Ustedalsfjorden Rundt

Geilo og langrennet Ustedalsfjorde Rundt

Denne turen skulle vera ein kombinasjon av å delta på skirenn og elles ta skiturar i oppkjørte løyper, med utgangspunkt frå hytta på Haugastøl. Natt til fredag og utover dagen var dei fleste fjellovergangar stengt av kraftig vind og vanskelig å kjøre fra Os til Geilo. Meldingane utover kvelden såg betre ut, så bilen blei pakka og vi kjørte mot Voss, med eit nødvendig stopp på Hjelles Bakeri på Trengereid.

Voss Skistadion

På Voss var ca 2 km av lysløypa på Voss Skistadion åpna med kunstsnø, så då kunne ein testa form og ski der. Dette gjorde vi, mens ein venta på betre vær over Hardangervidda. Hardt føre og
gode forhold på felleski. Gjekk fortsatt på antibiotika etter forkjølelse, så
tok et par rolige runder og resten i ein oppvarma bil. Ca kl 17:00 blei også
vegen over Hardangervidda åpna, så litt flaks også, og vi kom oss av gårde mot Haugastøl. Først ein tur på Kiwi og handla nødvendig mat.

Ruskevær over Hardangervidda

I begynnelsen var det nullføre, vind og snøslaps på Riksvei 7, men når vi starta på oppstigning frå Eidfjord, blei det litt klarvær og kaldere. Når vi kom opp til Maurset var det fine forhold og vi slapp kolonnekjøring. Men vinden auka på når vi nærma oss Haugastøl, så på siste delen var det litt vind, -10 grade og snøfokk i vegen. Men overfarten gjekk utan problem, og vi var ved hytt før klokken ni på kvelden, og rakk første handballkampen i VM, Norge – Tunisia og ein god pizza i ovnen.

Skirenn Ustedalsfjorden rundt

På lørdagen var det tidlig opp, god frukost og klargjering av ski til rennet på Geilo : Johan som deltaker og meg som tilskuer. På morgonen var det lett overskya og lite vind, så bra forhold. Vi kjørte tidleg ned til Geilo, for å prøva løypa og teste ski. Eg hadde eit par runder i løypa på mine felleski, og dei fungerte bra. Johan valgte også å bruke felleski på rennet. Rennet hadde fellesstart kl 13:00 og 45 deltakere. Etter rennet blei det tilbake på hytta til nykokt risengrynsgraut, spekeskinke, kanel, sukker og masse rosiner. Ellers gjekk resten av kveld med til å gå gjennom opptak av dagens sport på TV – og som avslutning var det middag, med kylling-filet og ris.

Rennet flytta til Geilo skistadion

Ustedalsfjorden Rundt er eit klassisk skirenn på 22 km, og som det ligg i navnet, er at løypa går rundt Ustedalsfjorden på Geilo. Denne løypa er for det meste flat men noko lett kupert terreng i enden av vatnet. Start og mål ved Geilo Skistadion. Men i år var det for lite snø i området, til å bruke denne løypa. Alternativ blei fem rundar i lysløypa, på ei blanding av kunst og natursnø. Dette er ei krevjande løype, med ein del motbakker og lite kvile. Lett bris og minus 8 grader ved starten. Johan gjorde eit svært bra renn, med tida 1:17:45.

Treningsøkt på Geilo Skistadion

På søndagen var det meldt kraftig vind igjen, klokken ringte 06:30 – og etter frukost var det ned på Geilo Stadion for ei ny økt på ski. Her var det mindre vind og god løype, med nykjørte spor. Blei ei god treningsøkt på klassiske ski. Igjen var det Atomic Skintec som blei brukt, godt feste og god gli. Etter trening var det tilbake til Haugastøl. Det var kjørt ei lita løype frå Haugastøl og opp mot Hallingskarvet. Johan ville prøva den, før han gav seg for dagen. Eg brukte tida mens det var lyst til å ta nokre bilde. Vinden auka på utover kvelden, og det blei kolonnekøyring over Hardagervidda. Vi skulle ha hytta på måndagen også, så vi engsta oss ikkje over vêrforholda. Men på mandags morgon, var vidda stengt for småbiler. Dei fleste fjelloverganger var stengt, kunn Filefjell var open. Vi tenkte å starta dagen med skigåing på Geilo og sjå korleis det utvikla seg. Flott morgonrøde med flammande raud himmel om morgonen på veg til Geilo. Fine forhold på stadion, men vind og kaldt.

Ruskevær – Hardangervidda stengt

Det blei tre rundar i lysløypa før eg gav meg. Vegen Hol – Aurland blei åpna på ettermiddagen for kolonnekjøring, så det blei vårt alternativ for tilbaketur. Kanskje blei det også tid til ein ekstra skitur på Voss ? Det hadde komt mange centimeter med snø der også sidan sist.

Kolonnekjøring Hol – Aurland

Vi kom oss opp til Hol og bommen, der vi var første bil. Måtte vente eit par timar på brøytebil.
Kollonekjøringa gjekk greitt og vi kom oss trygt ned til Aurland. Her var det litt kaffi, niste og få varme i kroppen  etter kald biltur over
fjellet.

Nysnø og drømmeføre på Voss

Masse nysnø på Voss og alle løyper var kjørt opp. Vi kom oss så vidt opp til Herregårdsskogen, på nysnø og ubrøyta veg. På med felleski og lykt – og av gårde innover i skogen.
Måneskinn og klarvær, flotte løype innover i furuskogen. Det blei mange
kilometer, før vi kom oss i bilen og overnatta på Johan sin hytte på
Kvamskogen.

God trening under varierte forhold

Igjen ein flott og variert treningstur
– med mange fine skiturar, trass vind og lite snø på Geilo.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *