Skifter fjær og nytt dun
Når hoa legg egg, reiser hann-fuglen lenger ut mot kysten og held seg der i ein lang periode. Dei er ikkje med på oppfostring av ungane. No skifter hannen fjær og den fine fargen forsvinner. No får dei ei gråsvart drakt, som varer til ut på hausten. Når ungane er flygedyktig samlast heile flokken igjen. Dei ungane som veks opp, er både hann og ho fugl, lik på mora. Etter kvart blir hannfuglen litt meir kvitspraglete og får ein kvit flekk på hals/bryst. Den går bort mot fire år, før dei får den kvite/svarte fargen som hann fuglen har.
Kan tyde på at ærfugl-bestanden her inne i fjordane og på Vestlandet er i vekst. Det tyder på at bestanden av kreps og blåskjel er god. I tillegg klarer fuglen og verna seg mot sine verste fiendar. Ørnebestanden i dette område er også i stor framvekst, men kanskje den har nok tilgang på fisk, og prioritere det. Ser også at ørna forsyna seg i måse koloniar. Men kråke og måse samlar seg fort og jagar ørna.