Yddal Naturreservat

Yddal Naturreservat

Yddal ligg heilt sør i Fusa kommune på grensa mellom Bjørnefjorden og Hardangerfjorden.

Yddal bestod av tre fjellgårder, som var bebodd fram til 1960 tallet. For å komma dit går det ein stig frå Lygre, eller ein må ha båt og ro over Botsvatnet ved Femanger. Borna frå desse tre gårdane gjekk på skule i Lygre. Her blei dei innlosjert hos familer og kjente, når dei gjekk på skulen.

På slutten av 1990-tallet blei heile dette område omgjort til naturreservat og freda. Ordet Yddal stammer fra tresorten barlind (yr er gamalnorsk for barlind),som ein fortsatt kan sjå i området. Men i hovedsak var det den store furuskogen dei nytta på gårdane.

Fjellgården Yddal

Terrenget rundt Yddal er ulent, med mange paralelle daler, som er bratte og høge å passere.

Vegen frå Lygre er enklast å gå, men det er gjengrodd og delvis ikkje merka. Område har mange små og store vatn og vassfar. Variert og rik natur, plante og dyreliv. På 1980 -tallet blei det planta mykje sikagran i dette område, den har dessverre tatt over mykje av skogen i dei lavaste områda. Sjølv om det er gjengrodd og ulent å komme fram, byr område på eit rikt og variert planteliv. Her er også eit rikt fugle og dyreliv. Hjorten har laga stier over alt, og gjer det lett å mista stien. Om ein går vidare innover og forbi dei tre gardane, så kjem ein inn mot fjellet Horga, som er 673 moh og renser mot Kvam kommune i Hardanger.

Fjelltoppen Horga

Då er du oppe i lav fjellvegetasjon og meir oversikteleg terrengDette område med tett, gamal skog. Masse rotvelt og råtne stammer og store skogsområde, gjer deg ein følelse av villmark. Fleire fiskevatn, så maten skulle vera berga. Dette bilde er fra Lygresmarka, der ein tar av mot Yddal

Yddal Naturreservat og Geitaknottane, som ligg i sørlege område til Yddal Naturreservat, er også freda.

Yddal og Geitknottane Naturreservat

Område Geitaknottane er kanskje mest kjent for mange vatn som inneheld storsalamander. Her vil du også finna område med blåveis. Sammen blir desse to naturvernområde eit stort reservat med stort mangfold av arter, der mange av dei ligg på rødlista. Eit vakkert fjellområde i dette reservatet er Yddalshorgi, men ein topp på 673 moh.

Ta turen fra Lygre og innover dalen til Horgavatnet. Her må du opp ei litt bratt ur, for å komme opp på ryggen av Horgi. Turen oppover gjev ei flott utsikt ned mot Lygre og vidare mot Kvinnherad og Hardangerfjorden.

Rødstilk

Rikt fugleliv i denne tette skogenm men mykje rotveldt og rotne trestammer.

Heipipelerke

På turen blei det observert heipipelerke, rødstilk og kongeørn, Her oppe var det også fleire små vatn og litt myrområde.
No på seinsommeren var det mykje frosk og sjå her, sjølv om ein var ca 500 moh. Det største vatnet er Horgatjønni og ligg rett nedanfor toppen på Yddalshorgi.