Bakkanosi ved Nærøyfjorden

Nærøyfjorden og Bakkanosi

Vestlands sommaren på Bakkanosi

Vestlands sommaren – er ikkje berre båt og sjø, men også ein kombinasjon mellom båtliv og fjellturar. Bakkanosi, fra topp og ned i  fjord og fjæresteinar. Dette innbyr til turar med luftig utsikt. Men med bratt veg opp og sekk på ryggen, så får du til slutt ei unik utsikt. Ei panoramautsikt over vill vestlandsnatur, med fjelltoppar, fjordar og djupe dalar.

Video - klikk på bilde

 

Nærøyfjorden og Bakkanosi

Nærøyfjorden, ein vakker sidefjord til Sognefjorden. Sognefjorden er Norges ’s lengste og djupaste fjord. Midtveis innover Sognefjorden, ligg ein smal og trong fjordarm som endar i Gudvangen. Med ville og stupbratte fjellside, ofte med små bekkar og fossar, som endar rett i fjorden. Nærøyfjorden står også på UNESCOs verdsarvliste.

Bakkanosi

Med ein telttur i desse fjella, vil du oppleva både soloppgang og solnedgang, over desse ville fjella. Tross bratte og tunge utfordring, med ryggsekk og full oppakning, så blir ein belønna av den ville naturen. Ein kan også ha fjorden som utgangspunkt, og gå til høge toppar og ned igjen, som ein dagstur. Det er alltid mange alternative val.  Men om ein vil oppleve morgonljoset og skumring,  får du betalt for tung bør oppover bratte lier. 

 
I tåkeheimen

Tur til Bakkanosi

Ein av mange fotturar i dette område, er fjelltoppen Bakkanosi. Bakkanosi ligg på 1398 meter over Nærøyfjorden. Ein kan ta turen heilt nede frå Bakka, som ligg nede ved Nærøyfjorden. Ein kan også køyra opp i Jordalen – og gå inn på Bakkanosi der frå. 

Jordalen er ein del av Voss kommune. Ein storslått dal, som tar deg langt innover mot Sognefjorden. Her finn ein turar til Fresvikbreen, Bakkanosi og mange andre fine fjelltoppar. Innerst i dalen ligg også ei DNT hytte, som kan nyttast som overnatting. 

Med fotoutstyr og telt, gjekk bilturen opp til Jordalen. Når ein kom ut av dalen, opna eit nytt landskap seg. Ein grøn og open dal voks fram. Med fine, grøne åsar og fjelltoppar, på begge side av dalen. Ein grusveg som også tar deg fleire kilometer innover i landskapet. Nedst i dalen, svingar ei roleg elv seg innover i landskapet. På austsida av dalen er det fleire vegar som tar deg opp over Nærøyfjorden. 

 
Slettedalen

Bakkanosi, med start frå Jordalen

Ved den gamle skulen, starta vegen til Bakkanosi. Først ein traktorveg som tar deg innover til Slettedalen. Her opna det seg ein stor dal innover mot fjellet. Lett og gå innover, stien følgde langs ein bekk og myrområde. Innerst i dalen slo eg opp telt. Litt kaffi og mat før tur vidare til Bakkanosi. Med kald nordavind og mørke som seig på, så blei det ingen tur til Bakkanosi den kvelden. 

Neste dag blei nytt forsøk på tur opp til Bakkanosi.  Men no kom tjukke skodde innover fjella. Gjekk innover med hjelp av gps og Norgeskart på mobil. Men sodda blei tjukkare og tjukkare, så måtte snu. Det såg mørkt ut for ein tur til Bakkanosi i dag.

Men utover ettermiddagen blei det gjort nytt forsøk til Bakkanosi. Fortsatt tett tåke, men melding om letter til kvelden. Hadde god rute på mobilen, etter sist forsøk. Vegen opp til Bakkanosi, er lite merka. Men når eg nærma meg toppen, blei det betre sikt. Vel oppe på Bakkanosi opna skydekke seg i nokre minuttar, nok til at eg fekk ei vakker skue over fjorden og fjella. Fornøgd med foto og litt video av Nærøyfjorden, gjekk turen tilbake til teltet.