Skitur langs Tyin-vatnet i Jotunheimen

Skitur langs Tyin-vatnet i Jotunheimen

Skitur langs Tyin-vatnet i Jotunheimen

Tyin er et stort vatn, som grenser inn i Jotunheimen. Det ligg i den sørvestlege delen av Jotunheimen. Langs austsida av vatnet går riksveg 252 ,Tyin til Eidsbugarden. Denne vegen er vinterstengt. Lengda på vegen er 15 km inn til Tyinholmen. Den går heilt ned til vatnet og terrenget her er lange flate strekk. Heile strekningen har ei totalt stigning på 90 meter. Kunn nokre få slakke motbakker.  Så dette er ei perfekt trening og turløype på ca 30 km tur – retur. Lett løype og gå, men open og utsatt for vind. Denne løypa er ein del av Tyin-Filefjell sitt løypenett.  Normalt legg snøen seg først her oppe langs Tyin vatnet. Det skal heller ikkje så mykje snømengde til på ein flat veg, for å få til ei god løype. Det er Filefjell langrenn som kjøre opp skiløype her, fram til resten av løypenett nede ved skisenteret er klare. No var traseen kjørt opp med løypemaskin. Det gav fine forhold til både klassisk og skøyting. Dei tre dagane vi gjekk her, låg temperaturen rundt -5 grade og laber bris. Enkle forhold for smurning, et blei Swix blå Ekstra V40.

På ski langs Tyin
Skitur langs Tyin

Langs Tyin

Turen innover langs vatnet er er også ein fin naturoppleving. Anbefaler å ha kamera eller mobil klar. Det kan lett bli mange fotostopp. Om det er blå himmel eller svarte skyer, så er naturen både dramatisk og vakker, med kvite fjelltoppar. Du er på 1000 meter over havet og med utsyn innover i Jotunheimen.  Majestetiske fjell som dukkar opp gjennom lette skylag. I klarvær ser du høge, spisse rekker med fjelltoppar bak Tyinholmen. Den vakraste av dei alle er Falketind. Den ruver 2067 meter over havet. Morgonlys som fargar himmelen og skyene i gul-raude fargar. I søre enden av vatnet ligg det ofte mørke skyer og skodde, som kjem opp frå dalen frå Filefjell og Vang. Men dei held seg kunn over dette område, ofte ser det ut som eit kraftig uvær er på veg innover vatnet.  Men lenger innover mot Tyinholmen kan sola dukke opp. 

Skiløype langs Tyin
Skiløype langs Tyin

Skiløype langs Tyin

Tre fulle dagar hadde vi oppe i denne fine traseen. Turen gjekk frå Bergen ein torsdags ettermiddag og vi kom opp på ei hytte på Filefjell på kvelden. Gode kjøreforhold og liten trafikk langs E16. Langrennsski blei smurt og klargjort same kvelden. Neste dag var det opp klokken 06, god frukost og følgje med på nettet, når dei start løypekjøring. Tidleg om morgonen ,hadde vi løypa for oss sjølv. Var dei første innover langs vatnet, kvar morgon. På natta hadde det falt ein centimeter med lett nysnø. God gli, perfekte ski og lett terreng, gav ein god følelse. Fint å være i gang med ny skisesong. Siste dag blei det skøyting. I starten var det tungt, vanskelege å få fin flyt. Dessutan var beina som stokkar. Men etter eit par kilometer løsna det og med god gli, gav det ein fin ski oppleving. 

Fjelltopper over 1000 moh
Fjelltopper langs Tyin

Etter denne økta ,var det tilbake til hytta og pakke i bilen. Søndag kveld var vi tilbake til Os og til Bergen. Absolutt ein fin start på årets skisesong.  

Tyin og Falketind
Tyin og Uranostind