Blog Image

Fotoblogg

Foto

Her finner du fotografi av fuglar, natur og landskap. Skiturer, fjellturer og masse interessant om miljø, innsekt, fugle og dyreliv.

Yddal Naturreservat med fjelltoppen Horga

fjell og toppturer Posted on 15 Oct, 2019 11:21:11

I slutten av august, kom varmen og sommaren tilbake for fullt, med dagar opp mot 30 gradar. Perfekt for overnattingstur i fjellet. Men kanskje i det varmaste laget, når ein har tung oppakning med fotoutstyr, stativ, telt, underlag og sovepose. Men planen var ein tur inn i Yddal Naturreservat. Ein rundtur i området, med overnatting på den høgste toppen, Horga som ligg på 622 moh. Ein topp med vakker utsikt i alle himmel-retningar. Hardanger, Folgefonna, Kvinnherad, Stord, Bjørnafjorden, Fusa, Kvamskogen…..På veg til Horga

Sjølv om dette var i slutten av august, så håpte eg på mykje fugleliv og mange nærfoto av dei. Tok med meg den største fotolinsa, ei Tamron 150 – 600 mm, f/5 og stativ.

Turen starta frå Lygre, her parkerte eg bilen. På med ryggsekk og kamerautstyr. Har med den største foto-ryggsekken, Alfa. Justert den , slik at den sitter godt plassert på ryggen. Stativet er festet på venstre side. Sovepose og underlag er festet på baksida.  Turen gjekk oppover skogsveien og inn mot grensa til Yddal Naturreservat. Lygre er kjent for sin geitost produksjon og her er mange geiter i området. På dagtid går dei i terrenget inn mot Horgavatnet. Om ettermiddagen kjem dei tilbake til ute-fjøsen og blir samla inn og overnattar der, for så å bli mjølka neste morgon. Når grusvegen var slutt, kom ein inn til Stegvatnet og starten på område for Yddal Naturreservatet.  No blir det og følga stien  langs vassdraget innover mot Horgavatnet og den store furuskogsområde langs Lygresåsen. Heile denne vegen er eit vakkert våtmarksområde. Når eg gjekk langs vasskanten til Stegvatnet, ei blanding av myr og siv, oppdaga eg store mengder av augnestikkar – langs heile denne sida av Stegvatnet. Det var arten «Svart høstlibelle», den flaug rundt i sivet og på vatnet. Landa på små grasstrå og planter i vatnet. Det var no midt i paringstida – han og ho insektet hang saman i lenke, medan dei fauk rundt på vassflata og la egg i vatnet. Også ei stor mengde av ein annan art, den lyseblå «Spydblåvannymfe», eller «Coenagrion hastulatum», på latinsk. Den var lett synleg i sin lyseblå farge. Den held seg inne på det tørre området. Totalt var det kanskje fleire hundre av desse to artane langs denne kanten av vatnet. Turen innover mot Horgavatnet tok lang tid i dag. Måtte observere og fotografere den store førekomst av augnestikkar. Dei lever av insekt, så at det her er mange husdyr i område kan ha litt og sei for livsgrunnlaget. Mange av desse øyenstikker artene har gått kraftig tilbake også i Norge. Forurensing av vatn, drenering av myrer, mindre husdyr på beite etc.Øyenstikker

No var eg framme med Horgavatnet, som låg spegelblankt i morgonsola. Den vanskligaste delen av turen låg no framfor meg. Det var oppstigninga frå Horgavatnet og opp på fjellryggen mot Horga. Ein stupbratt fjellrygg som går sør-nord og deler heile naturreservatet i to. Få plasser du kan komme deg opp. Men her, midt på vatnet, går det eit skar oppover mot sør/aust. Vegen opp var ei bratt steinur, opp dette skaret på fleire hundre meter. I tillegg til denne bratte steinura, så var det masse rotvelta tre og trestammer som måtte passerast. Dei låg på kryss og tvers, måtte enten over eller under trestammene. Med stor tung ryggsekk og eit fotostativ, som stadig festa seg i greiner og stubbar, blei dette strevsamt. Det gjekk oppover, men sakte. Også vanskeleg å bedømme lettaste rute oppover, men fann den beste vegen langs venstre sida av skaret. Skaret blir smalare lenger oppe og ein liten bekk kjem no opp i lyse dagen. Må trø varsamt på våte og sleipe steinar. Men til slutt flater det seg ut, og ein stor og frodig dal opnar seg opp. Etter ein halvtimes gonge i litt myr og høgt gras, så stiger terrenget og då er eg oppe på fjellryggen som går opp mot toppen og Horga på 622 moh. No fortsette turen på kanten av ryggen oppover og rett nord. YddalHer endrar furuskogen seg fort til små og ver-skeive tre og avstanden mellom dei blir større og større. Gamle rotne furustubber blir til krokete figurer oppover det nakne fjellet. Samstundes opnar det seg ei vakker utsikt over Hardangerfjorden, Kvinnherad og Stord. Folgefonna ligg som eit kvitt laken langt borte i horisonten, over alle dei høge fjelltoppane i Kvinnherad og sola blenkje seg i den mørkeblå fjorden. Mot vest ligg Yddal og endelause vidde med furuskog og fleire vatn, like ned mot den indre del av Bjørnafjorden. Og midt inne i tjukkaste skogen, er det ein liten lysning, eit einsamt kvitt hus. Det kvite huset i ingenmannsland er ein stor kontrast til all den grøne skogen. Dette huset er den øvste av dei tre gardane i Yddal. Desse gardane ligg samla, med kort avstand mellom husa. Dei ligg som på ei rekke etter kvarandre. Den raskaste vegen opp hit, er med båt over Bosvatnet. Så er det ca 1 km på ein traktorveg opp til gardane.  På desse fjellgardane budde det folk til langt ut på 1950-tallet. Då var det i hovudsak skogen dei livnærte seg av. Yddalselva blei brukt til fløyting av tømmer ned til Bosvatnet . Øvst i elva var det også satt opp ei lita sag og ein demning, som var brukt under tømmerfløyting. Mykje av terrenget rundt Yddal er vanskeleg tilgjengeleg. I desse områda finn ein svært gamal skog, mykje rotvelta og nærmast som ein urskog. Det meste er skogen her er kanskje ein av dei eldste uberørte furu-skogane i område. Men namnet Yddal kjem av det gamle ordet yr, som betyr barlind. Enkelte plasser vil ein ennå finna nokre gamal barlind. Teltplass

Planen er at eg skal gå nedom Yddal på tilbakevegen og så ta den gamle stien ut mot Lygre. For ungane som voks opp i Yddal, var denne vegen deira skuleveg. Dei gjekk på skule i Lygre, og måtte bu der i perioder, då vegen var for lang og strevsam. No i  dette varme og fine veret , kjem det til å bli  ein interessant tur. Men først er det å fortsette oppover mot toppen av Horga, for å finne ein fin teltplass for natta. Kjenner det begynner å ta på kreftene, med 25 kg på ryggen.

Det ligg mange små vatn og dammar, som eg passerer på veg oppover. Det største er Horgatjørna, som ligger nede i ei stor kløft, nesten heilt på toppen. Frå Horgatjørna og opp til Horga er det difor litt bratt stigning. Men før eg gjekk opp på toppen, måtte eg få opp teltet før det blei for mørkt. Varden på HorgaFann ein fin plass i nærleiken av Horgatjørna. Ein dal som går på tvers og fører ned i eit stort skar, som i morgon skal ta meg ned frå fjelltoppen og til eit nytt platået over Yddal. Dette skaret er også eit stort landemerke for fjellet Horga, og ein kan sjå det på lang avstand. Her i denne dalen låg også eit idyllisk lite vatn, no med ei fin utsikt frå teltopninga. Før det blir for mørkt, må eg opp på toppen. Oppe på platået er det eit stort flatt område, der varden til Horga står ca på midten. Rundt omkring ligg det små dammar og myrer. Perfekt utsiktsområde i 360 grader. Sjølv om det var ein svært varm dag, så gav allereie den klåre haustlufta god utsikt austover og innover i Hardanger. Mot vest var det ein raudglødande himmel og ei vakker solnedgang. No kom fotostativet godt til nytte. Her var det rikeleg med motiv å boltre seg med. Når eg klatra ned igjen til teltplassen var det nokså mørkt, og den vesle led-lykta kom no godt med. Etter ei god natt med søvn, ute i det fri, vakna eg tidleg i grålysninga – til klar og frisk fjelluft. Litt kaffe igjen på termosen, men det var dessverre blitt kald. Måtte klare meg uten kaffe denne dagen. No var det ut med fotoapparat og stativ. Fotografering i morgonlys er min favoritt. Måtte finne meg ein fin posisjon før soloppgang. Står ofte med ryggen mot soloppgangen og fangar lyset som oppstår i vest. Dette passa bra no også – i tillegg ei fin spegling og refleks av lys frå vassflat i det vakre vatnet ved teltplassen. Morgon lys

No var det tid for å klatra ned frå Horga og ned mot Yddalsvatnet. Dette er det største vatnet i Naturreservatet. Her oppe har eg god overblikk på alle dei små og store vatna som ligg rundt Yddal. Så var det og komme seg ned dit. Vegen var ei bratt ur som har ein del store steinblokker. Desse må ein passere, men her var ingen tre eller vegetasjon som er til hinder. Ei utfordring var det likevel, med ein tung rykksekk. Det er då litt meir krevjande og halda balansen, frå stein til stein. Tok det forsiktig, så nedstigninga tok lenger tid enn berekna. No måtte eg også bestemme meg for kva veg eg skulle velje tilbake. Den eg tok sist var ned til gardshusa i Yddal, og stien derfrå og til Lygre.Yddal

Men her oppe har eg ei fin oversikt på terrenget. Har bestemt meg for å ta ein kortare veg, eller strake vegen ned mot Horgavatnet. Trur ein skal kunne gå rundt vatnet på vestsida og så komme inn på samen stien som eg starta på frå Lygre. I dag er det enno varmare, rundt 30 grade, og sola står rett på. Drikkeflaska med solbærsaft er tom, men no er eg nede i eit område med mange vassveier og små vatn. Det første område eg kjem til, er eit stort flatt platå. Små og krokete furutre, reint og blankskura fjell og gå på. Flatt, nesten som på eit stovegolv. Vakre små dammar og bekker som roleg sildra sørover og på veg til eit nytt og lågare platå. Det andre platået ligg sirka 100 meter lågare, no følgde eg hjorten sine vegar. Det var få plasser ein kom seg ned, så hjortestien var til god hjelp.

Ei bratt li og dei små bekkane samlar seg til ein liten og vakker foss, som stuper nedover den hundre meter bratte, svarte fjellsida og ender i ein stor kulp lenger nede.

No kom ein ned i den gamle flotte og trolske furuskogen og ein heilt anna vegetasjon. Her var også litt lauvtre langs elvefaret. Eg følgde bekken vidare nedover til eg kom på eit nytt stort opent område – her var det heilt flatt, masse berg og små myrer. Så dukka det opp vakre små vatn, med mange vikar og nes. Mellom desse vatna var det fleire vann-vegar, nærmast som kanalar. Desse gjekk nedover og enda opp i Yddalselva, lenger nede i dalen. No høyrde eg også brusen av den elva og nokre små fossar som viste seg fram mellom skogen der nede. Namna på desse to vatna er Træstjørna og Dyrdaltjørna. Her tok eg ein lang kvil og åt opp resten av nista. No var det og følgje ein liten dal sørover og håpe at vegen ned mot Horgavatnet er framkomeleg.  Og det var eit greitt vegalternativ, som i tillegg var ein god del kortare enn den planlagde ruta om gardshusa på Yddal. No gjekk det raskt nedover, langs ei lita elv og ei bratt fin sørvendt lid, ned mot vatnet. Ved vatnet var det ein stor flat sandbanke eller øyr, der elva hadde grave seg veg gjennom sanden.

Hadde observert svært lite fugl på heile turen. Oppe på fjellet såg eg ei ørn som for høgt oppe i sirkel. Seinare såg eg anna større fugl, som kanskje var ein fjellvåk. Den sto roleg i lufta i fleire minuttar, før den forsvann nedover og kanskje mot eit bytte. Begge desse fuglane var på lang avstand og vanskeleg å vurdera heilt sikker på kva fugl det var. Trudde kanskje at her nede ved vatnet og sandbanken, skulle vera mykje meir og observera. Men det var uvanleg stille og heller ingen fuglesong. Kanskje det var for varmt og kanskje mange allereie hadde begynt på turen sørover, eller ned i lavlandet.

Resten av turen rundt vatnet gjekk fint. Kunne gå heilt nede i vasskanten og i enden av vatnet kom eg så inn på stien ned til Lygre. Kl 16:00 var eg tilbake til bilen, passe sliten og trøtt, delvis av varmen og delvis av den tunge bagasjen. Var fint og få sekken av ryggen og sette seg inn i ein kokvarm bil!

Turen var fin, men overraska av at det var så lite fuglesang og fugleliv inne i Naturreservatet.



Kalkgruve i Lukksund

Byggninger, Turer Posted on 25 Sep, 2019 13:13:01

Ved innkøyring til Lukksund, frå Bjørnafjorden, ligg Nesbjørgnes (Neset) og det gamle steinbrotet frå byrjinga av 1900-tallet. Kalkgruvene var dagbrot og opne i landskapet. Kalken blei ført ned til to kaier på utsida av Toneset. Her vart kalken lasta om bord i malmbåtar. I dag ser ein kunn rester igjen etter kai-anlegget. Tida og sjøen har tatt bort det meste.

Jordkjeller

Kalksteinsbrotet i Nesbjørgnes vart starta i 1908. Fram til 1919 vart det drive av A/S P. G. Rieber & Søn i Bergen. Etter nokre års pause tok ingeniør Karl Sande over og dreiv frå 1925 til ut på 1940. Då kom krigen og arbeidet blei stoppa. Kontrakten med grunneigar gjekk ut i 1943 og etter det har det ikkje vært noko drift i desse gruvene. Det meste av eigendommane i  dette området, låg under Baroniet i Rosendal. Det same gjaldt også område til gruvene. Denne eigendommen er no overdratt til Universitetet i Oslo.

Kalkgruva i Toneset

I den tid var dette var ein viktig arbeidsplass for innbyggarane i nærliggande område. Hardt arbeid med hammar og slegge for å bryte fram kalken. Dei fleste måtte bruka båt for å komma til og frå arbeid. Om vinteren og i ruskever om hausten, så var nok dette ofte eit slit og stor utfordring. Dette anlegget hadde to gruveløp. Den eine frå kaianlegget på Toneset og sørover. Den andre startar rett innanfor gardshusa på Neset og nordover til kaianlegga. På det djupaste kan dei vera mellom 60-80 meter. På enden av denne gruva låg huset til Karl og Mette Wilhelmsen.  Huset låg på ei høgde, med fin utsikt over fjorden. Karl var formann for gruvedrifta, han kom frå Karlstad i Sverige og gifta seg med Mette Berge frå Lukksund. Ved sida av dette bygget låg også ei smie. Husa er vekke i dag, men ein ser grunnmurane til begge to. Område er utvida med  store slagg-haugar og murar som er laga rundt transporten av malmen ned til utskipinga. Ein jordkjellar ligg også her, fint oppmura og heil. Det ligg også rester etter reiskap og jernskinner, rundt i område. I tillegg ligg det mykje laus kalkstein rundt i gruveområde. Gruva tilhøyre ei kalk-åre som kjem frå Varaldsøy i Hardanger og fortsett på sørsida av Tysnes og til Stord.

Kalkgruve og dagbrotet i Lukksund

Område har frodig vegetasjon, med mange tresortar. Fleire bøketre var det også i området.



Geitknottane Naturreservat

Natur og landskap Posted on 25 Sep, 2019 10:05:49

Geitknottane

Geitknottane er eit skogs og fjellområde mellom Fusa, Kvinnherad og Kvam kommune. Det ligg i den ytre delen av Hardangerfjorden. På andre sida av fjorden ligg Varaldsøy, Folgefonna, Melderskin og dei andre store fjelltoppane som perle på ei snor. Vannlilje

Dette område har ein karrig furuskog, fjellknausar, våt-område, med mange myrer og små og store vatn. Det største vatnet er Hattlesteinsvatnet. Dette område er no eit interessant naturvernområde med stort biologisk mangfald. Det vart opprett tilbake i 1997,og grensene går saman med Yddal Naturreservat. Desse to områda tilsamans er blitt eit av det større reservata på Vestlandet.


Dette karrige landskapet er rik på sjeldne planter og arter. Furutrea veks sprett, mellom sprekker og steinar i fjellet. Trea er ofte krokete og små, men med høg alder. Her finn du også blåveis, som er sjeldan på Vestlandet. Varaldsøy, som ligg i nærleiken, har også ei stamme med blåveis. Ei kalk-åre går gjennom desse områda, og gjer god jordsmon for blåveis. Her veks også den vakre meterhøge Kongsbregna. Detter er ei skjeldan plante i Norge og veks kun i område rundt Kristiansand og i Ytre Sogn.
Men dette område er kanskje mest kjent for førekomst av storsalamander, som held til i dei små tjerna og vatna rundt Geitknottane. Truleg har både Kongsbregna og stor salamanderen kom hit i ein varmare klima-periode. Når klima har forandra seg, så har dette område klart og ta vare på desse artane. Kanskje også fordi dette har våre eit karrige område og lite påverka av menneskeskapt aktivitet. Det er også eit vanskeleg område å bevege seg i. Bergtoppar, så ned i bratte skråningar, så myr og små tjern og vatn. Må ofte gå lange omveger for å komme seg innover i terrenget.

Frosk
Sjølv om dette område har vært freda i over 20 år , ser og høyrer eg lite fugleliv i område. Dette er i slutten av juli – og fugleaktivitet skulle vært på sist høgeste, med nyfødde fugleunger.
I dette myrete område er det også gode forhold for padder og frosk. I enkelte deler nede i skråningane – ligg dei gøymt inne i høgt gras.
Stor salamander finner du ei dei små dammane rundt i område. Den beste tida for å observera dei er nok om våren, når dei kjem og legg egg – på blader i vassflata.
Egga går så gjennom ei larvetilstand, før dei utviklar seg til stor salamander.



Svaner

Dyr og fugler Posted on 13 Jul, 2019 15:09:38

Svanepar med to unger
Knoppsvaner

I denne artikkelen har eg observert eit svanepar over ein periode på 5 – 6 veke. Det starta i begynnelsen av mai.Då såg eg eit svanepar ofte var nede på eit lite vatn (brakkvatn) – og det såg som dei hadde slått seg til ro der i lengre tid. Som eg tenkte, tok det ikkje lang tid før dei starta med reirbygging. Ein stor konstruksjon i vannkanten, bygd opp av siv. Dei drog opp lange siv og la dei lag for lag og bygde ei lita øy i vannkanten. Reiret låg fint, inntil høgt siv, men syntest godt. Samtidig med bygging, hadde hannen det travelt med og vokte sitt territoriet. Her var det sortering av arter. Mens grågåsa blei aggressivt jaga vekk, fekk ender lov og symja omkring reirpassen. Hegre fekk også lov og besøke området uten reaksjon fra hannen. Kanskje det også var eit gjensidig samarbeid her? For meg såg det ut som svanene har heller dårleg egenskap for å observerer andre fiender. Ja, du kan bevege deg nokså nærme – uten at du synleg bli oppdaga. Mens ender og hegre er ekstremt vare, og reagerer på den minste bevegelse. Slik kunne dei alarmere svanene, som då holdt bedre utkikk og var på vakt mot farer. Såg ofte at fleire Stokkender låg heilt inntil reiret. Om dei også hadde reir inne i sivet, var eg usikker på. Men såg ingen andunger.

Ruger på to egg
Reir med to egg

Rett etter 17. mai, la hoa egg, og blei liggende meir eller mindre konstant på reiret for og ruge. På dagtid holdt hannen seg i god avstand frå reiret. Han trakk seg ofte opp i graset og fann seg mat. Dette var før slåtten, og graset var blitt svært høgt. Du såg kunn hovudet og litt av halsen til den store fuglen, der han gjekk i graset. På kvelden trakk han tilbake til hua og reirplassen. Dette var eit mønster som varte under heile hekketida. Svanen høyrer til andefamilien og er dei største av fuglane i denne arten. Kan vege over 10 kg, Hannen er som regel litt større enn ho-fuglen. Det er to typer svaner, knoppsvane og sangsvane. Dette paret var knoppsvane og dei er mest tallrik i Sør-Norge. Hannen har større kul(knopp) på oversiden av nebbet, enn hunn-fuglen. Det er vel den mest markante forskjellen å sjå.
Usikker på alderen på desse to, såg dei var registrert 22R – men det blei tre egg i reiret. Normalt legg dei 3- 8 egg. Av og til reiste svanemor seg opp og drog meir siv rundt kanten av reiret. Også når ho låg på reiret, drog ho til seg siv og la heilt inntil kroppen. Eit par gonger såg eg at ho-fuglen var ute og fann seg mat. Då var det hannen som passa reiret og egga. Men såg ikkje at han låg på egga. Mens ho-fuglen låg konstant dag ut og dag inn. Det tar lang tid før klekking. 4 – 5 veke.

Som sagt, så hadde dei ofte besøk av ender. Same familie – så kanskje ikkje så rart at dei nesten kom heilt opp i reiret, uten reaksjon frå svana. Men kom det ei grågås, var hannen i full krig med ein gong. På vingene og jaga vekk inntrenger.

6. juni skjedde det. To nye svaner kom ut av egga. Det tredje egget såg eg ikkje noko meir til. Kanskje tatt av fugl eller rovdyr ?
Men dei to nyfødde såg ut til å vera i god form. Det tok ikkje lang tid før dei var ute og tok sine første symjetak. Dei første turane var korte. Når dei kom opp i reiret igjen, la dei seg under vingene til mora. Men så blei det lengre og lengre turar. Dei tok ibruk heile vatnet. Og no fann dei seg mat av strå langs vannkanten. Oppholdet i reiret blei kortare og kortare. Etter seks dagar forlot dei reiret og vatnet, og tok turen ut i sjøen. Har ikkje oppservert dei i vatnet etter at dei drog.

Ei mor med sine to svanunger på reirplassen



Abisko Naturreservat

Turer Posted on 21 May, 2019 04:04:59

Med våren kjem også flyttfuglane tilbake her nord, både i lavlandet
og i fjellet. Også nokre av artene som overvintrar, endrar karakter om våren.
Dyr og fuglar som brukar kamuflasje, startar smått og endre på sine farger
til ein vår og sommerens fauna i naturen. Dette er ei fin tid og observere naturen
og dyrelivets tilpassing til årstida. Nokon skal føde, andre skal finne make,
gamle reirplassar skal renoverast og bli klare til ein kort og hektisk
hekkesesong i fjellet. Med varmen kjem også ein variasjon av fuglesong innover
i skogen. Oftast fra den øvste tretopp spilles det av full hals. For og oppleva dette
i høgfjellet og i villmark, har eg tatt ein lenge ønska tur opp til Abisko i Sverige og
Norrland. Så no har denne turen blitt ein realitet.

Abisko har eit gammalt naturreservat, som blei oppretta allereie
i starten av 1900 talet av Hjalmar
Lundbohm
, som grunnla Kiruna by. Han var også pådrivar bak bygging
av jernbanen til Narvik. Hjalmar Lundbohm blei så glad i dette området sør for Abisko,
at han gjorde det om til eit Naturreservat. Her er også starten på «kongslede», som også fører opp til Sverige høgaste
fjell, Kebnekaise på 2106 meter. Elven «Abiskojåkka» renner gjennom denne dalen og
ender ut i innsjøen Tårneträsk. Tårneträsk er Skandinaviske største
fjellinnsjø, i tillegg er den svært djup. Før elva når innsjøen, går den også gjennom ein stor «Canyon» i Abisko og munnar ut i et stort sanddelta, rik på
fugleliv og hekking om sommaren. Det at dette område har vært freda så lenge,
har ein også behaldt eit mangfald av dyre og fugleliv. Svenske myndigheiter har
også forvalta området svært godt og dermed klart å ta vare på viktige arter og urørt
natur.

Den Svenske Turistforeininga har ein stor turiststasjon, ein
Vandreheim og ein teltplass i Abisko. Turiststasjonen har heilårsdrift, men
stengt ca ein månad i mai, til midten av juni. Då byrjar sommar og
haust-sesong.

Min reisemåte til området var med tog frå Bergen – Oslo –
Trondheim – Fauske og så buss videre til Narvik. Ein busstur, som eg på det
sterkaste kan anbefale. Rundt kvar sving opna eit nytt landsskap seg opp.
Fjell, sjø, kvite strender, fjordar og snøkvite fjelltoppar. Stetinden låg der
med eit lett skydekke over toppen og kvite snørenner langs fjellsida. På
avstand såg snørennene ut som ein legesignatur.. . Overnatta i Narvik, for så og ta
Ofotbanen vidare til Abisko. Ein kveld i Narvik, var nok til å få tatt ein
liten tur opp i Narvik fjellet . Låg mykje gamal snø igjen – og tungt og gå.
Kom seg over tregrensa og tok nokre panoramabildar over byen og Lofotveggen.
Neste morgon i strålande sol, fortsette turen til togstasjonen og god frukost i ein flott og nyoppussa» jernbanekaffe».

Ofotbanen i strålande sol, får kamera til å gløda gjennom
togvindauga. Banen tar deg opp i fjellet, svevande på ei hylle høgt over dalen.
Etterkvart er du oppe i dei kvite vidder med høge fjelltoppar. I mai er
skisenteret på Riksgrensen eit populært reisemål. Både for alpint og topp-turar.
Det var også eit svensk par som gjekk av på stasjonen Katnak og drog på
helgetur videre innover i fjellet til ei norsk turisthytte og så neste dag ned til
Narvik. Etter Riksgrensa og eit skieldorado, tar toget oss vidare nedover mot
dalen langs Tårneträsk og mellom majestetiske fjelltoppar på alle sider.

Det var praktisk å komme fram til Abisko tidleg på dagen.
Sola varma, teltplass og oppsetting av teltet sto for tur. No var det meste av
snøen borte, men problemet var å finne ein plass som var tørr og utan vatn frå telesmelting.
Etter at teltet var på plass, var det også tid til å ta ein spasertur i område
og bli betre kjent med forskjellige turalternativ. Høge gummistøvlar, var det
mest praktiske fottøyet om ein skulle ha tørre bein. Om morgonen var snøen
hard, etter eit par minusgrader på natta. Men utpå ettermiddagen hadde sola
gjort snøen til ein mjuk og bløtt underlag.
Den første turen var stien
nedover langs den mektige canyon og det første ein oppdagar er eit par mandarin
ender nede i ein rolegare vann kulp i ei
elles så kraftig vårelv. Dei svømmer rundt etter næring i straumen. Dette er
sikkert eit par, som har reirplass i nærleiken. Canyon er djup, og det lar seg
ikkje koma lenger ned for fotografering. På ein liten ås topp, var det også
satt opp eit lite fugletårn, med utsikt ned mot elvedeltaet. Her hadde isen
opna seg og eit råk gjekk fleire hundre meter utover. Der sat skarven og måsen
side om side på isen. Etter 1. mai er desse hekkeområda sperra for å gå inn i.

Dag 2, kikker
spent ut av teltåpninge. Kald frisk vårlukt og skyfri himmel. Fotobagg var klar
med vidvinkel og telelinser. Planen var og gå innover dalen i «Kongsleden» Med
det same ein kom inn i bjørkeskogen var det store flokkar av bergfink og gråsporv.
Tette skog kombinert med tette smågreine, gjorde fokusering vanskeleg. Prøvde
manuell fokus, men vanskeleg og få gode bilde på aktive smågugler. Men litt
lenger oppe i elva sat fossekallen på ein stein , midt i elva. Såg den på lang
avstand. Den såg ut som ein liten rund stein, på toppen av ein stor stein i
elva. Forstod fort at det måtte vera ein fugl. Jobba meg sakte innpå og fekk god
tid til å fanga han på 150-600mm linsa. La meg ned på elvebredda og kom i nivå
med fuglen. Den dykka og svømte og viste sine eminente ferdighetar i den
kraftige vann-straumen. Etter dette gjekk turen lenger innover i dalen og den
åpna seg meir opp, med høge snøkvite fjell i bakgrunnen. Perfekt lys og motiv
for landsskapsfoto – med elva og høge fjell som bakgrunn. Tung oppakning og
tung snø, tæra på kreftene og måtte tenkja på returen. Det blei sein kveld, kunne
ikkje gå til sengs før alle foto var overført til PC og studert dagens resultat
nærmare. Fellesrommet på Vandreheimen var ein perfekt arbeidsplass, med
panorama utsikt over dalen og sjøen. Dessutan er natta snart like lys som
dagen.

Dag 3 – Planen
var og komme seg ut i 06-07 tida. Med minus grade ut og kalde klede, var det
behageleg å halde seg nede i den varme soveposen ei stund til. Planen denne
dagen var og utforske elvebredda ved Tårneträsk. Her var alt komt ein del fugl
i strandområde. Denne dagen starta også perfekt, med fint kaldt vær, blå himmel
og sol. Nede ved iskanten var det stille og roleg, Ein flokk med ender, nokre
lom og måse sat stille i små grupper langs den kvite iskanten. Mens andre tok
små rolege symjeturar. Tydeleg at varmen og sola hadde sin behagelege verknad.
Men brått kom måsen på vengene med ilter skrik. Når eg ser opp sirklar ei stor
ørn over flokken – og ser etter bytte. Men to aggressive måsar er på og jager
den ut av område. Like etterpå kommer det ein flott fjellvak roleg over
strandsona. Men den vekker ingen fare hos dei andre. Det er kun mitt kamera som
gjer lyd fra seg.

Setter meg ned for ein matpause og nyte stilla og lyden frå
isen som knaka. Brått oppdaga eg eit reinkadaver som ligg nede på stranda. Det
har nesten same farge som rullesteinane som dekker stranda. Halve skrotten er ete
opp. Kanskje har den blitt tatt av elva lenger oppe, og drukna i den stride
straumen.

På ettermiddagen blei det ein ny liten fjelltur opp langs
skiheisen og «Aurora Sky Lift» bygget, som ligg oppe på toppen av fjellet. Heis
og Aurora sesongen var over og stasjonen stengt, så til fots i djup snø var alternativet. For no
hadde varmen fått godt tak i fjellsida og snøen trakka du gjennom til lang på
kne. Men ein kom seg opp til tregrensa og fekk tatt nokre fine panorama bilde
over dalen. Her blei det også ein lang video opptak med flott fuglesong.

Dag 4 På søndagen
kom det eit værskifte, no blei det mildare og kraftig vind. Utsjånad på
Tårneträskisen endra seg merkbar. Isen endra seg frå kvit lysande flate, til ei gråsvart masse
med mange fargenyansar. Ein flott dag for foto, og på med regntøy og ned til
isen. Eit par linerler trippet rundt på isen, et nokså uvanleg syn. I dag var
måse og ender borte. No blei det fotografering blant rullesteinar, gråsvart is
og lave mørke skyer. Perfekt dag for å fotografere svart/kvit. Etter fleire
timar på stranda, gjekk turen opp langs elva. Varmen hadde tilført mykje
smeltevatn og elva var strid. Hadde med stativ for å knipse med låg
lukkertid. Kvelden gjekk fort og vinden auka på. No blei eg redd for teltet, så
eg kom meg tilbake til teltplassen. Ein lettelse og sjå at teltet hadde tålt
kraftige vinkast. Men lyden og bevegelsen av telte blei kraftig forsterka, når
eg sat inne i teltet. På kvelden kom vinkastene opp i 19 m/s og eg sovna!

Dag 5 Overskya,
men mildt og lite vind. Enkelte solglytt var det også. I dag ville eg ta turen
innover skogen, mot Lapporten. Det mest kjente landemerke i området. Min gode
teltnabo ville vise meg veien i starte, slik at eg kom inn på rett sti. Dette
skulle også være et godt område for elgen. Vi såg masse elgeskit i område.
Elgen hadde også holdt til i teltområde, tidligare i vår.

Men dagen starta også med ein spesiell opplevelse. Rundt på
teltplassen sprang det masse mus og fleire ugler holdt til i området og brukte
det som matfat. Brått høyrte e geit sus, rett over meg og ei ugle hadde fanga
ei mus på vegen og sikta mot det nærmaste tre for og innta frukost. Der sat den
og åt, i tillegg bli foreviga på ein minnebrikke. Dette var absolutt ein
perfekt start på dagen. Turen innover i skogen starta fint. Her var det også
ein god del småfugl. Etter ei stund fann eg meg ein kolle, der eg slo meg ned
og venta på storelgen. Ventetida blei lang og sikta blei dårlegare innover i
skogen. Etter eit par timar returnerte eg tilbake til Vandreheimen.

Dag 6 Denne dagen
blei ein spesiell fototur innover Kungsleden. Kvelden før traff eg og min
teltnabo to jenter frå Honk Kong- Dei hadde tenkt seg ein dagstur til Narvik,
men blei så enige om å ta ein fototur saman innover
Kungsleden til to spesielle meditasjons-plasser ved elva. Dette var gamle
Samiske gudeplass. Jentene hadde interesse for foto, og hadde blikk for gode
motiv. Både med mobil, mange selffi og avansert bruk av iPhone og Nikon D7100.
Med alle fotostopp, så blei turen på heile ni timer. Den siste
meditasjonsplassen låg mellom to fossar. Det tok lang tid å komme til den , men
for et syn.

Dag 7 – Neste dag
var det pakking av telt og ta farvel med Abisko. Litt trist, dette område har
så mykje å by på, skulle gjerne ha stoppa lenger. Må nok planlegge en ny tur på
ein ny vår. Tok toget vidare til Kiruna ved middagstid, for så og ta nattoget
nedover til Uppsala og Enköping som var mitt neste stopp.

Dag 8 Valget blei
Enkjöping, den ligg sentralt og med god kommunikasjon til Uppsala, Stockholm og
Vesteräs. Og ikkje minst, kunn nokre minuttar med bus frå Hjälstaviken. Eit av
Sveriges beste fuglereservat. Stort våtmarksområde i Mäleren ,med høgt siv som gjøymeplass
for fugler. Innerst ligg eit vatn og i front ein kanal som går ut i Mäleren. Om
ikkje det er nok, så ligg Ekolsund Slott i bakgrunnen, med ein flott beplanta
park, som absolutt også er verd eit besøk . Hadde bestilt eit Airbnb sentralt i
sentrum av Enköping. No var det sol og 20 grader, ein dramatisk overgang frå
Norrland. I baggen var det tjukke genser og vinterklede. Enköping er kjent for
sine mange og vakre parker. No var dei i full bløming med tulipanar og staudar.
I tillegg alle prydtre og frukttre i sin finaste blomsterprakt.

Dag 9 Ei god natt
søvn, etter lang togtur gjorde godt. Tidleg opp og på første buss (803) til
Hjälstaviken. Det første som møtte meg var ein flokk med kannada-gjæss på veg
ned til vatnet med sine nyfødde ungar. Små gulbrune nøste som sprang etter sine
foreldre – på ein farefull veg over ei stor eng. Når dei nådde det høge sivet,
kunne dei føle seg tryggare. Store flokker med stare holdt til i eine delen av
parken. Ned og henta mat, så tilbake til reir i skogen. Her snakker vi om ein
skog som består av gamle flotte eiketre. Lenger inne var det satt opp ein
gangveg over sivet og eit fint kikketårn ut mot vatnet. Her var det masse rød
og svartnebb terne. Det var tydeleg mykje mat i vatnet, både sild og fisk. Skrimåse,
grågås og ender delte dette område med terne.

Men høgt oppe sigla ein stor hauk, på jakt etter sitt bytte.
Det skulle bli ein stor fisk. Det var stort og kunna følgja fuglen under
jakta. Korleis den stupte ned og klørna hadde eit fast grep om ein stor fisk.
Det var nok tyngre å komme opp i lufta igjen. Men turen fortsatte videre over
tretoppene.

På turen rundt vatnet var det mykje fuglesong i skogkanten.
Her traff eg igjen Kannada gåsa med to små unger. Paret passa godt på sine to
små, men kom meg nær innpå og fekk eit par gode bilde.

Heile område hadde også ein rik blomsterflora, men mange
forskjellige eng blomar.

Som siste store oppdagelse var ein stor flokk av traner. Dei
var samla i ein rolig del av vatnet og i god avstand frå fuglekikkere. Men med
god linse og kikkert, var det ein stor oppleving og sjå desse store fuglane. Denne turen tok heile dagen, i sterk sol og faktisk mange myggstikk. Mykje insekt,
såg ut som alt hadde vakna til liv desse varme mai-dagen. I tillegg var det 17.
mai, skulle vel hatt den norske flagget med meg også. Men kan ikkje huske på
alt.

Dag 10 Måtte også
ha meg ein heil dag i byen. Valget blei Uppsala, som eg liker svært godt. Stor
elv som renn gjennom sentrum. Gamal historie, domkyrkje og slott. Men ikkje
minst Linne museum midt i sentrum. Der er det også ein stor urtehage. Dessute
var dette den årlege Linne festivalen, for å minnes hans fødselsdag. Mange var
kledd i 1700 tals klede. Boer og sal av blomster relaterte produkt. I tillegg
til masse makro fotografering av blomster blei det også et anna oppdrag nede i
parken. Forespørsel om portrettfoto av ei ung dame . Det sa eg gjerne ja til,
fint å få trening innen dette feltet. Med flott tulipanhage og stauder som
bakgrunn, blei det ein jobb på minst 1 ½ time.

Dag 11 Blei ein
roleg dag, med ein tur til Bålsta for og besøka kjente. Så var det igjen og pakke ned utstyr – toget
til Stockholm gjekk 07:30 neste morgon.

Dag 12 Ein flott dag, som begynnte med ein god kopp
kaffe og frukost på Wayne`s – nær Segers torg. Etterpå ein spasertur
gjennom Gamla Staden og over bruer – til eg nådde Fotografiska. Atter ein fin
opplevelse der.



Herdla Naturreservat

Dyr og fugler Posted on 08 Mar, 2019 14:01:57

Tur til Herdla
Naturreservat

Helt nord på Askøy,
ligger Herdla, en flat og grønn øy som er svært ulik resten av området. I dette
området ligger Naturreservatet med våtmark, strender og vadeområde. Dette
området er på 3,1 kvadratkilometer og blei freda i 1985. Fra Bergen sentrum, er
det fire mil ut til parkeringen. Det er en smal envegskjørt bru ut til øya og parkeringen
ligger enden av vegen. No er du i begynnelsen av reservatet. Turen starta kl
06:00 om morgonen den 8. mars – fra Bergen. Kamera,
gode kled og termos var med. Sur, kald nordavind møtte deg når ein steig ut av
bilen. På med varme hansker , hue og god dynjakke. Dagen begynte å lysne og blå himmel med raskt
værskifte i kraftig nordlig bris. Stien tok deg ned langs sjøkanten og her var
det alt mange fuglearter langs strendene. En liten flokk stare – letta og drog
innover øya til litt lunere skogsområde. Måsen var og fann seg mat i
vadeområdene. Her var også ein flokk på 3-4 hegre som flaug opp, like vare som
alltid. Innerst i bukta var det ender, vanlig stokkand og ærfugl. Så var det noko svart og kvitt med sin raude lange nebb, som dukka
opp i fjæra, mellom tang og tare. Ein flokk på seks Kjeld, opptatt med sitt
frukostord. Kom nærmt innpå, og fekk fleire fine bilder. Så kom kongen sjølv
seilende over tretoppene. En
havørn hadde seg en runde, for kanskje å finne en godbit og eit lett bytte. Den seilte
elegante med den kraftige vinden og rødntgenfotograferte område med sitt skarpe syn. Så kom
også to viper flygene innover og landet midt på våtmarken. Med sin fine topp,
spankulerte dei rundt i det grønne graset.

Herdla har også to fugletårn plassert på
vestsida av reservatet. Stien er lagt
slik, at du kommer nær sjøkanten og vadeområde på austsida av område. Du kommer nært innpå fuglene og de har ofte
sine egne område , der du lett kan finne dei arter du leter etter. Også ået
flint naturområde og fotografere i. Lyset ut mot havet, grønn skog og store
flate grønne marker. Ut fjorden er det også stor trafikk av små og
store båter.



Fossekall

Dyr og fugler Posted on 25 Feb, 2019 07:52:31

Fossekallen (Cinclus cinclus)
Fuglen som blei valgt til norges nasjonalfugl i 1963. I størrelse ligner den på en stær. Den er kompakt bygd, med kort stjert. Brunsvart drakt med stor hvit hakelapp. Føden er vanninsekter og tilhøyrande larver, mark og små krepsdyr.
Både hann fugl og hunn fugl er like, men hunn fuglen er litt mindre. Dei bygger reir like i nærleiken av fosser og vassområde. Overbygde reir, helst i fjellsprekker, fjellhyller og nær bråket av fossen. Lyden av fossen vil overdøyve ungenes rop etter mat. Om vinteren, når vassdrag og fosser fryser til, drar den nærmere lavlandet og kysten. Denne fuglen som er tatt bilde av her, er i ein liten bekk og heilt nærmt sjøen. Vatnet var islagt, men den ca 20 meter lange bekken, ned til sjøen var åpen. Den hadde det travelt med å dykke etter mat, heilt opp til iskanten i brakkvatn. Det såg ut som det var fiskeyngel eller sildeyngel han hadde til middag.


Eg kom heilt innpå fuglen, uten å bli oppdaga. Kanskje 5 meter og bevega meg ned i terrenget på same nivå som fuglen. Det var interessant å følge med på fuglen, når ein var så nær. Dykking, hente opp yngel, spise, dykke, forflytte seg og opp på elvebredden og riste av seg vatn.

Der sto den lenge rolig og kvilte seg, før det blei ei ny arbeidsøkt.


Fossekallen ein vinterdag på Vestlandet.



Geilo og Hallingskarvet

Ski og trening Posted on 21 Feb, 2019 21:30:40

Skitur til Haugastøl – 14-16 februar 2019
Brukbare værmeldinger for helga og stor glede for å komme seg opp på høgfjellet. Turen gjekk til ei hytte på Haugastøl, 1000 moh. Planen var å reise fra Kvamskogen etter lunsj på fredagen. Kjørte el-bil, så den måtte lades full på NAF’en. Den dagen skein sola opp og det blei ein av dei finaste vinterdagene på Kvamskogen, så vi bestemte oss fort, at her på vi ta skina fram og nyte dagen før turen gjekk østover. Koblet litt strøm på bilen, fann fram felleski og drog opp i Steinskvanndalen. Nykjørt løype, fine spor, god glid, sol og vindstille. Turen gjekk innover i Øvre Steinskvanndalen, tilbak og rundløypa. 2 mil blei det før vi var tilbake til bilden, som no var fullada. Litt mat og nytrekt kaffi på NAF før vi kjørte videre mot Norheimsund og Hardagerbrua. Skodda la seg tjukt nede langs fjorden, hele vegen innover. Men når vi kom over Hardangerbrua, låg skodda under oss. Fjorden var speilblank innover mot Eidfjord, med små skoddedotter langs sjøen. Ny påfull av strøm i Eidfjord og innkjøp av mat til helga. Sjølvsagt ein Grandiosa pizza til kvelds. Var meldt litt vind over vidda, men forholda var veldig bra – og ca kl 19 – var vi på hytta. Då var væromslaget komt, mildt og litt sludd / regn. Men morgondagen såg bedre ut, men litt vind i fjellet skulle det bli. Tid til litt sport blei det også, litt skiskyting fra Salt Lake City i USA, der Geilo fekk sin første verdenscup gull av Vesle Sjåstad Christiansen i skiskyting.
Lørdag morgon, var det som vanlig opp kl 06:15 – og planlegging av dagen, med ein god frukost. Ute var det mildt og litt sur vind. Ein sjekk på www.skisporet.no, og Budalen blei valgt ut som løype for dagen, den var også med ferske spor. I desse forholda, blei det klassisk og felleski. Fra parkeringsplassen i Havsdalen, gjekk skituren innover mot Budalen. I et par pluss-grader, var det fin gli og fellene holdt bra i motbakker.
Første runden blei Budalen. Men kraftig vind oppover dalen, gjorde framdriften tungt. Lite snø og harde, avblåste løype, gjorde dette til ein prøvelse. Men tilbaketuren med vinden i ryggen, gav nesten gratis skyss nedover dalen, med god fart. For å prøve og lure oss unna vinden, så tok vi runden rundt Liabrotet. Det var lurt, denne løypa låg i le for vinden. Flott løype og fine forhold. Mildvær og litt sol, gjorde at snøen blei litt “slush” enkelte plasser. Det blei ein fin lang tur – på ca 25 km, før vi drog tilbake til hytta til ein god tallerken risengrynsgraut, rosiner og spekeskinke. så var det litt sport på TV – Når klokka nærm seg 19:00 – tok vi turen tilbake til Geilo stadion. Planen var Ustedalsfjorden rundt, og vi starta optimistisk, med hodelykt og skarpt føre. No var det tid for skøyting. Det var så hardt at skina skrensa for kvart fraspark. Men vi måtte snu og vende tilbake til stadion, det varme været hadde lagt igjen ein dam av smeltevatn i undergangene. Så prøvde vi å gå motsatt veg, men her måtte vi også passere underganger, som var blitt til innsjø. Turen gjekk tilbake til stadion og nokre runder og litt trening uten staver.

Søndag var det tilbaketur – men før det blei det ein fin tur frå Ustaoset og opp mot Hallingskarvet og Prestholtseter. Litt vind og skodde når vi kom opp under Hallingskarvet. På denne turen blei det tid til litt fotografering også. Her blei det også valgt klassisk og felleski. Tempertur låg også rundt null grade på denne turen også. Utenfor løypene var det gras og busker som kom opp, veldig lite snø i område. Så var det tilbake til hytta, utvask og pakking – før elbilen drog tilbake over vidda. Stort kiting arrangement på Hardangervidd, må ha vært opp i 100 kitere, så et fargerikt syn på vidda.



Next »
Translate »