Fanad Head Lighthouse

Fanad Head Lighthouse ved Lough Swilly

Fanad Head Lighthouse

Dagens kjøretur går utover langs Donegal lengste fjord, «Lough Swilly». Målet er Fanad Head og fyret Fanad Head Lighthouse. Kjørte frå Malin Head tidleg på dagen. Har nettopp passert byen Letterkenny og på veg ut mot halvøya Fanad. Kjører langs Lough Swilly («Skyggevannet» eller «Øynenes vann») er ein lang fjord. Den er ca 40 km lang og 7 km brei, på det breiaste.
Etter kraftig regnbyer og god mat og kaffi på min favoritt cafe «Corner Caffee» i Carndonagh, begynner ettermiddagen med lettare skyer og opphald. På kjøreturen, utover mot Fanad Head , passerer du eit vakkert landskap, med grønne jorde og blå fjord. Mørke dramatiske skyer beveger seg raskt over himmelen. Passerte nettopp Lighthouse Tavern, skulle ha stoppet og fått eit godt måltid. Men kvelden nærmar seg, og eg ville absolutt ha nokre kvelds bilde av Fanad Head Lighthouse. Kanskje ingen solnedgangen, men kom det til å bli eit fint, dramatisk lys, med slike mørke skyer. Fotografering var viktigast, fekk heller nøye meg med brødmaten.

Ved Fanad Head Lighthouse

Her var det ein stor parkeringsplass og suvenir-kjosk. Men den var no stengt, og ingen biler på parkeringsplassen. Denne kvelden hadde eg område for meg sjøv. Måtte ut og få ei oversikt. Framfor meg bukta ein gul strand seg nedover, mest så langt du såg. Andre vegen kunne du sjå toppen av fyrhuset. I mellom låg det mange store husmurar og ruiner, etter militær bygg. Store murbygningar, utan tak og svart hol for vindauge. Denne kyst/militær stasjon såg ut som spøkelse plass, med gråe mur bygg. Her ligg også gøymt ein historie frå 1920 og kampen for Irlands uavhengige. Dette gav også ein ekstra historie til plassen. Mørke senka seg over Fanad Head, kunn lyst opp av fyrhuset si fyrlykt. Periodisk lys som sveipa over landskapet. Med lyden av vind og bølgesus mot klippane, var det på tide få i seg litt mat og ta kveld.

Fanad Head

Soloppgang

Neste dag, starta eg saman med morgonlyset gjennom lette skyer. Der lyset frå soloppgangen gav Fanad Head Lighthouse ein magisk bagrunn. Dessverre hadde vinden og bølgene gjitt seg. Men fortsatt lagde sjøen store «drag» rund dei taggete fjellnabbar som stakk opp av sjøen. Plassen der fyret stod var omringa av sjø, mest på alle kantar. Kunn ein smal veg, som tok det ut til Fanad Head Lighthouse. Som låg på ein klippe, ca 50 meter over havet. På begge sider av fyret, var det støypt trappetrinn ned mot sjøen. Men kraftige bølgje, var det mest umogeleg å komme til lands båtvegen.fyrhuset

Fanad Head Lighthouse
Morgenlys ved Fanad Head Lighthouse
Fanad Head Lighthouse
Morgen i Svart og Hvitt

Saldana sitt forlis

Fyret Fanad Head Lighthouse blei først tatt i bruk 17. Mars 1817. På sjølvaste St. Patrick Day. Ingeniøren George Halpin, står som konstruktør for bygget. Her ute var eit av dei farligaste havområde for skipstrafikk. Høge klipper, i tillegg til sterk straum i sjøen og ingen skjul for Atlanterhavet. Det som gav fortgang i arbeidet med ny fyr, var forliset til fregatten Saldana i 1812. Under ein kraftig storm, forliste Saldana på Fanad Head sin kvasse klippar. Ingen overlevde dette. På land står ei minnesplate om forliset. Kunn skipets papegøyen kom seg i land. Den hadde eit halsband med navnet Saldana på.

Fanad Head
Ruiner ved Fanad Head
Ruiner ved Fanad Head
Ruiner ved Fanad Head

SS Laurentic

Mange skipsvrak er begravd utanfor Fanad Head. Det mest kjente er kanskje The SS Laurentic, som forliste i 1917, 25 januar. Det står ei stor minnetavle ved inngang til Fanad Head Lighthouse. Laurentic var eit Engelsk passasjer skip frå White Star Line. Bygd på same verft som Titanic (Harland & Wolff, Belfast 1908). Men under 1. verdskrig, blei det overtatt av den engelske marine, som transportskip. På denne turen var frakta 3211 gullbarre, som var på veg til Canada. Som takk for USA og Canada si hjelp til Europa og England, i 1. verdskrig.

Det var også 479 passasjerar om bord på båten, inklusiv mannskap. Utan for Fanad Head, skjedde ulykka. Båten gjekk på to tyske mine. Den ein øydela motorrommet og skipet var utan framdrift og med kraftig slagside. I kraftig sjø, fekk dei ut livbåtar før skipet sakk, Alle kom seg i livbåtane. Men det var storm og -13 C. Dei driv rundt i over 24 timar, før lokale fiskebåtar kom til unnsetning. Dei fleste fraus ihel. Kunn 121 overlevde forliset.

I tida etterpå måtte marinen drive gull jakt. Dei fann vraket og fekk tatt opp det meste av gullet. Kunn 25 gullbarrar ligg igjen, gøymt der nede.

Fanad Head Lighthouse

I 1975 blei fyret heilautomatisk og ubetjent. I dag kan du overnatte i boligen i Fanad Head Lighthouse. Du kan også gå opp i den 24 meter høge tårnet.
Fanad Head Lighthouse, ein flott byggverk med masse historie, både i og rundt seg.

 

Fanad Head Lighthouse

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *