Donegal’s Strender

Ei reise langs The Wild Atlantic Way

Silver Beach
Silver Beach in Malin Beg
Silver Beach in Malin Beg
Malin Beg Promontory Fort

The Wild West Road

(WWW) i Irland– tar deg nordover langs Atlatnerhavskysten. Hele vegen oppover langs kysten, like til Malin Head. På vegen skal eg besøke fleire av Donegal’s strender. Turen går like opp til Malin Head,  som er Irland’s nordlegaste punkt. Men på vegen møter du ein fjord. Du må langt inn i fylke. Langs fjorden og heilt inn til byen Letterkenny. Der i enden av fjorden,  fortsette du vidare langs WWW og Atlanterhavskysten. Du endar til slutt heilt nord på Malin Head. Fjorden du må kjøre rundt er Lough Swilly. Ein fjord på 45 km innover i landet. Det er ikkje mange fjordar i Irland, så dette er ein av dei største. Mykje av fjellformasjonane her i Donegal, består av granitt og kalkholdig bergartar. 

WIld West Way
Wild West Way to Achill Island
Ballycroy Visitor Centre
Wild Nephin National Park
Crohy Head Beach
Crohy Head strand

Kyststripa langs Donegal

Den varierer frå høge klipper, taggete bergformasjon, grøne sletter, heil ut i havet. Så her møter vi alle typar av Donegal’s strender. Små, lange, gule og kvite strender. Alle med eit blått Atlanterhav som bakteppe. Har akkurat passert Donegal’s fylke. Kjørt gjennom byen Donegal, og vidare vestover, gjennom fiskehamna Killybags. Så kom ei dårleg værmelding, med storm og regn. Den var på veg innover denne kystlinja i Donegal. Ja, det meldes med gult farevarsel. No kjenner eg allereie vindkastene i bilen. Av og til rister det kraftig. Så begynner det også med intense regnbyer. Mørket siger på. Vindaugsviskar på fult, sikt blir dårleg og no kollapsa gps’en også. Kanskje lurt å finne ein plass og overnatte? Men gjennom regn og vindkast, så ser eg skilte til Silver Strand, og ender opp på ein stor parkeringsplass. Det var det einaste eg såg i bekmørke. Måtte overnatte i bilen, blei lite søvn i ein bil som rista og skalv i vindkasta.

Silver Beach
Silver Beach
Fanad Head Lighthouse
Morgen i Svart og Hvitt

Silver Beach

Skal no vera på Silver Strand, ei av Donegal’s strender. Når dagslyset kom, såg eg ein stor parkeringsplass med kunn min bil! Mot vest ei store grøn platå ut mot klippen ved Malin Beg. Der på toppen, var Malin Beg Promontory Fort. Såg ut som ei borg. For ein magisk plass. Når vinden stilna, klarte eg å komme meg dei stupbratte 50 metrane ned til stranda. Kraftige bølgje slår innover og sjøen lenger ute, bryter i kvite topper. Platået går rett i havet, delt med ei høg klippe, som bølgene bryter på. Men her nede på stranda var vinden rolegare. Den høge ryggen bak meg tok nok av for den sterke vinden. Regnet hadde stoppa. Her var det tjeld og måse, som vassa i matfatet.

Silver Beach
Silver Beach

Meghera Beach

Eg forlot småbyen Glencolumbkille, etter mange koppar kaffi. No hadde vind og regn roa seg. Neste dag blei ei ny av Donegal’s strender, Maghera Strand. Kanskje ei enno meir spesiell strand, med lys grå sand og i tillegg grotter. Disse grottene kan du nå på lav vann. No hadde stormen gitt seg. Men fortsatt stor sjø, etter eit kraftig uver. Denne morgonen hadde eg stranda heilt for meg sjølv. Kunne bruke lang tid og finne gode fotomotiv. Men nesten for meg sjølv, møtte ein medtatt selunge som hadde berga livet i stormen. Heilt utslått låg han på stranda. No venta den på høg vann og å få kreftene igjen. Mora venta nok uroleg, ute i bølgene. Eg våga meg ikkje på grottetur, då sjøen var på veg opp. Lang strand, med eit vakkert morgonlys og små raudgule skyer i horisonten. Ein soloppgang no seint på hausten, gav ein varm farge, som blei absorbert i sanden. Raud lyng langs fjellsida,  med kraftig haustfarge. Rolege bølgje seig sakte innover stranda. Dei gav ein fin kvit skumrand langs heile stranda, når bølga seig sakte ut att.   

Maghera Beach
Maghera Beach
Grotte i Maghera Beach
Fjell og grotter
Fjell og grotter

Magheraclogher Beach i Bunbeg.


På denne Donegal stranda, ligg vraket av ein fiskebåt. Båten blei skylt på land, under eit kraftig uvær på 1970 talet. Eigar av båten var Eddie. Han prøve å reparere båten, men av ein eller anna grunn, gav han opp. Sidan har den lagt på stranda. I ettertid har den blitt ein turistattraksjon. Åleine på denne enorme Magheraclogher Stranda, ligg båten igjen som eit skjelett. Som eit skjelett der ribbebein viser. Den høyre liksom ikkje heime, på den store tomme stranda. Men derfor blei den kanskje eit populært fotomotiv og voks også på sosiale media. Men på midten av 80 – tallet hadde gruppa U2 og gruppa Clannad, brukt båten i ein musikkvideo. Ein musikkvideo til «In a Lifetime» Det hjelpte nok på populariteten for Eddie’s Boat. Vraket blei eit landemerke. Men også ein inspirasjon til både forfattar og bildekunstnar. Mest av alt, eit viktig symbol for kystfolket og deira historie. Fiske var eit viktig livsgrunnlag, og på den tida, ei viktig næring, her ute på ei vêrhard kyst.
I dag går diskusjonen om å redda vraket. Den vil knapt tåla ein ny storm. For område rundt Bunbeg er turismen også ei viktig inntektskjelde. Det er snakk om å lage ein kopi. Men spørst om den vil ha same appell. Glad eg fekk tatt ein stor serie med bilde, denne kvelden. Når det er lav vann, kan du gå fleire kilometer utover stranda. Små vandammar og bekker lyser mot deg. Og bak deg ligg Eddie’s Boat. Kveldssola lagar ein skygge av båten i sanda. Kanskje desse bilda, blir min siste farvel til Eddie’s Boat.

Magheraclogher Beach i Bunbeg
Magheraclogher Beach i Bunbeg
Eddie's Boat
Eddie's Boat eller

Five Finger Strand

Så var det enno ei ny av Dongegal’s strender. Denne med det rare namnet «Five Finger Stand» Der låg den, med ein gulbrun sand. Mellom mange sanddyner passer stranda godt til namnet. Dette var også ei stor strand, som strakte seg nordover og enda i høge fjellklippar. Ovanfrå, kan nok denne stranda,  sjå ut som fem fingre. Ein smal blindveg tok meg og bilen, heilt ut til stranda. Akkurat plass til å snu bilen, og parkering for kunn eit par bilar.  Morgonen kom med regn og lav skodde. Det gav stranda eit trolsk bilde. Du såg knapt landskapet, rundt den gule sanden. Kom du bortunder den høge fjellsida, var det fareskilt om steinsprang. Eit mønster av hesteskor og bilspor i sanden. Område var så bortgøymt og usjenert. Ingen hus å sjå. På vegen ut her, passerte eg ein kyrkjegard, med ei katolsk kyrkje. St Mary’s kapell, heit den kvitmalte murbygningen.  Ei anna strand her oppe mellom Donegal’s strender, har også eit frykta namn. Det er «Murder Hole Beach», men våga ikkje å besøkte den.

Five Finger Strand
Five Finger Strand

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *