Trane og Songsvane på høgfjellet

Trane og Songsvane på høgfjellet

Våren

Ein plass mellom vinter og vår på høgfjellet. Dagane blir lengre og lyset skaper nytt liv i naturen. På lauvtre sprett det fram nye knoppar og skudd. Men nettene er fortsatt kalde med fleire grade minus. Grytidlig soloppgang som bryt ned den kalde natta. Det sildrer i bekker. Snøen smelter. Isen på vatnet får store svarte flekker. Det er vatnet som bryter gjennom og isen blir grå i fargen.    Det gror og sprett små busker opp av snøen,

Golsfjellet
Skitur Golsfjellet

No er mange flyttfuglar tilbake i området sitt. Det kvitrar og syng i tretoppar. Tidleg morgon startar dei konkurranse med den finaste songen. Ein starta og litt lenger borte svara ein annan. Det er tid for å lytta til naturens vårsong.

Dompapp
Dompapp
Fossekall
Fossekall på leit etter mat

Trane

Nede på isen spasere eit trane par. Brått kryssar ein rev vegen deira. Reven gler seg til eit traneegg, når våren kjem. Men no blir han lett jaga vekk. Etterpå forsyner tranen seg av små kryp i elvemunningen. Ei Trane treng mykje mat. Tranen har eit variert kosthald. Men for det meste er den planteetande. Men i periodar er kreps, fisk, smågnagar og snigel.

Trane på isen
Trane på isen

Songsvane og Trane

Songsvana kjem også fykane. Eller eit songsvane par. Dei glir ned på vassflata.  Det er kamp om dei små isfrie områda, der isen smelter. Songsvane og trane går fint ilag. Dei et av det same matfatet. Mens reven lusker rundt etter matrester og kanskje mus og lemmen.

Ein morgon på høgfjellet

Slik var opplevinga denne helga, med planlagt skitur i høgfjellet. Siste dagar i April. Ute hadde det komt eit dryss av nysnø. Snøen malte vidda kritkvit igjen.  Eit skieldorado, med perfekt føre og super gli.   Lette skitak tok det gjennom skogen. Etter kvart kom sola gjennom det tynne skylaget. Spor av hare og rev. Dei kryssa gamle skispor innover i skogen. Att og fram dukka dei opp på nytt. Dyrespor gjennom natta, på leit etter mat. Eller på flukt frå fare. Du kan lese mykje ut av slike spor i snøen. 

Songsvane
Songsvane
Trane og reven
Trane og reven

Våren på høgfjellet

Heilt oppe på vidda, ligg landskapet og badar i sol. Kvitt teppe så langt auga ser. Men i horisonten ruver spisse taggar opp. Det var slik ein morgon ein vakna av trane skrik. Litt etterpå songsvanene med sine trompet lyder. Men når sola stig, er både fuglane og lyden borte. 

Reven på jakt
Reven på jakt