Kulde og snø – vinter på Vestlandet

 Kald og stabil vinter

Det har vært ein spesiell haust og vinter 23/2024 langs Vestlandskysten . Vi er inne i ein periode med rekord mange samanhengande soldagar, avbroten med nokre få korte periodar med kraftig nedbør. Ein del av svaret ligg i  vindar frå aust og nordaust, det betyr vind som tar med seg kulde frå Sibir og ned til Vestlandet. Det gjev tørt, kaldt og stabilt vær. Ein vindretning som presser lågtrykka nordover eller søranfor. Vestlandet ligg i eit vakuum, medan Austlandet samlar opp lågtrykk, lågtrykk som blir stoppa av fjella og store mengde nedbør fell ned på Sørlandet og Austlandet.  

Isen frys på Gullfjellet

Værfenomen

Er det vær fenomenet El Nino eller La Nina, som også styrer slike vær fenomen her nord? Kan vind og havstraum retningar, frå Stillehavet styre været også her Vestlandet? Kan desse to vær fenomen medføra tidleg den tidlege kalde værtypen, vi no oppleve på Vestlandet. Rekordtidleg snø og skiforhold. Skiløypene i Bergens område har vært preparert allereie tidleg i november. På Kvamskogen er det no 100 – 120 cm puddersnø. El Nino (guttebarn), varmar opp eit havområde i Stillehavet, nær ekvator. La Nina er eit motsatt fenomen. Det kjøler ned det same området, rundt ekvator.

Den gylne time
Sundfjordelva ein vinterdag

 Forskning

Den norskamerikanske meteorologen Jack Bjerknes laga ei fysisk forklaring på fenomenet, ved å forklare korleis hav og atmosfære påverkar kvarandre. I dag er Bjerknessenteret eit Internasjonalt anerkjent klima og miljøsenter i Bergen. 

Elva frys igjen

Vatn og elver fryser til. På dei fleste vatn, er det no også trygg skøyteis. Til glede for både store og små. Ikkje så vanleg med slik kald og stabil værtype, her ute langs Vestlands-kysten.  På Vestlandet er vi  vant med mild vinter og nedbør frå vest. Kort og ustabile periode med snø, som forsvinn etter eit par dagar. Kjem du høgare opp i fjella, blir snøen liggande og her kan det normalt med store snømengde.

Klimaendringer

På 60 – 70 talet var det meir vanleg med lange kalde vintra. Innerst i fjordane la det seg is. Først meinsis , den er utrygg å gå på. Mange veglause bygder kunne bli isolerte i lengre tid. Sjøisen frys seinare. Men når isen var trygg, kom varetransport og  folk seg fram. På 1940 – talet var det lange periodar med streng kulde og mykje snø.

På søk etter mat
Fossekallen
Fossekall

Kulde og is

Når det kom vêromslag med vind og plussgrader, kom store isflak sigande ut. Det var også meir vanleg med ein vinterstorm, tidleg på sesongen.  Slike fenomen ser ein meir skjeldan no. I ein lang periode har gjennomsnitt temperaturen gått opp. Ein ser det lett oppe i fjellheimen, der trekker isbreane seg tilbake, litt år for år. Då er det kjekt når ein for vintre som minner om barndommens snørike og kalde vintre igjen.

Vatnet frys ti lis

Vatnet frys igjen

Det å sjå blank stålis, elvar der rennande vatn frys til is og lagar mange rare skulpturar. Store istappar heng i fjellskråningar. Kvitt rim, som dekker elvesteinar og kvite rimete busker der iskrystalla blinkar i dei få solstrålane som slepp igjennom. Vinteren 2023/24, ein del av eit «winter wonderland» også i låglandet og på elles milde Vestlandet.