Gjøna – og Tveitakvitingen
Når ein er oppe på fjelltoppen , så smaker det med ein god matpakken og drikke. Her lyt ein ta inn over seg det storslåtte landskapet. Planen med fjellturen tar meg vidare innover på eit flatt platå, med småvatnet og litt myrgrass. Her oppe på 800 moh, har den raudgule haustfargen av lyng og gras tatt over. Lenger bak ruvar høge fjell med toppar opp mot 1300 moh. I det gråe fjellet ser ein tydleg skarp kontur og sprekkar oppover fjellsida. Små skoddeskyer sig sakte over dei to store fjelltoppane. Dei ligg på kvar si side av eit stort juv. Herifrå ser dei ut som to tvillingfjell. Lik form, farge og størrelse.