Tyinvatnet
Vatnet ligg på ca 1000 moh. No var det nysnø og minus 5-6 grader og vindstille. Det gjekk nye klassiske spor innover langs vegen. Perfekt føre og ei god kjensle på sesongens første skitur. Stille og fredeleg, med lyden av ski mot snø. Ei og anna rype som blei skremt opp langs løypa.
No kom også sola gjennom og spisse fjelltoppar speila seg i vatnet. Eit speilblank og lyseblå vassflate, der du knapt kunne sjå forskjell av fjelltoppen og speilbilde.
Sjølv om det var sesongens første skitur, kjente det lett ut, i det gode føre, med blå/lilla smurning. Brukte eit par eldre ski, om det var litt stein og sand som kom gjennom løypa. Etter 14 km, var ein innerst inne i enden av vatnet, det som heite Tyinholmen. Herifrå var det ein lett stigning over eidet og så ei nedkøyring til Bygdin vatnet og Eidsbugarden.
Sesongens første skitur, i November. Filefjell og Tyinvatnet