Under Hallingskarvet

Skitur på Hardangervidda

Denne langhelga i starten av januar, skulle turen gå til ei hytte på Haugastøl. Planen er å kjøre frå Bergen og over Hardangervidda. Haugastøl er første plassen ein møter, når ein kjem over Hardangervidda frå vest. Her er det også ein togstasjon for jernbanen mellom Bergen og Geilo. Finse er den høgaste togstasjonen på denne ruta og ligg på 1222 moh. Haugastøl ligg på 1000 moh. Når jernbanen blei bygd på starten 1900 – talet – blei det samtidig laga ein arbeidsveg langs jernbanelinja over Hardangervidda. Ein veg som vi i dag kjenner som Rallarveg. Arbeidarane som bygde jernbanen var kalla ein rallar. Mange av desse kom frå Sverige. Omreisande arbeidsfolk, som jobba på store jernbane, veg og gruve-prosjekt i Norge og Sverige. Denne rallarvegen ligg der fortsatt. Open for fottur og sykling, når snøen er vekke. Men her er det snøfritt kunn nokre få veker i året. Ein må vente til seint på sommaren, eller tidleg haust. Då kan ein leiga syklar på Haugastøl og sykle denne vegen over vidda. Ruta er Haugastøl – Finse – Myrdal og ned til Flom. Flom ligg ved Sognefjorden. Her kan du ta båt og buss vidare til Bergen. Eller Flomsbanen (Flom til Myrdal) – og Bergensbanen vidare til Bergen. Denne tog og båttur, er ein del av ein tur som går under navnet «Norge i eit nøtteskal»

 
Budalen under Hallingskarvet
Skitur innover Budalen

Geilo og Budalen

Men no er det vinter og då er det ski som er aktuelt, her oppe på fjellet. Geilo er eit av landet største hytteby-område. Som eit resultat av det, kjøres det mange mil med skiløyper. Dei ligg både nede i dalen og opp mot høgfjellet. Desse områda er sjølvsagt utsett for tøffe vêrforhold. Spesielt no, så tidleg på sesongen. Då er løypekjøring svært avhengig av forholda i fjellet. Men som oftast vil lysløypa ned på Geilo Skistadion være open. 

Sjølv om det kunn er for ei langhelg, er det viktig med god planlegging, når ein skal opp på Norges tak. Det var meldt lave temperaturar, så viktig med varme klede. Og då er det klede av ull som gjeld, frå innerst til ytterst. Viktig med gode ullsokkar, skal du klare å halde varmen, i elles tynne og kalde langrenns sko. Gode hovudplagg og «buff», for å dekke til ansiktet. I slik kulde, er ansiktet mest utsett for forfrysing. Brukte ei finlandshette, den dekka det meste av ansiktet. Og sjølvsagt gode hanskar. På denne turen, brukte eg krabbehanske. Her er det to og to fingrar saman og mindre rom for trekk utanfrå. Mat og varm drikke er viktig. Har du med varm drikke i drikkebaggen, tar det lengre tid før den fryser. 

 
Budalen på Hardangervidda
Budalen og Geilo

Klar for skitur i kulda

Det er også ei tid med fortsatt strenge koronareglar. Så all handling og matvare blir kjøpt inn i den lokale matbutikken her i Bergen. Då er ein sjølvforsynt og treng ikkje oppsøke lokale matbutikkar. Her skal ein halda seg til kunn i skiløypene. No i starten av januar er det også lite folk i løypene, her oppe. 

Når vi var på veg opp til Hardangervidda, så kjente vi fort kulden som venta oss. I slike kuldeperiodar, er det ofte lite vind. Slik var det også no. Kaldt, vindstille og ein klar stjernehimmel. Ein vakker biltur over Hardangervidda. Utanfor hytta var det -26 kuldegrader. På rekord-tid fekk vi bagasjen ut av bilen og inne i hytta. Det første var å få fyr i omnen og få varme i hytta. I kveld blei det enkel middag, ein pizza. Så var det planlegging av morgondagen. Vi sjekka løypenettet i på skisporet.no Ut frå vêrmelding og snøforhold, så peika Budalen seg ut som det beste alternativ. Då må ein ned til Geilo og kjøre opp Havsdalen og parkere oppe ved skianlegget i Havsdalen. Her går skiløypa innover til Budalen og Budalsrunden. Det er ei rundløype i dalen, inn til Vestreim-hytta og så tilbake på motsett side av dalen. 

Klokken 06:00, neste morgon var det alarmen på mobilen, som fekk ein opp av senga. Solide kuldegrader ute, no var det viktig med ein god frukost. Egg, mjølk, tea og grovt brød. Lage ei niste og varme saft til turen. Etterpå er det smurning av ski. I denne kulden, er det kvit grunning og tre lag grøn tørrvoks. 

 
Ustaoset og Hallingskarvet
Skitur under Hallingskarvet

Fine forhold i Budalen

Det er ca 2 mil ned til Geilo og Havsdalen. No var det å få varme i bilen og få med seg alt nødvendig med ski, og ekstra klesskifte. Viktig å få på seg tørre og varme klede så fort ein kan , etter ei slik treningsøkt. Også ekstra sokkar og skobytte.  I dag blir det nok kalt i løypene. På vegen nedover til Geilo, toppa temperaturen seg på minus 29 grader celsius. Vi var nok spente på korleis dette ville gå. I januar var det nok lite varme å få av sola også. No på morgonkvisten kom det vakre raudblå lyset til syne i aust og det lysna av dag. Og snart var vi oppe på parkeringsplassen i Havsdalen. Godt og varmt i bilen, så ein måtte mote seg opp, før ein gjekk ut i kulden. Ein liten motbakke i starten, gjorde at du fekk litt varme i kroppen og fingrar. Men så var det  ein liten nedover bakke, før ein svinga inn i Budalen. I denne kulden var dette nok til få kalde fingrar og tær. Men så var det fin diagonal tur innover mot Budalen og alt kjennest betre ut. Varmen kom sakte tilbake i fingrar og tær.

Budalen er ein stor open dal, svært utsatt for vinden som kjem frå fjellkjeda innover Hallingskarvet. No er vi også oppe i ca 1100 moh, og i dette opne landskapet er det lite som vernar deg mot vinden. Sjølv om det var kaldt, var det god gli eit nypreparert løypenett. Skismurningen traff perfekt. Det blei ein tur på ca 15 km i dette vakre vinterlandskapet. Kvite vidder som glitra av lysande snøkrystallar, så langt auga rakk. No var det raude morgonlyset, erstatta av klar blå himmel.  Men det var nok litt i kaldaste laget. Etter ei stund fekk eg ein lett forfrysning i ansiktet. Kvite flekker i kinna, som ikkje var tildekka av brille og finlandshetta. Det beste då var  å  returnere til bilen. Sjølv om sola viste seg på himmelen, gav det lite endring på temperaturen.

Det var godt å komme tilbake i hytta og få varme i omnen. Men det var ei nyttig erfaring og gå i skiløyper under slike forhold. Sjølv om det i utganspunktet var vindstille, så var det nok med ein svak vind-trekk midt i dalen. Oppe i dalsida var forholda betre, men uansett viktig å ikkje trosse signaler på forfrysing. Kunn eit par gode ullsokkar, var nok til å halda varmen i skiskoa. Også viktig at det ikkje blir for trongt i skoen. Må få plass til litt bevegelse i skoen. Men ein måte bevege seg heile tida, stoppa ein opp så var kulden i skoa med ein gong. Så var det ullstilongs og skibukse. Ulltrøye og ei lett microfiber-trøye under ski-jakken. Men kanskje det viktigaste var ein lett vindvest utanpå. Den beskytta deg litt mot kald trekk. Alt dette var god erfaring og ta med seg  vidare.

 
Innover Budalen
Skiløype i Budalen

Skiturer på Hardangervidda

Tilbake i hytta, kom varmen sigande tilbake i kroppen. Hjalp ekstra godt med fyr i omnen og ein varm kopp med tea. Og ekstra godt smaka det med ein god og varm tallerken med risgrynsgraut. Graut med kanel, smør, rusin og litt spekekjøtt til. Det blei ingen fleire turar denne dagen. Meldinga for neste dag såg betre ut, temperaturen skulle opp. Men med vêrskifte  kom det også litt meir vind. Også neste dag la vi turen ned i Budalen. No var det ein betre temperatur og fortsatt like gode løyper. Turen innover i Budalen, var perfekt og det blei fleire fine rundar i dagens løyper. Også i dag var det lite folk i løypene, så ein hadde fjellet mest for seg sjølv. Det blei ei fin treningsøkt, sjølv om det var meir vind på denne turen.

Hardangervidda og Haugastøl
Utsikt fra Haugastøl

Men den finaste turen, blei nok på siste dagen. Litt tilfeldig, så blei det ein tur frå Ustaoset og opp mot Hallingskarvet. Då vi var på veg til Geilo, såg vi at løypemaskinen var i full sving oppover i fjellet frå Ustaoset. Dei hadde ikkje preparert løype her på desse dagane. Då var saken klar. Vi snudde og parkerte bilen på parkeringsplassen på Ustaoset. Her starta løypa, rett bak butikken. I dag var det lav skydekke og grått. Mildværet var også komt inn i fjellet. Dette var dagen for felleski felleski. Men på vegen oppover mot Prestholt kom sola gjennom skydekke og vi fekk eit magisk lys oppover fjellsida til Prestholdtskarvet. Eit gult varmt morgonglød la seg over fjellet og tett skodde låg under oss. Her gjekk vi under ein bratt vegg og fjelltopp låg på1859 moh.  Vindstille og gode ski, gav magiske forhold.  Men like fort, innover i fjellet seig tåka sakte nedover fjellsida og sikta forsvann. No var det kunn nokre meters sikt. Men fortsatt eit magisk lys som til tider kom gjennom skydekket. No auka også vinden. Det å komma seg tidleg ut om morgonen, var igjen eit godt val. I dag var den siste skidagen og med retur til Bergen. Men denne skituren på Ustaoset var ein fin avslutning på denne helgeturen. Så no var det tilbake til hytta og pakke. Vaske ut og få alt utstyret inn i bilen. Turen tilbake over Hardagervidda gjekk greitt. Det var dårlege meldingar, så vi ville komme over før vegen eventuelt blei stengt. Når vi kom ned til Eidfjord og Hardangerfjorden, blei det null-føre og kraftige snøbyer. Dårleg sikt, glatte vegar og masse snø i vegbanen Det gjorde at tilbaketuren tok lag tid. Når vi nærma oss Kvamskogen , var vi spent på om vi kom oss opp dei bratte svingane. Heldige var vi og gode vinterdekk, tok oss heilskinna tilbake til ein nedsnøa Bergen. 

Vinter i Bergen

No var det vinter i Bergen. Eit heller uvant syn på desse kantar. Men også vakkert med ein nedsnøa by og snøtunge kvite greinar på trea. Heile byen lyste opp, no i mørkaste januar. Og dei neste dagane, kunne ein ta skiturar midt i Bergen by. Det kan ein kalle for kortreiste skiturar. Då blei det skigåing for første gong i Løvstien, historisk! 5 minuttar og gå, frå min bustad. 

 
Vinter over Bergen
Utsikt fra Løvstakken