inne i Peer Gynts rike. Årleg Peer Gynt festival i Gålå og område er. Også eit populært område for sykling, innover på fjellet her.  Om sommaren er det ein bilveg og om vinteren lagar dei skiløype over fjellet. Du kjem opp i over 1000 moh og eit vakkert fjellandskap.

Fredags morgon, kom med fine morgonlys på himmelen. Nokre – minus grade og ei skiløype som gjekk rett bak hytta. Det enklaste var å ta i bruk felleski. Dei gav godt feste og også ein god gli. Ikkje behov for å bruke tid til å smøre ski. Turen gjekk ned til alpinsenteret og lysløypa. Ute i terrenget var løypemaskinar i full jobb. Valet av løype blei ei rundløype på vestsida av dalen. Etter ei par veke utan skigåing, var det ein god følelse å komma ut i terrenget. Kjente godt ut med snø under beina og nypreparerte løype. Det blei ein tur på vel 20 km. Lett stigning i starten og løypa, som svinga seg innover i granskogen. Siste del av løypa var kupert, som ein berg og dalbane. Denne løypa gav ein god del høgdemeter og nerkøyringa til  skistadion og lysløpa, var fartsfylt. 

 

Vind i fjellet

Neste dag starta med tåke og nokså grått vær. Men det var fortsatt like vindstille og mykje same temperatur. No gjekk turen oppover fjellet og til ei hytte som heite Fagerhøy. Denne løypa gjekk på Peer Gynt vegen. Første delen var jamn stigning opp mot vel 1000 moh. Så var det innover på fjellet, men i tåkehavet, var det ikkje så mykje utsikt. Terrenget var perfekt. Lange og flate strekk innover fjellet. Vi snudde ved Fagerhøy og starta på tilbaketur. No auka vinden på, men fortsatt dårleg sikt og motvind. Så etter ein lang utforkøyring og god fart, var vi tilbake til lysløypa og stadion. Denne turen blei også på vel 20 km.

Per Gynt
Per Gynt vegen til Gålå

Filefjell

Søndag starta med blå himmel og sol. Men no var stormen på Vestlandet komt over fjellet. Kraftig vind. Og det freista ikkje med noko tur i løypene, sjølv om sola skein frå blå himmel. Løypene var blåst igjen og heller ikkje preparert. Så då var det å rydde og pakke i bilen. Planen var no å reise opp til Filefjell og ei hytte vi hadde leigt der. Var nok mykje vind der oppe også, men måndagen såg bra ut og vi trong ikkje reise tilbake før måndag ettermiddag.

Og det stemte – måndag kom med -15 grade på Kyrkjestølane på Filefjell og neste heilt vindstille. Parkerte bilen ved skisenteret og planla turen rundt vatnet. På vestsida av vatnet var løypene fine. Skarpt føre og litt isete der vinden hadde fått taket. Blei eit par knall og fall i utforkøyringane og turen byrja med ein knekt stav. Hadde heldigvis reserve i bilen. Så etter forholda blei det ein fin tur. Enkelte område på løypa var perfekt. Men på austsida av vatnet var alt blåst igjen ,så her var det ein kamp å komma seg gjennom løypa med langrennsski. Men absolutt ein fin tur og forholda betre ein forventa. 

Så var det tilbake til hytta og rydde og pakke på nytt. I kveld var det tilbake til Os og Bergen. Men sjølv med lang køyring, så fekk ein maks ut av denne turen også. Heime på Vestlandet hadde det vært storm og store nedbørsmengder. Så må ein håpe at det blir meir stabil vinter her på Vestlandet også. 

 
Granmeis
Granmeis på Skeikampen
Filefjell
Filefjell