Hallingdal og Haglebu

Haglebu – preparerte skiløyper i eit vakkert fjellandskap.

Haglebu skiløyper

Haglebu ligg i Viken fylke, tidlegare var det i gamle Buskerud fylke. Sjølve plassen Haglebu, ligg i fjellområdet mellom Hallingdal og Numedal. Namnet Haglebu stammer nok frå det gamle ordet «Haglendebu» som betyr «Bua i det gode lendet».

Dette området har i gammal tid, våre brukt som seter for gardane nede i dalen. Første gong denne plassen er omtala i skriftlege kilde, var i  1328. Men mykje tyder på at Haglebu områder har våre nytta til  seterdrift alt frå ca 500 e.kr., og kanskje enda lenger tilbake.

Haglebu i Flå kommune.

Plassen Haglebu ligg 800 moh. Det strekker seg over eit flat, stor og open dal. At det er flatt, skjønnar vi når namn som Flatvollen er ein del av dalen. Her ligg også fleire store vatn, innover i dalen. Mellom to større vatn, Haglebuvatet og Helgesetvatnet, ligg Flenten.

Flenten er eit lite naturreservat, som blei danna i 1993. Dette er eit stor myrområde som Flå kommune har freda.
Formålet med freding er å bevare eit fattigintermediært myrområde som er typisk for fjellområdet og regionen. På begge sider av dalen, reiser majestetiske fjelltoppar seg opp, i ei høgde på over 1200 moh.

Haglebunatten ligg på 1278 moh. Toppen er lett synleg frå Haglebu og langs heile dalen. Bak desse toppane ligg det flate fine fjellvidder. 

Haglebu og Tempelseter
Under Gråfjell på veg mot Tempelseter

Stort hyttesenter i Hallingdal

I dag er Haglebu kjent som eit stort hytte-senter. Både Haglebu og område rundt er utbygd med hytter og nye hyttefelt bygges stadig ut. I Haglebu er det også ein liten alpinbakke, butikk og eit feriesenter.

Vegen opp til Haglebu, går vidare til Eggedal. Også eit populært hytte og fritids-område for Oslo regionen og områda rundt. Kort reisetid og godt tilrettelagt for ferierande hytte turistar. 

Om vinteren preparerst det eit imponerande løypenett for langrenn. I dette hytte-området er det mange mil med preparerte løyper. Ein kan lett gå i fleire dagar, utan å bruke same trase. Her er det løyper til alle formål. I lange flate området, nede i dalen. I bratte løyper opp i fjellet. I kuperte løyper innover i høgfjellet.   Eit eldorado for dei som elskar skiturar i preparerte løyper. 

 
Haglebu hytte
Hytten på Haglebu
Den røde hytten i skogen
Rød hytte på Haglebu

Påske på fjellet

I denne Påsken kom det strenge korona tiltak frå regeringa. Ja, det såg ut til å gå mot ei heime-påske i 2021. Det var også mildt og lite snø i dei nærliggande fjellområda på Vestlandet.  Alt mildvêr og regn, dei siste dagane, øydela det fine skiføre på Kvamskogen og Voss. Snøen rann vekk og tilbake låg store vassdammar der løypene hadde gått. 

Men, når ein minst venta det, dukka det opp ei ledig hytte på Haglebu. På få timar var det innkjøp av mat, pakking av vinterklede og skiutstyr. Hytta var ledig frå fredag til tysdag i Palmeveka. Vi sjekka ekstra nøye, at vi hadde med oss nødvendig matvare. Dette for å unngå unødvendig handling i hytteområdet. Eit enkelt smittetiltak, der ein ville møta stor påskeutfart. 

 
Skitur til Tempelseter
Tur under Gråfjell i Hallingdal
Skiløyper Haglebu
Stort utvalg av turer

Kjøretur til Haglebu

Tidleg neste morgon, kjørte vi frå Bergen To stykkar i ein nedlasta bil, med masse skiutstyr. Meldinga på yr.no lovde gode forhold dei første dagane, med kuldegrader om natta og ned mot null midt på dagen. I tillegg skulle det bli påskesol! Altså, perfekte forhold, sjølv om det var lang kjøretur ned til Bromma, der vegen tok av til Haglebu.

Turen gjekk over Hardangervidda og RV 7. Der var det kolonnekøyring, kvelden før. Men no var det fine forhold. Lett overskya og lite vind. Men kor var det blitt av snøen på vidda? Ingen brøytekantar og innover vidda stakk bare fjellknausar og steinar opp av snøen. Når vi kom opp Måbødalen var det eit snølaust landskap som opna seg. Kunn nokre kvite flekkar lenger oppe i terrenget.

Lite bilar og folk og sjå langs den enorme hyttebyen, som har vokst oppe på Hardangervidda. Det var nokre som tok beina fatt, og spaserte langs Rv7. Det var også lite snø rundt Haugastøl, Ustaoset og Geilo. Men her var det oppkøyrte løype og litt meir liv. Men nedover Hallingdalen var det full vår og lite som minna om Påske.

Måtte skjekka nettet og skisporet.no, fleire gonger får dette såg snøfattig ut. Blei det ein bom-tur? Men oppe på 800 moh og Haglebu kom snøen tilbake. Her var det bra med snø og spor etter skiløypa låg innover dalen. 

Hytta låg perfekt til. Kunn nokre meter frå skiløypa. Men vi måtte over ein bekk, delvis dekka av gammal snø. Men etter eit par forsøk kom vi oss ut i løypa. 5 timar køyretur og no hadde vi heile ettermiddagen og kvelden i skiløypa.

Her var så mange løyper, at vi gav opp i å orientera oss etter karta rundt i løypa. Også på skisporet.no var det for oss heilt spagetti. Så vi gjekk der pilane viste. No var vi i løypenettet nede i dalen, her var det flatt og nokre slake motbakkar. Første turen blei klassisk på felleski. God gli og feste fungerte fint på eit skarpt føre. 

 

Ut i preparerte løyper

Når fullmånen kom opp, over gran-toppane, var det på tide å finna hytta. Pakke ut og lage seg kveldsmat. Ein Grandiosa pizza, blei kvelds enkle meny. No var det å planlegge neste dag. Opp kl 06:00, og komme tidleg ut i løypene. Med kuldegrader utover morgonen, så skulle vi få dei beste forholda.

Vakna endå før mobilen ringte. Ute var det fortsatt mørkt og – 6 grader. Stjerneklart og heilt vindstille. Så var det å få litt «glider» på felle-skiene. Laga og ete ein god frukost og sjølvsagt niste og godt med drikke. Som også denne gong er Lerum solbærsaft.

Sjølvsagt litt kaldt å komme rett ut frå ei varm stove. Men varmen kom fort i kroppen, etter dei første stavtaka. Det blei gått litt utan mål og meining i starten. Var vanskeleg å bli kjent med løypene. Og så var det mange hyttevegar som måtte kryssast. Av og på med skiene – blei litt frustrert. Men så fann vi ein veg ut av spagettien, no følgde vi ei løype som gjekk parallelt med  slalåmbakken og opp på fjellet. Godt feste og god gli, tok oss fort opp mot toppen. Her fann vi ei fin rundløype vi ville prøver. Men etter kvart som vi kom lenger opp i fjellet, dukka det opp stadig nye traseval og andre rundløyper.

Slik kom vi inn i eit vakkert fjellandskap, såg fine fjelltoppar som steig fram i terrenget. Vi var på 1100 moh og løypa tok oss lenger og lenger innover i fjellheimen. Gråfjell på 1466 moh – steig opp som ein pyramide. Stadig kom navnet Tempelseter opp på skilta. Men skilta viste over 3 mil innover. Her var så fint, at vi måtte berre gå vidare. Vindstille og med ei sol som varmte.

Namnet Tempelseter blei for døypt om til Tempelhøyden. Vi var høgt oppe og det var Palmehelg, så betre kunne det vel ikkje passa. Her skulle det også være ei fjellstove. Vi såg for oss ei turisthytte langt inne på fjellet. Men når vi nærma oss, møtte vi stadig meir folk. Vi var ikkje åleine på fjellet lenger. Og med eit kom vi ned i ein enorm hytteby, midt inne på fjellet. Dette synet blei nok overraskande og  ein skuffelse. Ikkje fann vi fjellstova heller.

På tilbaketuren gjekk vi litt feil – og vinden begynte å auka på. Litt dårleg sikt og ukjent terreng, forlenga ein allereie lang skitur. Men på rett spor igjen,  og med vinden i ryggen, så kom vi trygt tilbake til hytta. Det blei ein lang tur på over 6 mil. 

 
Store fjellvidder ved Haglebu
Oppe på 1100 moh ved Haglebu

Mellom fjell og dal

No blei det tid for ein varm og god risengrynsgraut. Masse kanel, rusin, smør og spekepølse. Så mykje graut blei det, at middagen måtte sløyfast. Værmeldinga for neste dag var kraftig fønvind og varme. Så det beste alternativ blir nok skøyting. Vi klargjorde skøyteskia med «glider». Ville nok være hard løype i starten på dagen.

Løypemaskinene var alt igang frå kl 04 om morgonen. Det blei atter ein tidleg start på turen. No ville vi prøva andre sida av dalen. Ei løype som gjekk oppover og under fjellsida til fjelltoppen Haglebunatten. Turen starta fint nede på den flate løypa rundt Haglebuvatna. Raskt føre og lett terreng, det mjukna opp beina, etter langturen i går. Men så steig løypa oppover, oppover og oppover. Tok aldri slutt. Men det var fortsatt god gli i skøyteskia. Glien hjalp på all padlinga i motbakkane. Til slutt kom vi endeleg opp på eit platå. Framfor oss var eit langt vatn og store, lange flater. No var vi inne i eit svært fint terreng, gjennom gran og furuskog. Slokuvatnet var namnet på vatnet. Rundturen var ein perfekt skøytetrase på dagens føre.

Skulle nok tatt same løypa tilbake også. Då vi fortsette rundturen kom vi inn i eit hyttefelt, med mange vegovergangar og bratte utforløyper. Men til slutt kom vi oss ut av dette og tilbake i løypa vi gjekk opp. Nå var det ein lang, lang utforkøyring tilbake til Haglebuvatna. I neste 15 grader og sol, så mjukna løypa og  bakkane nedover blei også ein utfordring. Dagens tur blei også ein krevjande tur, med mykje stigning. Glad for at vi starta så pass tidleg på dagen, før varmen slo inn og føre blei tyngre.

 

Skitur i den blå timen

Neste dag var det tid for retur til Bergen. Men først ein ny skitur tidleg om morgonen. Trur klokka var 04:30 – då vi sto opp. Ein rask frukost, og så ut i terrenget igjen.

No blei det ein tur nede i dalen. Etter to lange turar, var det tunge bein, som starta på ei ny skøyteøkt. Det var fantastisk å komme ut, så tidleg om morgon. Den blå timen gjorde ikkje skam på sitt namn. Blå og lilla skyer la seg over himmelen i vest, når sola seig opp i horisonten.   Kvite fjelltoppar og vakker granskog. Ein fullmåne som seig sakte ned over tretoppane. Johan tok ein lang tur på 5 mil, denne dagen også. Mens eg gjekk roleg tilbake til hytta. Beina hadde problem og følgje med meg i dag. To langturar hadde nok satt sine spor i kroppen. 

Så var denne Påsketuren slutt også. No var det ein biltur på 5-6 timar tilbake til Bergen. Dette blei ei fin skihelg, med ei perfekt Palmehelg på Haglebu. Og ikkje minst, dei gode løypene i eit naturvakkert område. Frå Haglebu kan du også fortsette nordover langs eit løypenett under namnet Hallingdalsløypa. Her er det preparerte løype heilt  frå Haugastøl ved Hardangervidda og til Norefjell. Ei litt større utfordring for ei langhelg!

 
Hytte i Haglebu
Gammalt sel på Haglebu
Morgontur iHaglebu
Skitur i den blå timen
Fjeltoppar rund Haglebu
Fjeltoppar rund Haglebu