Kommunikasjon
Neste morgon, så er det «på an igjen» Store flokkar som lettar og bevegar seg ut av parken. Dei samlar seg igjen i mindre gruppe. Først om morgonen held dei seg rundt Løvstakken og andre skogsområde, før dei seinare tar turen utover mot havgapet, eller innover rundt fjella. Mens nokre held seg i sentrum og plukkar boss og finn matrestar. Dei hamstrar også mat. Skjuler det i plen, hulrom i tre eller andre plassar. Dette er plassar dei huskar og kan hente maten seinare.
Men utanfor tettstadar er kråka er ein forsiktig, avventande og mistenksam jeger. Legg du ut mat, så tar det lang tid før kråka slår til. Den som oppdaga maten, rapportere til dei andre, med kraftige lyd. Då kjem det straks fleire kråke, men held god avstand samtidig som dei er heilt stille. Dei set ofte stille for å observere område mot fare. Er det ein fare blir det rapportert med tre kraftige skrik. Sjølv om andre åtselfuglar allereie er i maten, så held kråka seg unna lenge, men kjem sakte nærmare målet, når det ser trykt ut.