Sjøfugl

Sjøfugl innerst i Bjørnafjorden

Ærfugl og Siland og andre sjøfugl på Vestlandet

Her innerst i fjorden, er det no eit rikt fugleliv, med sjøfugl som ærfugl og siland. Vestlandet, ytterst med kystlinje ut mot Nordsjøen  og innerst med djupe lange fjordar. Som i Bjørnafjorden, her er det
ein natur og næringskjede med stor variasjon. Det er dette økosystemet med
næringskjedene som også er grunnlaget for fuglelivet langs fjordane. Tilgang
til ei god næring er viktig for mange av desse artene. Plankton, raudåte, tang
og tare, brisling, mussa og fiskeyngel. Desse utgjer ein stor del av næringskjeda. Fuglar
treng ikkje mykje men må ha lett tilgang til næring, Dei bruker stor energi for å holde på kroppsvarmen.
Om vinteren kan være krevjande. Då er kort veg til næring viktig. Ærfugl, Siland og andre sjøfugler innerst i fjordane på Vestlandet. Både sommer og vinter er det et rikt fugleliv her. 

Storskarv til tørk ein ofter sett sjøfugl
Storskarv

Tilgang til mat

I ei slik næringskjede blir den minste i kjeda mat for den neste etc. Om maten er lett tilgjengeleg, så må det også være balanse i forhold til fiendar. Vi veit at mink og ørn, har auka mykje dei siste åra. Det gjev også utslag på bestanden av sjøfugl.

Terne og måse er arter som stadig er på tilbakegang langs kysten.  Det kan være både tilgang til mat og forholda rundt reirplassen. Dessutan så har vi mange miljøgifter, forureining og ikkje minst all plasten som er i sjøen. Det er nok mange ulike forhold som tvingar dei vekk. Men mykje av dette er påvirka av oss menneske.

Endringa i klimaet har nok også stor betydning på forandringane som vi ser i dag. Sjølv liten temperaturendring i sjøen , kan føre til endringar for mange arter. Nye arter kjem til og andre forsvinn. Sjøfugl vil sjølvsagt følgje etter der matfatet flyttar seg.

Ærfugl fanger blåskjell
Ærfugl

Ærfugl

I dei siste dagane, no i November, hadde det vært ein del ender rundt i område, her innerst i Bjørnafjorden. På ein heller kald dag, med litt sur nordavind, tok eg kamerasekken på ryggen. Ein spasertur langs strandlinja her innerst i fjorden. No hadde ein flokk ærfuglen flytta seg heilt inn mot land. Tidlegare låg det i flokk lenger ut. Kanskje kraftig sjø og vind, hadde tvunge dei inn mot smulare farvatn. Dei er tett samla. Alltid heile flokken i ro, eller i bevegelse. Sjeldan bryt nokon ut av flokken. Her var både hann, ho og årets ungar. Flokken bevega seg roleg inn mot land, så var det å dykke etter blåskjel.   Men etter kort tid drog dei ut igjen. Så låg flokken roleg eit par hundre meter frå land. Etter 20 – 30  minuttar, så kom dei inn igjen, kunn for same korte opphald.. Det såg ut som om det kunn var nokre få av fuglande som fekk tak i mat, på den korte turen. Dette mønsteret gjentok seg heile dagen, til det begynte og mørne. Då drog dei ut på fjorden og forsvann.

Ærfugl innerst i Bjørnafjorden
Ærfugl

Andefamilien

Ærfuglen er den største i andefamilien. Dei er mellom 1,6 – 2,8 kg. Fuglane kan dykke ned mot 50 – 60 meter. Blåskjell og mindre kreps er maten den held seg til. Hannen er fargerik, med den kvite fargen på bryst og overkropp. I tillegg svart og grønfarge rundt hals. 

Ærfugl i flokk
Ærfugl

Storskarv

Nytt er også at skarven har slått seg ned her inne i fjordane. Denne fuglen såg vi ikkje her inne før. Den forsyner seg stort av all slags fisk. Du ser han ofte på små holmar og nes. Mens eg filma ærfuglen, kom også eit par storskarvar inn i dette smule område. Han dykkar etter fisk. Tida og avstanden han brukar under vatnet er imponerande. Det skjedde også at han kom opp med ein fisk. Den åt han i overflata. Typisk er også den korte tida han er over vatnet, før neste dykk. Knapt så du får tid til å ta eit bilde.

Skarv som lander på sjøoverflaten
Storskarv

Siland

I denne perioden er det også mykje siland i området. Siland lever av småfisk, yngel og held seg nærme land. Den er ei tynn og elegant fugl. Med høg hals og langt nebb.

 

Siland lander på vatnet
Siland

Hegre

Dagens første men også siste sjøfugl, var hegren. Ein elegant fugl, stor og majestetisk, der den står i strandkanten. Tolmodig vente han på at bytte skal symje forbi. Men fuglen er ekstremt «var». Vanskeleg å komme nært innpå. Fuglen har ofte sine faste plasser, så lurt å finne eit fint skjul og ha god tolmod. Ta med varme klede og ein termos med god varm tea. Denne dagen kom eg nært innpå fleire av dei. Kraftig vind og sjø, var nok til min fordel.

Hegre på flukt
Hegre

Bestanden av hegre ser også ut til å vere stor og kanskje voksande i dette området. Det ligg også mange lakseoppdrett innover i desse fjordane. Kan være ein samanheng her.

Hegre i treet
Hegre

Dette året ser det også ut som endene har klart å bære fram mange ungar. Så i utgangspunktet ser det ut som sommaren 2020, har vært eit godt år for desse fuglane i dette området. 

Hegre på skjæret
Hegre på skjæret

Knoppsvane

Mengde av knoppsvaner ser også ut til å ha økt kraftig over dei siste åra. I område her er det mange par. Her ligg dei på reir, både i smale sund, på holmar og inne på små ferskvatn. Her er bilde av eit par frå 2019, med to ungar. Dette året hadde dei også reir på same plass, men ingen ungar. I år forlèt dei eit tomt reir tidleg på sommaren.

Knoppsvane med unge
Knoppsvane

Leave a Reply

Your email address will not be published.