Vettisfossen i Øvre Årdal

Tur til Vettisfossen, den høgste uregulerte fossen i Norge, med 275 meter fritt fall.

Vegen inn

Frå Øvre Årdal, er det kunn nokre minutters køyring innover Utladalen til parkeringsplassen ved gården Hjelle. Vegen går vidare, men stengt for biler og motorkøyretøy.  Her ligg ein stor fin parkeringsplass, med eige bygg for elbil og lading. Bilen står under tak og du kan lade bilen med Type 2 – system (ca 3 t) – og ein ferdig lada bil står klar når du kjem tilbake frå turen. 

Utladalen i Øvre Årdal
Utladalen med Vettifossen og Vetti Gard

Folkevegen

Vegen innover dalen til Vetti Gard, har navnet «Folkevegen». Den vart bygd på dugnad av bygdefolket, på 1970 – talet. Med støtte frå kraftlaget, kommunen og frå frivillige pengegåver. Turen innover denne smale dalen, men stupbratte fjellsider og høge djuv, ned mot ein buldrande elv. Ei elv som renn midt i dalen nettover frå Vettisfossen. Du ser også fleire fosser innover langs dalen. Ein av dei er Alvdalsfossen. Her kan ein også gå opp til ein fjellgard som heite Alvdal Gard. Både denne og Vetti Gard har overnatting i sesongen. 

Folkeven innover Utladalen
Utladalen, elva og Folkevegen

Vetti Gard

I enden av denne vegen kjem ein opp til Vetti Gard, den ligg på 317 moh. Ein gard med røtter tilbake til 1600 – talet. Dei gamle husa er restaurert slik dei eingong var. Flotte gamle bygningar som ligg midt oppe i bakken. Her kan ein få servert kaffi og vaflar, før turen vidare innover mot Fossen.

Utladalen

Frå Vetti Gard, dele vegen seg i to. Ein kan gå den bratte vegen opp til toppen av fossen, eller ein kan gå inn i bunnen av dalen der fossen kjem ned. Min tur i dag, blei det siste alternativet. No er det slutt på traktorvegen, men ein god sti vidare innover visar veg. Brått bak ein sving dukkar fossen opp. Mellom bjørketre skimtar ein den majestetiske fossen i fritt fall nedover ein stupbratt fjell-kløft. Det nærma seg kveld og eit fint dempa lys senkar seg over dalen, mens fossen lyses opp av dagens siste solstrålar. 

Vetti Gard
Vettisfossen og Utladalen

Vettisfossen

Fossen er nok liten, etter ei lang tørketid. Også lite vatn i elva nedover frå fossen og det gjekk lett å hoppe frå stein ti stein, tørrskodd over elva. På andre sida, kom ein nærmare fossen og på ein fin lite grashøgde, kunne ein sjå rett ned i gryta der fossen enda. Normalt vil ein bli våt, når ein står so nært til fossen. Men no var det fine forhold og ta bilde, og fortsatt ha tørr linse. 

No var dagen på hell og skumringa i gang, så eg gjorde meg klar for tilbaketuren. Måtte stoppa og nyta synet av Hyljefossen også. Den ligg nedanfor Vetti Gard. Ser ut som fossen kjem rett ut av fjellet og endar i ein blå lagune. No i kveldinga speila den kvite fossen seg i den grøn/blå-farga vatnet. 

Så var eg tilbake til bilen, den sto no heilt åleine igjen på den mørklagde parkeringsplassen. 

 
Vettisfossen
Vetti Gard og Vettisfossen