• Vitenskapelig navn: Branta canadensis
• Familie: Andefamilien (Anatidae)
• Opprinnelse: Nord-Amerika
• Lengde: 75–110 cm
• Vingespenn: 127–185 cm
• Vekt: 3–6,5 kg
• Levealder: Opptil 20–25 år
• Kjennetegn: Svart hode og hals med hvit hakeflekk
• Føde: Gress, planter, korn, vannvegetasjon
• Hekketid: April–juni, 4–6 egg
• Bestand i Skandinavia: Flere titusen individer
• Status: Svartelistet (høy økologisk risiko)
Kanadagås
Denne kanadagåsa er den største og tyngste i gåsefamilien. Den kan bli over 1 meter høg og rundt 5 kg. Med eit vengespenn på ca 127–185 cm. Opprinneleg er arten frå Nord Amerika og Canada. Sommar halvåret tilbringar dei i den nordlege Canada og USA. Om vinteren trekker kanadagåsa ofte sørover til Mexico. Som grågås er også kanadagås ei planteetar. Mest på gras og algar. Den heldt til på tundra og i store opne våtområde.



Sverige
På tidleg 1900 – talet blei kanadagåsa innført til Europa. Den blei plassert i jaktområde, då den var stor og lett å jakte på. Dessutan var kjøtet godt og blei ettertrakta mat.
Kanadagås blei innført til Sverige av filmskapar Bengt Berg (født 9. januar 1885, død 30. juli 1967) . Det var i året 1929. Bengt Berg var ein dokumentarfilmskaper, forfattar og ornitolog. Fuglen var tenkt som ein park fugl. Men den spreidde seg fort til andre naturområde. Her blei kanadagås også satt ut til jakt. I Svenske private skogar og vassdrag, var dette ein attraktiv jaktfugl.

Hjälstaviken Naturreservat
Eit av mange område for gåsa er i nasjonalparken Hjälstaviken. Den ligg nord for Stockholm i Uppsala län. I mai 2019, var eg i Hjälstaviken for å fotografere fuglelivet. Hjälstaviken er ein av Sveriges beste vann og våtområde for mange fugleartar. Eit stort areal, som tar mange timar og gå rundt. No i mai var det eit stort utval av alle typar fugleartar. Trekkfuglar som mellomlandar. Andre som har reir og ungar. Flokkar med trane, som vassar i kreps og fiskeyngel. Så har du ørn og hauk, som jaktar sin mat. På ein del av område har Kanadagåsa tatt seg til rette. Når dei har egg og ungar, kan den vera aggressiv mot alt og alle. No hadde dei små gule kyllingar, kanskje kunn nokre dagar gamle..
Kanadagås i Norge
Dei første Kanadagås fuglane blei satt ut i Norge i 1936, då også til jakt. I Norge har kanadagås spredd seg i den sørlege delen av landet. Du finn den opp til nord i Trøndelag. Den held seg i innlandet og i fjellet, langs fjellvatn, myrområde og innsjøar . Men du finn dei også langs vestlandsfjordar. Fuglen held seg i flokkar, også under hekke tida. Både i åtferd og matfatet, kan den lett fortrenga andre fugleartar. Behovet for mat er stort, og dei kan fort eta opp store grøntområde og dyrka mark. Til stor fortviling for bønder og jordeigarar.
Svarteliste
I 2007, blei kanadagåsa svartelista, her i Norge. I Norge kan det drives jakt på fuglen, etter jaktlovens reglar. No er arten også vurdert som høg økologisk risiko, både i Sverige og Norge. Den er uønskt i vår fauna. Dei fortreng dei normale artane som finnes der frå før. Som mange andre ender, er Kanadagåsa også ein trekkfugl. Dei fleste trekk sørover om vinteren, men nokre vil også overvintra. Trekk ruta er til den sørlege Sverige og til Danmark. Ein del også lenger sør i Europa.
I fjellheimen
På Haukelifjell kom eg over ein stor flokk. Her inne på høgfjellet, var dei samla for å dra sørover. Mellomlanda på eit stort våtområde. Her fann dei mykje godt saftig gras. God næring til dei store fuglane, før dei drog vidare. Når so store flokkar samlar seg, tar dei fort grunnlaget vekk for andre artar. Dette er også artar som treng all den næring dei kan få til vinteren. I verste fall kan dette medfør at kjente artar forsvinner frå området. Slik kan den gjera stor skade. Kanadagåsa legg også 4 – 6 egg. Så bestanden, er ikkje så lett å halda nede. Den veks fort.
Men den er ein majestetisk og høgreist fugl. Lett å kjenne igjen, med den store kvite kinn-flekken på kvar side. Fint foto objekt i eit haustfarga fjell. Men historie gjentar seg med artar, som ikkje høyre heime i vår fauna. Dei er tilpassa eit heilt anna liv, i andre klimautfordringar. Gene blir forma over tusenvis av år, til det klima dei voks opp i og har tilpassa seg til. Det å importere dei til andre område og anna klima, kan gå svært så galt. Det er det alt for mange døme på i dag.