Skitur på Utvikfjellet i Sundfjord
Skisesongen 2026
Vinteren kom tidleg nord i Vestland fylke dette året. Ein tidleg kuldeperiode tok også med seg store snømengder, dette alt i starten av november. Skiløyper blei preparerte, topp forhold i minus grader og fin nysnø. Kanskje dra ein tur nordover og testa skiløypene. Her nord i Sundfjord, er eit område det er lenge sidan eg også har besøkt. Dei turane har for det meste også vært sommar og haust. Var fortsatt bar mark og mildt haustvêr her i Bergens område. Ta ein skitur til nye område, var absolutt ein fin utfordring. Fint og komme i gang med skisesongen, så tidleg på sesongen. Utvikfjellet blei vårt turmål
Sogn og Sundfjord
Leita fram ski og pakka nødvendig vinterutstyr i bilen. Så gjekk turen mot nord og over Sognefjorden. Sesongen første langhelg på ski. Når vi kom inn i Gaular vassdraget, låg vinteren tjukt over landskapet. Lauvskogen sto kvit av frost og rim. Store furugreiner, som hang snøtunge. Sjølv om sola mangla, var dette som eit postkort. Langs vassdraget steig frostrauken opp, og laga ein dis over dalen. Slik skifta landskapet oppover. No gjekk turen langs det vidstrakte Jølster vatnet. Her kom dei majestetiske fjelltoppane til syne. Sundfjord i et maleriske landskap som Astrup har foreviga i mange av sine bilde.
Vegen opp
Dagane er korte på denne tida av året, og snart seig mørke på. Men no var vi alt i Byrkjelo. Her blei det eit stopp for nødvendig proviantering. Sjølvsagt eit besøk hos Bakar-Jon, med innkjøp av nødvendige bakarvare. Lukta av nybakt brød og havrekjeks, var freistande å ta ut av posen. Berre ein liten smak, men det meste blei med til fjells. Det mørkna alt, men bak oss kom månen fram over den snøkvite Eggenibba. Også eit landemerke i Sundfjord.
November med korte dagar. Det var mørkt når vi kom opp på Utvikfjellet. Vi jubla, når vi såg ljos i løpa og dette freista til ei kveldsøkt på ski.
Kveldstur
Sjølv om det var seine kvelden, så måtte ein ut og prøva skia i det kvite landskapet. Det blei ein fin liten men krevjande skitur før pizza’en kom i omnen. Stjerneklart, kald og klar luft. Den kvite snøen , mot den mørke stjernehimmelen. Noko eige med ein skitur i kveldsmørke. Men det tok ei stund før ein kjente varmen i tærne. Også kalde stive fingrar som måtte varmast, med ekstra bevegelse rundt skistaven. Men om litt var alt vel. Her var det stille, kunn ein monoton lyd frå ski som sklir bortetter sporet. Lyden av ski over dei kalde snøkrystalla. Freden senka seg over Utvikfjellet.
Meir snø
Neste dag hadde vêret snudd. Termometeret utanfor døra, viste +2 grade. Gråe, lave skyer og tunge våte snøflak, lava ned. Atomic felleski var nok det rette i dag. I 10 cm nysnø og skodde, var det vanskeleg å følgje sporet og løypa. No på morgontimane bar turen innover mot Snøfjellet, som ligg på 1006 moh, på toppen av Utvikfjellet.
Det lysner av dag
Snøen gav seg snart, og skydekke letta. I aust over Myklebust-breen, kunne ein sjå starten på den blå timen. Den eine fjelltinden etter den andre dukka opp gjennom skylaget. Nede i dalen, la det seg eit tjukt skodde. Som ein grå dyne, som la seg nede i dalane. Skylaget og himmelen forandra seg heile tida. Små orange flekker kom fram gjennom skylaget, der sola fann ein opning. Store kontraster i landskapet, mellom mørke blå skyer og den kvite snøen.
Spor i snøen
Innover den snøkledde vidda såg eg revespor. Dei låg på ei snor, i den elles urørte snøen. Så forsvann dei av synet, langt, langt inne på vidda. Dei forsvann i overgangen mellom snøen og mørkblå truande skyar. No begynte dagen å komme fram. Dagslyset erstatta morgonstemninga i fjellet.
Sundfjord på sitt beste
Etter kvart som varmen kom, letta også skodda nede i dalane. No kunne ein skita Breimsvatnet, lang, langt dere nede. Når ein kom utover, under Snøfjellet og mot Aksla, skimta ein også deler av Nordfjorden. Ei utsikt frå fjorden og opp til høge fjelltoppar på 1300 moh. Og til slutt kom Eggenibba opp, som ein pyramide i horisonten. Betre utsyn en dette kan ein knapt finna.
På heimturen tilbake til Bergen, måtte det bli ein stopp i Førde i og Langedalen Skisenter i Sundfjord. Vi kom til nypreparerte løyper og perfekte forhold. Ein av dei beste løypetrase eg har vært på. Lange flater, lange slakke motbakker, saman med kupert terreng. I tillegg ei vakker utsikt mot Storehesten.