Valdresflya

Valdresflya

Tida går fort, 1. november 2018 var det på nytt åpning av ny ski-sesong og preparert skiløype på Beitostølen skistadion. Beitostølen skistadion lokka med eit bra dekke av nysnø og bruk av lagra snø frå sist sesong. Snøen frå sist sesong blir lagra under eit flislag og var no lagt ut som basis i løypa. Hytta, midt oppe på Valdresflya sto klar og Johan og meg gleda oss til turen og til å testa ski og ikke minst status på forma.


Det hadde seg også slik at Valdresflya blei avslutning på sist ski-sesong. Då hadde Beitostølen langrenn, kjørt opp løype midt oppe på Valdresflya. Månadsskifte April /Mai – hadde vi ei flott sesongavslutning på perfekte skiløype midt oppe på Valdresflya.

Beitostølen åpning av ski-sesongen på Beitostølen ski-stadion

Bilen blei pakka og klargjort på ettermiddagen, torsdag 1. November.

Filefjell

Vi hadde et mellomstopp og overnatting på ei hytte oppe på Filefjell og turen gjekk videre tidlig på fredags morgon, mot Beitostølen. Temperatur låg på rundt null grade, litt tåke på vegen over fjellet med snøslaps og glatt veg. Tok litt tid, men Beitostølen låg dekka med snø og vi kom oss ned på stadion før klokken 12.

Åpning av Beitostølen skistadion 2018/2019

Heilt nypreparerte løype og lite folk i sporet. Valget blei klassisk og felleski. Mine er Atomic og Johan brukte Rossignol. Temperatur rundt null grade – og litt trått. Men god følelse og fellene var perfekte i motbakkene, ingen glipp og bra feste. Heile løypa blei for min del kjørt i fire runder og 20 km. Kanskje den beste følelsen eg har hatt i denne tunge traseen.


Etter skifte av vått treningstøy og besøk hos Beitostølen Sport – gjekk turen opp vegen over fjellet og Valdresflya. Fortsatt litt dagslys, når vi kom opp til hytta. Her var det ca 30 cm snø, og vi måtte spa ein parkering til bilen langs vegen og skufle litt snø opp til hytta.

Tømmerhytta på Valdresflya

Solcelle panelet gav oss lys, ny gassovn og vi hadde kjøpt 12 V usb konverter for stikkontakt. Då blei det både DAB radio og med ein Telenor router, fiksa Johan også litt tilgang til omverda. Her oppe var det minus 5 grade og det tok litt tid før varmen satte seg i veggene. Med ein enkel middag med svenske kjøttboller og poteter frå egen avling, kom også varmen. Det blei ein vakker kveld med klar stjernehimmel.
Vekkerklokken var satt på kl 06:00 lørdag morgon, den 3. November. Fekk fyr i peis og ved-ovn på kjøkkenet, litt kaldt vatn i ansiktet og klar for ein god frukost med kokte egg.

Valdresflya – Beitostølen, tur retur.

Det er ca 30 km ned til Beitostølen og vi ville være tidleg ute for å sikre parkeringsplass. Denne morgonen var den minus ti grader på Valdresflya og eit par minus nede på stadion. Det gav eit skarpt føre, kanskje litt hardt /isete enkelte plasser i løypa. Valget blei klassisk og felleski. Bedre gli, men måtte ute i fiskebein på enkelte av dei brattaste motbakker. Litt tyngre bein og litt meir bruk av bein og armar i motbakker. Blei nok tyngre i dag og ikkje same fraspark i beina.


Neste dag var det meldt mykje vind på Valdresflya og vi planla og reise tilbake til Tyin og hytta på Filefjell. Scooter-løype var kjørt på Tyin, på vegen inn til Eidsbugården.

Skitur langs Tyin vatnet

Neste morgon var det tidleg opp, og laga oss ein god frukost. I dag var det eit par pluss grader, lav tåke men lite vind. Etter ein kort kjøretur opp til Tyinstølen, der forholda såg bra ut. Valget blei også no felleski. Flott gli, fine scooter-spor innover langs vatnet. Eit perfekt valg, fin løype og lett terreng. Løypa var kjørt 10 km innover langs vatnet, mot Eidsbugarden.

Ryper i snøen

Vakkert morgonlys på fjelltoppane, litt lav tåke langs vatnet, svak sørleg vind i ryggen. Fredeleg og stille langs Tyin-vatnet, kun avbrutt av lyden av ryper som flakset opp langs løpa. Og det var mange av dei, kvite flotte fugler som gjekk i eit med snøen. Blei tatt litt bilde med mobilen, men rypene slapp unna kamera.


Tyin var eit godt valg på den tredje skidagen. Ei lettere løype, god gli og eit terreng der ein veksler mellom diagonal og staking. Tyin løypa blir kjørt fram til at løypene nede på Filefjell er klare. Var også litt snø nede ved Filefjell, men må nok litt meir snø og kulde til for å kunne kjøre opp løyper her.
Søndag ettermiddag var det slutt og turen gjekk tilbake til Os og Bergen, men 55 km skiløyper i beina. Ei flott tid i fjellet og god start på skisesongen.

One thought on “Valdresflya

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *