Geitknottane Naturreservat

Geitknottane

Vannlilje
Vannlilje

 

 

 

Geitknottane

Geitknottane er eit skogs og fjellområde mellom Fusa, Kvinnherad og Kvam kommune. Det ligg i den ytre delen av Hardangerfjorden. På andre sida av fjorden ligg Varaldsøy, Folgefonna, Melderskin og dei andre store fjelltoppane som perle på ei snor.

Dette område har ein karrig furuskog, fjellknausar, våt-område, med mange myrer og små og store vatn. Det største vatnet er Hattlesteinsvatnet.

Naturreservat

Dette område er no eit interessant naturvernområde med stort biologisk mangfald. Det vart opprett tilbake i 1997,og grensene går saman med Yddal Naturreservat. Desse to områda tilsamans er blitt eit av det større reservata på Vestlandet.


Dette karrige landskapet er rik på sjeldne planter og arter. Furutrea veks sprett, mellom sprekker og steinar i fjellet. Trea er ofte krokete og små, men med høg alder. Her finn du også blåveis, som er sjeldan på Vestlandet. Varaldsøy, som ligg i nærleiken, har også ei stamme med blåveis. Ei kalk-åre går gjennom desse områda, og gjer god jordsmon for blåveis. Her veks også den vakre meterhøge Kongsbregna. Detter er ei skjeldan plante i Norge og veks kun i område rundt Kristiansand og i Ytre Sogn.

Salamander

Men dette område er kanskje mest kjent for førekomst av storsalamander, som held til i dei små tjerna og vatna rundt Geitknottane. Truleg har både Kongsbregna og stor salamanderen kom hit i ein varmare klima-periode. Når klima har forandra seg, så har dette område klart og ta vare på desse artane. Kanskje også fordi dette har våre eit karrige område og lite påverka av menneskeskapt aktivitet. Det er også eit vanskeleg område å bevege seg i. Bergtoppar, så ned i bratte skråningar, så myr og små tjern og vatn. Må ofte gå lange omveger for å komme seg innover i terrenget.

Frosk
Padde


Sjølv om dette område har vært freda i over 20 år , ser og høyrer eg lite fugleliv i område. Dette er i slutten av juli – og fugleaktivitet skulle vært på sist høgeste, med nyfødde fugleunger.
I dette myrete område er det også gode forhold for padder og frosk. I enkelte deler nede i skråningane – ligg dei gøymt inne i høgt gras.
Stor salamander finner du ei dei små dammane rundt i område. Den beste tida for å observera dei er nok om våren, når dei kjem og legg egg – på blader i vassflata.
Egga går så gjennom ei larvetilstand, før dei utviklar seg til stor salamander.