Golsfjellet på sykkelsete

Tur på terrengsykkel i slutten av juli

Golsfjellet på sykkelsete

Golsfjellet, eit stort platå, med opent landsskap. Ein fjellovergang mellom Hallingdal og Valdres. Fine turområde både sommar og vinter.

Hallingdal

Følger du dalføre nordover frå Nesbyen, kjem du til Gol. Her tar du av på fylkesveg 51, og opp på Golsfjellet. Fylkesveg 51 bind samen desse to dalføra, Hallingdal og Valdres. Hallingdal er eit opent og breitt dalføre som svingar seg oppover langs Hallingdalselva. Kjem du som oss, reisande nordfrå, gjekk turen gjennom Hemsedal. Køyreturen gjekk nedover dalen og langs den vakre elva Hemsil. Så forlèt du den idylliske elva og svingar av mot Golsfjellet. Sakte, men sikkert stig du meter for meter oppover. Slakke svingar gjennom tett granskog. Så opnar det seg eit fjellandskap med store skogkledde flatar, myr, åsar og vatn. Golsfjellet ligg på mellom 800 og 1000 moh. Med all denne granskogen langs vegen, minner landskapet lite om eit fjell. Den største fjelltoppen, Nystølsvarden er på 1296 moh. Golsfjellet byr på store vidder du kan boltre deg på. Om vinteren med eit uttal av merka skiløyper. Om sommaren, med mange skogsvegar og stiar. Eit nettverk av stiar, skogsvegar og grusvegar, der du kan laga deg fine rundløyper for terrengsykling. Stiar og vegar strekkar seg innover i landskapet på begge sider av fylkesvegen.

Golsfjellet
Morgonsol over tretoppen

Hallingdal og Golsfjellet

Denne turen til Golsfjellet, hadde vi basert på bruk av terrengsykkel. Området vi hadde sett oss ut, var Golsfjellet i Hallingdal og Stølsvidda i Valdres. I området rundt Tisleifjorden, Tisleidalen, Stølsvidda og Panoramavegen. Med våre to terrengsyklar hengande i stativ bak på bilen, nådde vi hytta ved Klanten seint på kvelden. Vidda låg der, vindstille og bada seg i ei varm kveldsol. No var det å gjera seg klar for neste morgon. Alltid like spennande korleis form og mange timar og mil på sykkelsete ville fungera.

Vidder og vatn
Vidder og vatn

Valg av sykkelruter

Så var vi på endeleg på plass i hytta, og klare for nye utfordringar på sykkelsete. No var det å plukke ut turrute i dette mangfald av stiar og grusvegar. Det krev litt planlegging, for å laga seg gode turar i dette området. Då kom boka til Birgit Haugen, med tittel «Mjølkevegen med avstikkere «, til stor hjelp. Med fast utgangspunkt frå hytta, klarte vi å plukka ut fire turar frå denne boka. Det blei til fire lange turar, med vekslande natur i vakkert landskap. Langs store opne vidder. Innover mellom tett lauv – og furuskog. Langs små og store vatn, over myrer og små bekkar. Kvar dag var forskjellig. Og kvar dag gav nye opplevingar.

Fugleliv på fjellet
Fugleliv på fjellet

Stølsvidda og Panoramavegen

Første dagen, sol og vindstille. Litt turmat og solbærsaft på vann-flaskene. Ein fort sjekk over syklane og så tråkka vi i veg. Først på fylkesvegen mot Storefjell og så inn på grusveg, nedover mot Tisleifjorden.  Nede ved Tisleifjorden, går det ein veg langs demningen og over på andre sida av fjorden. No låg Stølsvidda og Panoramavegen framfor oss. Litt orientering på skilt, så trødde vi innover Langestølsvegen til vi møtte Panoramavegen. Turen fortsette i lett stigning forbi små sætre og klyngetun, som fortsatt var i drift. Mellom beitande kyr og sauer, bar det innover vidda. I solskin og sval vind, tok vegen oss oppover mot Vaset. Så var det tilbake i lang motbakke opp til Gomobu fjellstove.  Herifrå bar det nedover mot Langestølen Kolonial og Kafê. Ein kafê med vaflar, rømme og syltetøy. Dette blei også ein kjærkommen stopp på fleire av våre turar. Eit besøk som gav oss ny energi til siste mila på tilbaketuren til hytta på Golsfjellet. Det blei ein rundtur på rundt 80 km og 1000 høgdemeter, den første dagen.

Stølsvidda
Stølsvidda

Tisleidalen rundt

Neste dag tok vi ruta Tisleidalen rundt. No var det ein heilt annan temperatur i lufta. På morgonen, var det rå luft, overskya og kunn 6 grade. Hadde heldigvis langbukse og klede for slikt vær også. Ruta starta like ved hytta på Golsfjellet, ein grusveg forbi  nokre eldre hyttefelt.  Dalføre strekkar seg frå Tisleifjorden og sørover.  Her var det ei blanding av grusveg og stiar ut i terrenget. Det bar oppover og oppover i høgda. Her var det lite trafikk, kunn oss på smale grusvegar innover mot Nystølsvarden. Med vegen for oss sjølv, var dette fredeleg og fint. Absolutt ei perfekt rute, utan bilar og vegstøv. Småkuperte grusvegar og ut i terrenget på sti, så langs myrer og over små elver og bekkar.  Innimellom låg små husmannsplassar og fråflytta småbruk, som vi passerte på vegen. Øverst oppe i dalen , med vakker utsikt utover eit skogkledd landskap. Vidare gjekk turen gjennom bjørkeskog og sprett furuskog. Ein fekk testa sykkelen, på stiar mellom småstein, grastue og  vasspyttar. Så kom ein over på grusveg att, og det bar fort nedover i dalen. På tilbaketuren, måtte vi legge ei ekstra sløyfe bort til Langestølen Kolonial og Kafê. Vaflane gjorde like godt, denne gongen også.

Tisleidalen rundt
Tisleidalen rundt
Husmannsplass
Husmannsplass

Paradisvegen

Neste morgon var det å rydde hytta og pakke i bilen. Vi forlot Golsfjellet, denne gang Turen vår gjekk no vidare til ei ny hytte på Beitostølen. Men før det skulle vi nytta delar av dagen på Golsfjellet. Parkerte bilen ved Joker butikken ved Fylkesveg 51. Den ligg rett ved campingplassen Merket. Så var det ned igjen med syklane frå stativet. Vi la i veg på ein rundtur frå campingplassen Merket og langs Ølsjøen, Hærvasstølen, Flåstølen og tilbake til Merket. Vakkert landskap langs Ølsjøen og oppover i høgda. Her var ruta gjennom fine grusvegar og så stiar ute i terrenget. Små parti med litt myr og kryssing av bekkar. Så var det nedover grusvegen frå Flåstølen og tilbake til bilen ved Joker butikken.

Golsfjellet
Golsfjellet

Jotunheimsvegen

Etter dette sat vi oss i bilen og køyrte vidare til Beitostølen og Bygdin. Neste dag var det Jotunheimvegen som skulle prøvast ut. Her var landskapet heilt opent og vinden tok godt tak innover i høgfjellet. Med lav temperatur og kald  vind, måtte ein på med lang sykkelbukse og god varm sykkeljakke. Kunn 6  varmegrader om morgonen her oppe også. Det tok litt tid før turen starta, den dagen. Jotunheimsvegen, er vegen som går frå Bygdin til Vinstra. Vinstre, heiter vatnet ein køyrte langs. Vakkert landskap, der høge fjelltoppar speglar seg i vatnet. Valdresflya, med sine toppar, ligg bak deg på turen innover i nasjonalparken. Ein lett tur, om det ikkje hadde vært for vinden. Men vi hadde glimt av sol, på delar av turen, og den varma kalde hender. Så dukka Haugseter Fjellstue opp. Her vart det kaffi, mjølkekake med rømme og syltetøy. Litt kvile her, for no var det på tide med tilbaketuren. Sterk motvind på vegen tilbake til bilen, som var parkert ved Bygdin. Dette var dessverre siste sykkeldag vår, og no venter ein lang biltur tilbake til låglandet og heim.

På sykkelsete

Sykling i fjellet, gav absolutt meirsmak. Grusveg og natur stiar, i opent landskap høgt til fjells. Kvar dag med nye turar og varierande landskap. Her ligg det også til rette for å sykla oppover langs «Mjølkevegen» til Jotunheimen. Den går frå dette område og oppover i Jotunheimen. Her var det seterdrift, og denne vegen var brukt for å henta mjølk. Fortsatt står det mjølkeramper innover langs vegen. Ein slik tur går over fleire dagar og krev god planlegging. Kanskje med telt og mykje bagasje, eller satse på forskjellige overnattingsplassar. Vi har eit stort utval av turstiar og skogsvegar i dette landet. Mange av desse vegane har så bra dekke, at ein også kan bruke landevegs sykkel. Men bruk av terrengsykkel anbefalst. Mindre risiko for punktering, betre demping og du kan bruke den på stiar ute i terrenget. God tur på sykkel!

På sykkelsete
På sykkelsete