Korte fjellturar i Bergen – Løvstakken

Fjellet Løvstakken er på 479 moh og ein av dei finaste utsiktstoppar i Bergen. Den ligger mellom bydelane Laksevåg, Årstad og Fyllingsdalen. I område rundt fjellet, er det mange større og varierte  skogsområde. Det er bratt og alle skogsområde er ikkje like lett tilgjengeleg. Tett skog, opne myrområde og bratte fjellskråningar. Variert fauna med blanding av gran, furu, bjørk og anna lauvtre. Her er det rikt fugleliv, heile året. Det er satt ut eit stort antall av fuglekasser, av forskjellig storleik.  I dei siste åra har kommunen laga ein fin turveg, ved foten av fjellet. Den kallast for «Løvstien», og har ei vakker utsikt mot Bergensdalen,  sentrum og mot Askøy. Ein grusveg, som passer perfekt til turgåing og jogging. Planen er at den skal utvidast og gå rundt heile fjellet.

I desse korona-tider er det viktig å følgje råd frå FHI (Folkehelse Instituttet) – og då blir det nok mykje innetid. Men ved å ta pålagde forholdsreglar og ei god planlegging, kan det også bli nokre korte turar opp i fjellet. Ta turen tidleg om morgonen, alt før det blir lyst. Då får du med deg morgonlyset og soloppgang i fjellet. Og ikkje minst, all den fine fuglesongen no på våren. Uavhengig av været, finn du alltid gode foto-motiv. Må sei meg heldig som bur i ein by som Bergen, omkransa av 7 – fjell. Treng ingen transport for å komma seg ut i naturen. Frå sentrum kan ein bruke beina for og nå alle desse sju fjelltoppane. Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyen. Blåmannen og Sandviksfjellet. Tidleg på morgonen har du også fjellet nesten heilt åleine.

Ha alt utstyr pakka og klart kvelden før. Ta med matpakke og termos, slik at du kan ta frukosten ute i det fri. Og aller viktigast, ta med rett fotoutstyr. Kanskje planlegge på førehand kva du vil fotografere, då blir du ofte meir konsentrert rundt turen.

Denne morgonen var det lett overskya. Ved soloppgang gav dette ein vakker raudfarge i skyene. Ved soloppgang, er det absolutt område i vest, som gjer meg det finaste lyset. For naturfoto, er det fint å komma seg opp på fjelltoppen, før soloppgang. Då kan du oppleva det magiske lyset i vest.

På denne turen hadde eg med både telelinse en zoom linse, Nikor 18 – 105 mm og Tamron 150 -600 mm. Planen i dag var naturbilde. Lyset var bra, så lot stativet stå igjen heime. Turen starta frå Solheimslien, der ein smal grusveg, går som ein korketrekkar oppover den bratte lia. På begge sider av vegen, er det tett gammal skog. Denne vinter og vår har vi fått besøk av store flokkar med bjørkefink. No på morgonen sanka dei mat øvst i tretoppene. Dei har ein kraftig  fuglelåt, og innover i skogen høyrest det ut som eit stort orkester. Her samlast stor flokkar eit par timar på morgonen, og så er dei vekk og skogen blir stille. Men snart er kråke, skjor, kjøttmeis og granmeis på plass.

Litt lenger oppe i den bratte stien , kjem det fram ein stor stein, med påskrift: «Jesus Lever». I begynnelen  på 1900 – talet, blei denne innskrifta rissa inn i steinen og teksten er no kvitmåla. Det var murmeister Alfred Westerlid, som hogde inn bokstavane i steinen. Sidan den tid har orda lyst mot deg i dei bratte svingane oppover fjellsida. Teksten «Jesus Lever» er alltid passa på og nymåla med kvit farge.

Nokre svingar lenger oppe ligg «Skillingsbollen», her er det laga til ein fin rasteplass og med utsyn over Bergen sentrum. Her kunne ein ta ein velfortent kvile og nyta ein medbrakt skillingsbolle! Etter Skillingsbollen, kjem ein opp i eit meir åpent terreng, Litt myr og ein fin liten bekk, som renn rolog nedover før den forsvinn ned fjellsida.

Nå går turen vidare inn i tett gran og furuskog. Her dele vegen seg, ein sideveg til høgre, om ein vil opp på Strandafjellet. Ein kolle med flagstang og vimpel, På toppen ei vakker utsikt over fjorden og Bergen sentrum. Tar du av til venstre, så går vegen oppover mot toppen av Løvstakken, som er på 477 moh. Her er meir karrig terreng. Furuskogen blir gradvis erstatta av små bjørketrær og anna lauvtre. No går ein for det meste på hard granitt oppover fjellsida, og her er det lite vegetasjon.  

Det er først når du kjem heilt opp på toppen og til varden, at den praktfulle utsikta openberre seg. Går du heilt ut på kanten, så ser du rett ned på bydelen Fyllingsdalen. Vidare så ser du utover ein vakker skjergard, med mange øyer. Austevoll, Sotra, Øygarden, Askøy og Lindås. Skipsleia nordover mot Sognefjorden, med båttrafikk og plattformer i opplag eller reperasjon. Etter dette er det ein lang mørk blå strek, endelaust utover havet og heile Nordsjøen som brettar seg ut.

Det er fleire vegar ein kan gå ned igjen. Mitt beste val er ned til Melkeplassen og så gå Løvstien tilbake til start. Turen ned igjen mot Melkeplassen er kanskje den beste. Her går du langs ein smal rygg, med ei loddrett stup ned mot Fyllingsdalen og Melkeplassen. Ei vakker panoramautsikt mest heile vegen nedover. Her går ein også på hard granitt, nedover langs ryggen. Så er det ca 3 km på Løvstien og ein er heime.

Ein variert tur. Mykje fugleliv heile vegen opp til toppen. På toppen er det kråke og ravn som har sitt territorium. Ein og anna tiur kan dukke opp også, om du er heldig. Då kan du oppleva tiurleik, no på vårparten.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *