Tur til Glesvær

Handelstaden Glesvær

Glesvær er eit av landets eldste handelsstadar og fiskevær her på Vestlandet og langs norske kysten. Plassen ligg heilt sør på Sotra og vender seg rett ut mot det opne havet og Marsteinen Fyr. Fiskeværet ligg lunt til, mellom holmar, øyer, fjordarmar og lange sund. Ei naturleg hamn, som beskytta båtane når det var storm og ruskevær ute på havet. Samtidig var det kort veg ut på fiskefelta og plassen låg sentralt til for anna båttrafikk langs kysten. I dag er det kunn ein times køyretur frå Bergen sentrum, og du er ute i havgapet. På vegen utover opnar landskapet seg opp med store opne, kuperte heier og lyngområde, mest heilt utan tre. Innimellom dette landskapet, kan ein skimte fjordarmar og kanalar, som banar seg vegen langt innover mellom dei raudbrune lyngheiene. Så ender ein til slutt opp i eit vakkert fiskevær, flott hamn omkransa med mange vakre gamle trebygg.  Området er tatt vare på, mange gamle naust og sjøbuer er restaurert. Plassen gjer inntrykk av vedlikehald og viser stolt fram sine gamle bygningar. Det gamle handelshuset ligg ytterst på kaien. Her ser ein for seg gamle dagar, med båtar tett i tett og eit yrande liv på kaien.

Havn langs skipsleia

Dette var den første og einaste handelsplass på Sotra, alt tilbake på 1600/1700-talet.  Når du går inn i kafeen, er det som å gå mange tiår tilbake i tida. Interiøret er tatt vare på, med den gamle lange handelsdisken i mørk ved og store deler av fronten med glashyller. Og på enden av disken sto eit snopeskap med glasveggar. Her kunne borna peike på den karamellen eller det sukkertøyet ein ville ha. Heile rommet oste av gammal historie og tradisjon. Ein kunne lett sjå for seg dagleglivet her for 100 år sidan.

Golta – ei lita øy i havgapet

Målet med dagens tur var å reisa ut på øya Golta, for å fotografere det opne havlandskapet og sjøen.  Så no var det å kjøre vidare med bilen langs Goltavegen, forbi skulen og ca ein kilometer utover på ein smal veg. Ei lita bru i Goltasundet var øya sin forbindelsen til fastlandet.

Eit paradis for havørn

Det første eg såg , når eg steig ut av bilen, var ei stor havørn som kom med store vengeslag innover sundet.  Brått kom ein hissig måse og forstyrra jakta til ørna. Var snar og få opp kamera og telelinse 150 – 600 mm. Ørna snudde og kom tilbake mot meg. Den hadde fleire rundturar over sundet, på leit etter ein god fiskefrukost. Ei stor oppleving og ha ørna rundt seg i så lang tid. Etterpå gjekk turen min oppover på dei nakne og forblåste fjellnakkane, med utsikt over det opne havgapet utanfor. Lange dønningar åt seg langt oppover svaberget. Kvit skum låg igjen, når bølga var på veg ut igjen. Rundt seg i landskapet, såg ein den kvite skumsprøyten  når bølgene traff dei bratte og glattslipte klippane. Men utover på havet såg ein ikkje noko til bølgjene – kunn langsame bevegelser. Men midt ute på det opne havstykket var det eit skjær eller holme, som sendte sjøsprøyten mange meter opp i lufta.

Navnet Golta får sin naturlege betydning når ein står her ute. Eit nakent, ufruktbart og eit goldt landskap. Men i gamle dagar levde dei godt av fiske her ute. Innløpet til den lange Goltastraumen, kunne dei stenge med landnot. Inne i sundet samla det seg ofte store stimar av makrell og sild, som dei kunne sperra inne og fanga.

Glesvær kafè

Etter nokre landskapsbilde frå område og ein god varm kopp kaffi på Glesvær kafé, gjekk turen tilbake til Bergen. Dette blei ein interessant og lærerik tur. Blir nok fleire turar ut i område her. Det neste må bli ein fottur frå Glesvær til Telavåg.