Haukelifjell – Med terrengsykkel og fottur i fjellet

Haukelifjell, er eit fjellområde sør i Norge. 

Det dekker litt av den sørlege delen av Hardangervidda. Europavegen 134, mellom Vestlandet og Austlandet, tar deg opp i dette fjellområdet.. Midt oppe på fjellet, rett ved vegen, ligg turisthytta Haukeliseter. Området rundt Haukeliseter er eit perfekt utgangspunkt for turar i fjellet. Også ski og alpinsenteret Haukelifjell /Vågsli – ligger tett opp til den sørlege delen av Hardangervidda. Her ender Hardangervidda i sør. Store majestetiske fjelltoppar, vakre dalar og mange både store og små fjellvatn. Her ligg også fleire isbrear, mellom dei høge fjelltopparDet er mange fjelltoppar og velga mellom. Sandfloegga er det høgaste fjellet, på heile 1721 moh. Det er også det høgaste fjellet sør på Hardangervidda. Tett i tett ligg dei og både Nupsegga og Storenup, som er over 1600 moh. Så dette området har mykje å tilby, både av krevjande og enklare fjellturar. Ein startar allereie på 1000 moh, så  dei er lett tilgjengeleg som dagsturar. Men i desse områda skifta værforholda fort. Ein må forbereda seg godt, både med utsyr og planlegging. Og ikkje minst, ta med GPS, kart og kompass. Været kan skifte fort mellom desse fjella.

Dette er også eit område, med store vannkrafts-utbyggingar. Det er på begge sider av europavegen. Fleire plasser er det anleggsvegar som snor seg langt innover i fjellet. Perfekt å ta med ein terrengsykkel. Ingen trafikk, stille og fredeleg. Her kan du få mange flotte sykkelturar. På sykkelsete har du ei perfekt utsikt innover viddene. Du kan også kombinere sykling og fotturar. Ta fram kartet og bruk god tid på planlegging, til meir får du ut av turane. 

Vågsli

Det blei seint på ettermiddagen før eg kom meg opp til Vågsli, der eg hadde lånt ei hytte. Måtte handle i Odda og lade bilen når eg kom til Røldal. Det var vegarbeid på høgfjellet. Det kunne resultera i lang ventetid og kolonnekøyring. Men turen over Dyrskar (den gamle vegen og Haukelifjell-tunellen) gjekk fort og det er fortsatt lange lyse kveldar, no i starten av August.

Pakka fort ut og kledde meg om til ein kort fjelltur. Kjørte opp i skianlegget, tok med fotoutstyr og gjekk opp på nokre toppar bak skiheisane. Her var fint og gå. Starta med ein traktorveg, som gjekk over til ein smal sti innover fjellet. Måtte raske på for å nå ein av toppane, før sola gjekk ned. Det blei for langt å gå opp på Vågslinuten. Fann meg ein lite kolle, på nordsida av nuten. Gav meg fin utsikt vestover, mot fjelltoppane rundt Haukelitunnelen. Opp med stativ og venta på det perfekte lyset. Men fleire mørke skyer, la seg rundt sola. Ja, det beste lyset blei dempa ned. Men fekk nokre ok bilder, før mørke seig på. Måtte raske meg ned, før det blei for mørkt. Terrenget var lett og orientere seg i. Det varte ikkje lenge før eg var tilbake på grusvegen og nede til bilen.

Bordalen

Neste dag vakna ein til «plaskregn» og lavt, mørkt skydekke. På kvelden skulle det lette litt. Dette gav dårleg fotovær. Hadde meg ein liten tur langs Vågslivatnet og elvefaret ned til vatnet. Hadde planlagt ein tur opp til «Fossen», eit område på sørsida av vassdraget. Men elva var så høg og strid, at ein ikkje kom seg over. Gjekk litt opp og ned langs elva. Traff på ein hare, som satt fint i vegkanten og venta på eit solgløtt. Men den stakk når eg tok opp kamera.

Neste dag var det opp klokken 06.00, få seg ein god frukost og ut på tur. Det var lav tåke om morgonen, men håpte den ville snart lette. Kjørte opp gamlevegen over Vågslitunnelen og parkerte på toppen. Her går det ein traktorveg inn Havradalen og til  nord/vest enden av Bordalsvatnet. Med fotosekk og stativ på ryggen, bar det oppover og inn i  Havradalen. Kom inn i kjent terreng. Har gått her på ski om vinteren. Kom inn i skiløypa som blir brukt i Haukelirennet. Eit skirenn som går i slutten av April. Ligger fortsatt nokre snøfonner igjen. Men lett og forsere, hard og kompakt snø. Når ein no kom opp på toppen, ser ein nedover dalen og i enden av Bordalsvatnet. Planen var og gå ned til vatnet og så finne ein sti innover i Bordalen. Bordalsvatnet er regulert, med ein reguleringshøgde på ca 40 meter. Det viser på lang avstand at vatnet er tappa ned. Ei gulbrun markering,  ligg rundt heile vatnet. Ei kraftig markering, som lyser opp i landskapet. 

Havradalen og Bordalsvatnet

Planen var ein tur innover Bordalen. Eg gjekk heilt ned i dalen og kom meg over ei strid elv. Var lagt ut store steinar i elva. Her var det å hoppe frå stein til stein. Kom meg over, med ein tung fotobag på ryggen. Så starta eg turen innover dalen. Den første eg møtte var ein «Rødstilk». På myrene innover i dalen, var nok gode reirplassar for denne fuglen. Det var heller vått å gå innover. Oppdaga at eg hadde gjort ein liten feilvurdering når eg gjekk over elva. På kartet ser det ut som stien går på andre sida. Prøvde å komme meg over elva igjen, men den var for strid og for stor. Følgde elvefaret innover til eg kom på ei stor flat slette. Her låg også ei hytte. Der var det lagt ein stege over elva og då var problemet løyst.

På tilbaketuren følgde eg ein sti opp dalsida og mot Havredalen. Her sat det ein Fjello og venta på meg. På ei lita høgde, sat den lett synleg og song med sin karakteristiske låt. Kom meg tett innpå og fekk nokre fine bilde av fuglen.

Når eg nærma meg Vågslitunnelen, så kom sola fram. Temperaturen steig med mange hakk og varm luft kom mot deg. Følte nesten som ein fønvind. Alt regnet og  den sure vinden, som hadde følgt meg på turen, var no gløymt. Det blei ein roleg ettermiddag og kveld på hytta. Ein heil dag i fjellet, kjentest i beina no. Kvelden bydde også på ei vakker solnedgang, med rosa skyer over himmelen. 

Nupsdalen og Nupstjørna

Neste dag vakne eg også til lav skodde. Kunne bli fint å fotografere ved mange av dei fine vatna innover i fjellet. Eg kjørte inn til Haukelitunnelen og parkerte ved Ulevå. Herfra gjekk eg innover langs vatnet og vidare oppover til Nupstjørna. Her oppe låg skodda tjukt nedover fjellside. Ein såg nokre få meter innover vatnet. Nokre store steinar ute i vatnet var pakka inn i tåka, her var det å la kamera gjera jobben. Men så kom eit lite vinddrag og skodda, saman med den trolske stemninga vart brått borte. Eg gjekk litt rundt i område og orienterte meg. Ville tilbake hit på kveldstid. Kanskje det blei fine lysforhold på kvelden.

Reiste opp igjen til Nupstjørna i 18:00 tida om ettermiddagen. No var det lett skydekke, der litt blå himmel syntest mellom skyene. Kvelden såg ut til å bli bra. Dessutan var det fin temperatur og lite vind. No var det å komme seg litt opp i høgda over vatnet. Fann ei fin platå rett over vatnet. Klatra opp ca 100 meter. Der hadde eg fin utsikt over dalen og vatnet. Så var det å vente på kveldslyset. Fekk nokre fine bilde ved solnedgang. Så var det å finne stien tilbake i 12-tida om kvelden. Eit par telt var komt opp langs vatnet. Nokre lot seg frista til å bada i det kalde fjellvatnet!

Veslenup 1510 moh

Neste dag var det Veslenup på 1510 moh. Overskya om morgonen, men sola skulle bryta gjennom på ettermiddagen. Difor starta eg seint på turen. Det viste seg å vera lurt. Tidleg på dagen låg toppen i skodde. Når eg kom opp seint på ettermiddagen, kom også sola. Skodda forsvann. Ein praktfull fjelltopp. Toppen var ein flat sirkel, med diameter på ca 30 meter. Ein 360 graders utsikt over heile fjellheimen. Her såg ein alt frå taggete fjelltoppar, til flate vidder og vatn. Når skodda forsvann, dukka Hårteigen opp. Den ligg vest på Hardangervidda. Det blei seine kvelden, før eg drog ned att.

Det var greitt å finne vegen tilbake, sjølv om det blei seint på kvelden. Ein Rødstilk lot seg bli fotografert, der inne i kveldssola på vidda. I kveldslyset, blei det også litt makro-fotografering av vakre  fjellblomar. Denne turen starta og stoppa ved turisthytta Haukeliseter. Der hadde eg parkert bilen. No var det tilbake på hytta og gå gjennom bildematerialet.

Søndagen kom med blå himmel, sol og 20 grader. Hadde tatt med terrengsykkelen også. Den skulle brukast i dag. Sykla hovudvegen ned mot Edland. Tok av ved kraftstasjonen på Hyljeli og innover mot demningen ved Førsvatn. Her er det ein anleggsveg som går langt innover i fjellet. Dette er bomveg, som tar deg mange kilometer innover. Det blei ein lang og fin sykkeltur i fjellet. Varmt var det også. Var tunge bein, når eg kom heim igjen den ettermiddagen. 

Nupsredet 1510 moh

Alt tar ein slutt, måndag var det å pakke i bilen. Denne dagen freista også med blå himmel og sol. På veg ned att, parkerte eg ved Ulvevå. Ville utnytta dagen fult ut. No gjekk turen opp til Nupsredet. Den ligg på ca 1300 moh. Her er det eit perfekt utgangspunkt for ein topptur til Storenup eller til Nupseggen. Det er nokon av dei høgste fjelltoppane i dette område. Det ligg mykje snø igjen i fjellet. Her var det fortsatt skiforhold oppover mot fjelltoppane. Men no måtte eg ned igjen til bilen og fortsette på køyreturen ned til Hardangerfjorden og heim. Skulle også smaka med ein god kopp kaffi no!