Ein fin dagstur i Skarvheimen og Sulebu, 1325 moh
No, ein laurdag i slutten av mars, skein sola frå ein skyfri himmel. Litt vind var det, men med ein temperatur på eit par minusgrader, så var dette ingen problem. I åtte-tida om morgonen, var bilen parkert ved skianlegget på Filefjell, alt før løypemaskinen hadde starta. Perfekt vær for tur til Sulebu. Når løypemaskina kom, så kjørte den frå Nystølen og rundt vatnet. Men det gav oss nytråkka løype og vind i ryggen frå skianlegget på Filefjell. Ein rundtur rundt vatnet gav oss nesten ei mil lengre tur. Planen var å gå rundturen rundt vatnet, og ta opp den enklaste løype mot fjellet. Det blei ein fin tur rundt Ortrøvatnet og ved Børrelia hadde løypemaskinen tatt turen oppover mot Sulebu. Det var dette vi hadde håpa på, så absolutt ein perfekt start for dagen tur.
Vi gjekk på våre langrennsski med felle (Fisher og Atomic). Det var hard og litt isete løype, men med feller, fekk ein godt grep. Utanfor løypene var det har skare.