Langs Irlands Vestkyst - Wild West Road
Malin Head – Irlands nordlegaste punkt.
Malin Head, er Irlands nordlegaste fastlands område. Malin Head ligg i Donegal fylke, som strekker seg frå Sligo og nordover. Malin Head er ei lang halvøy ut mot Atlanterhavet. Malin Head er så langt nord du kan komme på denne øya, Irland. Du kan kjøre med bil heilt ut på Malin Head. Ein liten parkeringsplass oppe på toppen, så ikkje plass til så mange biler. I slutten av oktober, var nok turisttrafikken på hell. Denne laurdagen var det god plass. Det blei seint på ettermiddagen før eg parkerte bilen på Malin Head. Det første som møtte meg var den friske, salte, sjølufta frå Atlanterhavet. Ein laber bris, så vinden var knapt merkbar. Men nede på dei kvasse klippane slo bøger kvitt oppover fjellet. Bakom ville fjellknausar strakte ein grøn bakke seg utover, som eit teppe oppe på den taggete sjølinja. Det var eit stort område, her ute på Malin Head platået. No var det fram med kamera og stativ. På med tursko og ut på oppdagelses ferd. Måtte nytta tida før mørket kom, kanskje nokre fin kveldsmotiv også
Halvøya Malin Head
Her på fjelltoppen, ved Malin Head’s parkering, står det nokre gamle murer og ruiner av bygningar. Historie går tilbake til starten av 1800 talet og Napoleons krigen. Det britiske kystforsvaret, bygde vakt og signal tårn langs heile Irske kysten,dette for å overvake angrep frå Napoleon. Men franskmennene kom aldri med angrep mot Irland. Under andre verdskrig, malte Irland «ÉIRE» med store kvite bokstaver, i nærleiken av tårnet. Dette blei gjort langs heile kysten. Dei ville markere at Irland var nøytralt.
Historie rundt Malin Head
Også under første verdskrig, bygde militæret opp strategiske utsikts postar. Dette for å følgje med tysk ubåt trafikken. Irland har latt desse byggverka stå, utan vedlikehald og latt naturen gå sin gang. Ingen forsøk på å lage ein kunstig turistattraksjon av område. Dette synes eg tiltrekker meg enno meir. Originale ruin, gamle murer og tårn, fortel historia mykje betre.
I 1902 blei det installert ein signal stasjon, «The Lloyd signal Station» Dette for kommunikasjon med skipstrafikken. Også for å formidle vidare informasjon til Lloyd i London.
Ein går nedover mot det forvita og taggete fjellformasjon, som slost med havdønningar kvar dag. Heilt ute på eit nes, står det ein kross, i kvit marmor. Dekka til med tau, band og tøybitar i all slags fargar. Kanskje også materiell som sjøen har ført med seg, og spylt over monumentet. Korset skal være til minne om ein franskmann som drukna her, tatt av havet.
Hells Hole
Utover mot klippane, må ein passere «Hells Hole» Det er ei stor kløft, som gjennom årtid har spist langt innover i terrenget. Vidare utover langs Malin Head, møter ein høge klippar og øyer som stikk opp av havet. Spisse pyramide forma fjell, av knudrete, råte, porøst fjell. Langt ute i Atlanterhavet, sig sola ned i horisonten. Det lagar ein magisk himmel og oransje lys innover mot landskapet.
Malin
Malin er eit skandinavisk jentenavn. Her har vikingane landa på mange av sine tokt mot Irland. Her er spor så langt tilbake som bronsealderen og frå tidleg kristendom.
Malin Head i Donegal
Snart seig nattmørke på. Malin Head, var ei oppleving. Måtte nok bruke morgondagen til å utforske meir. Nesten morgon vakna ein til skyfri himmel, midt i den blå timen, før sola kom opp. Det bles ein kald vind på toppen, med magisk forhold å fotografere i. No så tidleg om morgonen, hadde eg Malin Head, mest for meg sjølv. Ein lite sjark, låg ute på havet og drog opp dagens fangst. Nokre skarv og måse, henta seg frukost i bølgene. Det blei eit anna type lys i landskapet no, ved soloppgang. Så var det å sei farvel til Malin Head, å begynne på turen sørover langs «Wild West Way» og følge vegskilt med dei blå «WWW».