Fotografering
Fotografering under desse forhold, krev også god planlegging. Det første er å finne plasser i landskapet, som kan gje deg eit slikt varmt bilde. Høgt til fjells, med snøkledde fjelltoppar i horisonten. Kanskje med eit tre i front, som fokuspunkt. Eller ved eit vatn, eller ute mot havet. Der ein kan få vakre refleksjonar frå himmel og skyer. Ofte ser ein for seg på forhand, eit optimalt foto som ein vil skapa. Du har kanskje fleire favorittplassar rund omkring i område, du lett kan nå. Men dette vil også krevje god planlegging, for å treffe optimale forhold. Då er det også greitt med bruk av forskjellige hjelpemiddel. Sjekke vêrmelding grundig. Bruk av ein «app» til å finne rett tidspunkt for soloppgang og solnedgang. Google Maps, eller andre verktøy, gjer deg god oversikt over beste plassering. Ha klar fotoutstyr og god klede, for eit opphald seint på kveld, natt eller tidleg morgon. Er du kald og frostig, forsvinn mykje av gleda, og fokus rundt fotografering blir vanskeleg.