Filefjell og Sulebu

Skitur på Filefjell og tur til Sulebu

Filefjell
Filefjell og Sulebu

Filefjell

Du møter Filefjell, når du kjem frå Lærdal i Sogn.  Også om du tar vegen tar vegen gjennom Valdres og Vestre Slidre. Vest og aust møtes på eit stort åpent fjell-platå. Store myrer, breie vidder, omkransa av mektige fjell. Så tar vegen deg bratt nedover, på begge side av aust og vest. I dag er det E16, som føre deg over dette fjellpartiet. Før i tida var det den berømte Kongevegen. Den er også ført tilbake til gammal pilegrimsveg. Mykje historie ligg mellom desse fjella. 

Filefjell

Ved Kongevegen

Mest av alt er dei storslåtte fjellviddene eit vakkert skieldorado. Langs vegen passerer du Kyrkjestølane og Otrøvatnet med den gamle overnattingsplassen Nystøgo. Ta på deg skia, og prøv denne rundløypa på ei mil. Om det er dårleg vær, så er dette område meir skjerma. 

Hytte på Filefjell

Tur til Sulebu

Sjekk alltid værmeldingane – før du drar ut på lengre turar i dette området. Når du går lenger opp i fjellet, møter du meir vind, kulde og skiftande vær. Ta med ekstra kle og mat. Her er du oppe i 12- 1500 moh. Skispora bles fort igjen og turen blir lett tyngre enn du trur. Bruk alltid gode vindtette hanskar. Om du frys, er gleda med turen borte. 

Filefjell
Tur til Sulebu
Filefjell
På veg mot Sulebu
Filefjell og Sulebu
Tur til Sulebu
Suletiden
Suletinden

Sulebu og Suletind

Vi kom opp på Filefjell, seint torsdag kveld. Fredag morgon lava snøen ned. Denne dagen blei det felleski. Eit par minusgrade og nysnø, gav god gli. Med felleski, fekk du både gli og feste. Turen gjekk rundt vatnet i snøbye, motvind og medvind. Dette gav ein god følelse i møte med naturkreftene. God og sliten, kom du tilbake til ei varm hytte. 

Dei neste to dagane, vindstille og moderate kuldegrader. No var det tid for turar innover i fjellet. Det blei to minnerike dagar. Sulebu var målet. Når ein kom opp på fjellplatået, var det store vidder innover. Blå spesial var perfekt smurning på langrennsskia.  

Utsikta innover Jotunheimen, ser ut som ein tanngard. Fjelltoppar på rad og rekke. Sollys framheva dei kvite taggane i horisonten. Sulebu og fjelltoppen Suletinden, kom nærmare og nærmare. Suletind ruver 1780 moh og gjev eit bra landemerke i godværet. 

 
Suletind

Rundtur om Sulebu

Begge dagane blei det fine rundturar om Sulebu. Men med litt forskjellige løype. Ein dag med blå himmel og neste dag med skye. Vakre skye som gav eit grått filter over det storslåtte landskapet. Av og til lyste sola opp, gjennom skyene og gav eit vakkert lys over landsskapet. 

Men dette gav også eit vanskeleg lys for nedkjøyringa til skisenteret. Flatt lys, utan sikt i bratt terreng! Det tok litt tid.

 
Filefjell