Fjellfuglen og vadefuglen Heilo (Pluvialis apricaria)

Heilo

Vadefuglen heilo

Fuglen «heilo», er ein vadefugl, som du kan møte på i fjellet. Sjølv om det ikkje er eit typisk vadeområde. Men det er her den bygger reir og hekker. På store opne vidder, med litt gras og lyng og kanskje myr og vatn i nærleiken. Den legg reiret rett på bakken. Eit reir som er lett bytte for rev og andre fiendar.  Den hekker ikkje berre i Norge, men også Island, Storbritannia, Skandinavia og Baltikum.   Den er ein flyttfugl, som om vinteren held seg i Midt – og Sør Europa. 

Heilo i fjellet
Heilo i fjellet

Fjelltur

Går du i fjellet om sommaren, kan du lett oppleve lyden av den. Ein lang monoton «plystrelyd» . Minner om ein tynn fløyte-lyd. Dette er lyden av heilo’en. Men det er ikkje den vanlege songen, men eit varselrop. No har fuglen reir eller ungar. Dette er lyden om fare, «hold deg vekke frå reiret». Er det ungar i reiret, vil dei av denne lyden, legge seg ned i reiret eller i graset og lyngen rundt reiret. No kjem kamuflasjefargen til god hjelp. Dei går i eit med naturen. Foreldra vil prøve å lokke deg vekk frå reiret. Den gjer seg lett synleg, oftast på ein topp. Her venter dei til du er ca 30 meter innpå. Då finn den ein annan plass og på den måten førar deg bort frå leirplassen. Både ho og hannfuglen deltar i dette ritualet og med den same lyden.

Heilo på den blå himmel
på flukt
Den flygende heilo
Heilo på flukt

Fuglen har også ei god kamuflasjedrakt. Den går ofte i eit med område den hekkar i. Fargar i svart, kvit og brun. Den er på størrelse med ei lita due, ca 30 cm. Om sommaren er overkroppen dekket av gul / brune flekkar og med ein svart buk. Hannen skild seg ut med ei kvit rand mellom over og underkropp. Ho fuglen manglar denne kvite randa. Om hausten kan desse fargane gå meir over i brunt.  

Heilo og kamuflasje

Ruging 

Fuglen sin føde er for det meste insekt, snegler, edderkopp etc. Men om sommaren er nok bær og frø ei viktig næring. Fuglen kjem tilbake til sine faste område i fjellet om våren, når snøen er vekk. Litt myr, gras og lyng vegetasjon. Dette er plassar som også er gunstig for insekt. Her i fjella innerst i Hordaland, er det store og gode område for fuglen. I desse områda kan det samla seg ein liten koloni av fuglar. Også i år ser det ut til å være mykje heilo i desse områda. Men ser det er mykje rev i fjellet, og då er nok egga som ligg i ei lita grop på bakken, eit enkelt bytte. 

Heiloen legg til vanleg fire pæreforma egg som er gulbrune, og tett dekka med brunsvarte flekker. Egglegging skjer som regel i første halvdel av juni. Både hann og hofuglen tar del i ruginga. Det kan ta ein  27–31 dagar, før klekking.

 
Fjellandskap i Hordaland

Heilo sin lyd

 
 
 
Klikk på bilde og hør lyden
Fuglens lyd
Heilo sin varsellyd

På tur i fjellet

Når du går i fjellet, er det viktig å ikkje trå for nært fuglen og reirplassen. Du forstyrrer ruging av egg, eller mating av fuglungane. Ungane forlet reiret etter kort tid, men held seg i nærleiken. Dei blir passa på av foreldra i ca ein månad.