Gråmåse

Gråmåsen venter på våren

Mot ny sesong.

Vinteren er så smått begynt å sleppe taket her langs Vestlandskysten og fjordstrøka. Snøen er for lengst borte og ein kan sjå små knoppar sprette fram på seljetrea. Midt på dagen, når sola varme, drista ein gul sommarfugl seg fram og kanskje ei humle, vågar seg ut i hagen. Men enno det fortsatt kald nordavind og temperaturar ned mot null om nettene. 

Ung Gråmåse

Gråmåsen

Så har vi gråmåsen, som også vil ha ein plass på kaien, eller på straumpolen, med god utsikt over sjøen. I vinter har gråmåsen helde lag med ærfuglen. Når ærfuglen finne blåskjell og knekke, så blir det litt til overs for gråmåsen. Ser ut som dei har eit godt samarbeid. Men snart stikk ærfuglen ut i skjærgarden for å myte og gråmåsen er tilbake på sine gamle reirplassar. Nokon på tak, andre  på skjær og holmar.

Fiskemåse

Nede på sin faste plass, yst på kaien, er det faste fiskemåse- paret tilbake. Nyt kvar solstråle dei kan få. Har ikkje sett dei i vinter, så no kjem dei nok frå eit varmare strøk nedover i Europa. År etter år har dei hatt denne plassen. Kor gamle dei er, vanskeleg å sei, men det kan vel lett bli over 20 år.  Fiskemåsen lagar reir på skjær og holmar, hustak og plassar dei føle seg trygg. Men i hovudsak langs saltvatn. Men du finn dei også ofte langt til fjells. Ja også på høgfjellet i nærleiken av vatn. Den er flink å tilpassa seg natur og alsidig føde. 

Fiskemåse
Fiskemåse

Rødlista

Måsebestanden har gått kraftig ned dei siste år, og både fiskemåse og gråmåsen, er blitt raudlista. Bestande av fiskemåse har gått mest tilbake. Grunnen kan nok være mange. Mindre mat, mink og andre råvdyr tar egga. Bestanden trekk meir inn mot byar og tettstadar 

Gråmåse og vinter

Fotskade

Dette er også ein ungfygl, som er på leit etter mat. Så i etterkant at den hadde skade på eine foten sin, den hang rett ned.  Brudd eller skadd sene i foten. Den vil nok ikkje få i seg nok mat, med den skaden. Kanskje forårsaka frå avfall langs fjæra. Som garn og tauverk, dei kan setja seg fast i. Der er nok mange slike fuglefelle langs kysten. 

På ein fot

Fuglen på bilde er ei gråmåse. Ein ungfugl, men vanskele å sei alder.  Etter tre til fem år vil den få voksen fugl si fjørderakt. Sølvgrå venge og kvit bryst. Dei har då ein raud flekk på undersida av nebbet og gul rung rundt auga. Når det er kaldt, ser du dei ofte står på ein fot. Det er for å resusere varmetap gjennom foten. 

Reirplass
Fiskemåse

Her på denne holmen er det ein blanding av Gråmåse og Fiskemåse