Kvamskogen og Mødalen

Kvamskogen – Mødalen

Sjølv om vêrmeldinga  var heller dårleg, blei det til ein 2-3 dagars telttur på Kvamskogen. Kvamskogen er eit fjellområde, 7- 8 mil aust for Bergen. Område strekker seg inn i både Samnanger kommune og Kvam herad. Kvamskogen har alltid vært eit viktig tur og utfartsområde for Bergen og kommunane rundt. Spesielt om vinteren, med 65 km preparerte skiløyper, på begge sider av riksveg 7. RV 7 er vegen  tar oss over Kvamskogen og inn Hardanger. Kvamskogen er eit eldorado, med mange høge fjelltoppar frå 400 – over 1300 moh. Kvamskogen reknast som ei av dei første hyttesentra i Norge. Her er det no ca 2000 hytter. I tillegg fleire område med campingvogner og spikartelt. Tilsaman ca 9000 hytte – og campingbrukare.

Camping

Dette område er også sommarbeite for sau og kyr, for bøndene som grenser til område. Då er det vel for det meste bønder frå Steinsdalen i Norheimsund

Sjølv om Kvamskogen er mest kjent som populært ski, alpint og turområde på vinteren, så kan område være vel så fint turområde også om sommaren. Her er mange vatn og høge fjelltoppar, eit variert turområde.  Då eg bruker område mykje i skisesongen, så kunne det no være av interesse og gå tur på sommaren. Sjå korleis landskapet ser ut, utan snødekke. Men det var fortsatt mykje spor etter ein snørik ettervinter. Kvite snøfonner låg langt nedetter fjellsidene og lagde mange rare figurar langs dei elles grønfarga, bratte liene opp mot fjellet.

Fjelltur

Mødalen, sør for RV 7, blei valt som utgangspunkt. Her var utgangspunkt for toppar som Fagrafjell,   Breiarusti, Såta og Tveitakvitingen. Første del av vegen var grusveg, frå parkeringsplassen og opp til «Negerlandsbyen». Uttrykket har nok oppstått rundt ei samling av stølshytter, der vinterbleike bergensarar blei fort solbrune.

Etter grusvegen tok slutt, følger ein stien vidare innover. Dalen åpner seg opp . Små bekker frå fjellsida samlar seg til ei elv lenger nede i dalen. Stort grønt saftig gras, og flate våtmarksområde innover mot Såta og fjella rundt. På motsett dalside , var det nakne berg, stein og knausar, med ein lys raudbrun farge. Kanskje innhald av jern? Flott var brunfargen, når sollyset traff steinane. Denne delen av dalen, såg nærmast ut som eit månelandskap.

Innerst i dalen, fann eg eit fint område for telting. Med eit godt utsyn over dalen, var dette også eit fint utgangspunkt for vidare fjellturar. Her var det også andre som gjorde bruk av fjellet. Ein flokk med kyr ,beita nede på flata. Oppover i fjellsidene var det både kvite og svarte sauer. Heile område bar også preg av kulturlandskap. Dei held bjørk og anna tilvekst nede. Og gav næring til ein fin og variert flora.

Neste morgon vakna eg av bjølleklang frå både kyr og sauer. Skjønt fort kor eg var, men utsyn frå teltopninga var heller grå og med tynne skoddeskyer rundt fjella. Etter kvart som eg gjekk oppover mot Såta, kom sola gjennom og blå himmel kunne skimtast mellom skyene. No var forholda fine til å testa ny fotofiler frå NiSi og Cokin. Svartatjørna, eit lite fjellvatn ved foten av Såta, gav fine forhold no på morgonen. Snø som spegla seg på ei stille vassflate.

Når eg så kom meg opp på Såta (802 moh) og skulle ta bilde av Strandebarm og Hardangerfjorden, kom tåka tilbake. På eit par minuttar var heile tåkrlagt og utsikta forsvann. Men så opna det for andre motiv. I nærleiken sat ein Heilo, den markerte område med høge «pip». I skodda såg det ut som ein storfugl, men når eg åkte meg nærmare, kom fjørdrakta betre fram. Fram med 150 – 600 mm telelinse og vipa sat fortsatt på sin plass. No var eg fornøgd av turen. På tide å komme seg ned og tilbake til teltet. Frukost og ein god kopp kaffi skulle bli godt.

Kjel og Kjelsvatnet

På ettermiddag og kveld gjekk turen opp i fjellet igjen. Det største elva som kom ned den bratt fjellsida, førte opp til fjelltoppen Kjel og Kjelsvatnet. Dette område var ukjent for meg, så hadde aldri vært der oppe. Turen oppover var bratt, men hadde kun telelinse med meg. Ville prøva å få fleire fuglar i linsa. Når eg kom over kanten, kom eit mektig landskap fram. Elva gjekk under snøfonna, men på tre plasser kom elva fram i synet. Tre sirklar låg på ei linje i snøen og ei fossande elv kom fram, innramma av snø. Og der, litt lenger inne, låg vatnet, eller Kjelsvatnet. Ja heile område såg ut som ein kjel. Me tre stupbratte og høge fjellvegger i bakkant. Med små bekker nedover loddrette fjellside på hundre meter. Og i fronten opna landskapet seg over heile dalen og elva rann utover kanten og nedover. Kvite fonner og flekker av snø oppover dei bratte sidene. Dette var som tatt ut av filmen «Ringenes herre». Planen no var å komme seg vidare opp på den sørlege sida, opp mot Høgafjell. Der ville eg finne stien ned til Såta og tilbake til teltet. Øvst i dalsida måtte eg over ei bratt fonn, for å komme meg vidare oppover i fjellet.  Kom meg greitt over fonna, var godt feste i snøen.

Når eg kom opp på Høgafjell, møtte eg igjen på ei Heilo. Den sat fint oppe på ein bakketopp. Kom nær, utan at den såg meg. Fekk den i fin profil mot himmelen. Så var det å komme seg ned igjen mot Såta. Såg nokre saue, som hadde komt seg heilt opp på toppen. Tenkte eg skulle ta meg ned same veg. Men det var brattare enn eg trudde, så måtte vedkjenne meg at sauen var betre klatrar enn meg!

Neste dag var det opp kl 04:00 – og tur tilbake til Kjelsvatnet, med fult kamerabag og stativ. På vegen opp blei det tid til foto av regntunge skyer og soloppgang. Tunge skyer og tåkeregn når eg kom fram til vatnet. Spaserte rundt, for å vurdere gode motiver. Etter eit times tid, letta skylaget og blå himmel skar gjennom skyene. Fint lys og gode forhold til fotografering.

Planen var tur vidare til Tveitakvitingen. Begynte oppstigning frå kjelen mot Kjelsfjellet. Store og bratte fonner som måtte bestigast. Men kom fort opp og varden til Gråfjell viste på lang avstand. Men her oppe kom skodde sigande oppover fjellsidene. Då forsvann utsikta også og skydekket blei tyngre og tyngre. Fann det best å returnere og heller prøve Tveitakvitingen neste dag.

Utover kvelden kom regnet. Kald sur vind og bøtter med regn gjennom natta. Men teltet var tørt og fint. Så her var det å finne fram litt lesestoff og slå tida ihel. Neste dag var like regntung. Store bekker kom opp over alt. Blei ingen tur i dag heller. Litt rastlaus og kaffitørst, tok eg turen ned til NAF Landhandel og tilbrakte ettermiddage der.

På kvelden letta regnet og no ville eg prøva nokre motiv nedover i dalen i den blå timen. Perfekte forhold var det ikkje, men det beste på desse dagane. I 4-5 grader og sur vins, sat eg på ei høgde nede i dalen. I forgrunnen hadde eg elva som roleg rann nedover og gjore ein stor S-sving. I bakkant mot nord, låg fjella på rad og rekke, med Byrkjefjell, Lendefjell og Fuglafjell.

Neste morgon var igjen regntung og med lave skyer. No var det på tide og reise ned igjen. Pakka ned telt og med to ryggsekker, bar det nedover Mødalen og til bilen. Været hadde nok satt ein stoppar for dei planlagde fjelltoppane. Men turen til Kjelsvatnet var høgdepunktet Absolutt verd ein ny tur opp der.