Fotoskjul

Fuglefoto og bruk av fugleskjul.

Fuglefoto og bruk av fotoskjul.

Går du rundt i skogen med et kamera, er det vanskeleg og komme nær fuglane. Dei er observante, rask bevegelse og forflytter seg fort. Dei oppdagar deg lenge før du oppdagar dei. I ein slik situasjon er det skjeldan du kan få dei gode nærbilda. Motivet er borte, før du har klart kamera. Kanskje er du heldig, men resultatet blir som oftast magert. Du fortvilar over eit godt motivet som er vekke før du er på «skuddhold». Dessutan er problemet ofte høgdeforskjell mellom deg og motivet. Den gjer det vanskeleg og skape et godt fugleportrett. Som oftast blir det ein blå himmel som bakgrunn. Det gjer det vanskeleg å skape eit interessant motiv. Kjem fuglemotivet lågare, helst i din høgde, er det betre. Då får du trær, buskar og eit miljø inn i komposisjonen. Du får meir dybde i bilde. Her kommer bruken av fotoskjul som eit nødvendig verktøy

Blåmeis i vintersol og fotoskjul

Fotoskjul

Alternativ er å finne ein godt eigna plass i skogen og dekke deg til med kamuflasje. Eit enkelt kamuflasje – overtrekk, er lett og ta med seg. Då kan du også variere med plassering på forskjellige plassar. Kamuflasje-klede og eit overtrekk som du dekker deg med. Dette gjer deg meir fleksibel og du kan finne mange observasjons plassar og bytte mellom. Det er sjølvsagt ukomfortabelt over lengre tid og sitja under ein liten duk. Men det viktigaste er at du kjem deg på observasjonsplassen tidleg om morgonen. Dette er eit tidspunkt då fuglar er svært aktive og spesielt eit godt lysforhold. 

Fotoutstyr

Ta med stativ, det lar seg bruke under kamuflasjen. Du unngår alle dei uskarpe bilda, så blir du også meir fleksible innstillingar på kamera. Om kvelden kan det også være bra fototid. Då er fuglane meir roleg og held seg lenger på ein plass. Fuglefoto i den blå timen og kanskje i motljos kan gje ein ekstra effekt. Sjølv om det blir mykje venting, så går likevel tida fort. Masse lyder og høyra på , i tillegg må du være observant og konsentrert heile tida.

Fotoskjul i skogen

Fjell og fototur

Går du i høgfjellet med opent terreng, er det lettare og sjå fuglar på avstand. Ta med ein god kikkert. Beveg deg lavt og med rolege skritt mot målet. Er det om sommaren og i hekketida, vil mange fuglearter markere fare og lokke deg bort frå reirplass. Ofte kan dei være nokså nærgåande. Viktig å ikkje opphelde dei for lenge, når dei skal mate ungar eller ruge på egg. Alltid ta hensyn og la fotograferinga komme i annan rekke.

Finn beste tid for fotografering

Forholda variere sjølvsagt gjennom årstidene. Gjennom vår og sommar, er aktiviteten større og det er lettare å komme nært motivet, utan og bli oppdaga. Dette er ein periode med hekking, reirbygging og mating. Ei travel tid og hektisk aktivitet blant fuglane. Då er det lettare og komma nært på. Bruk ein nøytral påkledning, eller enkel kamuflasjeutstyr. Finn ein eigna plass som du har sett deg ut på førehand. Sett opp stativ og vent til fuglane har godtatt det nye framandelementet. Med ein slik enkel kamuflasje , er du også meir fleksibel til og flytte deg rundt i terrenget. Kanskje nær eit vatn, der ender regelmessig er på leiting etter mat.

Fluesnapper fra ditt fotoskjul

Fuglearter

Eller er du ute etter meir konkrete artar, sett opp eit fuglebur. Lag buret og opning tilpassa den fuglen du ønskje å fotografere. Her finner du lett informasjon på nettet. Sett opp buret i god tid før hekkesesongen og på plassar som er tilpassa arten. Så er det å følgje med på aktiviteten, frå ein passe avstand. Ugle-kasse er det aller mest spennande prosjektet. Då er det viktig og finne område, som ein veit ugla liker seg i. Husk også at det bør vera god avstand mellom plassering av ugle-kassar, ca 1 km.
Skal ein få enno betre nærkontakt. Ta nærbilde og kunne observere oppførsel og instinkt til fugla. Då bør ein ha ein fôringsplass og eit bra permanent skjul for fotografering.

Kamuflasjer

Sett opp eit lite fotoskjul inne i utkanten av ein furuskog, med utsikt mot ein open plass. Lag så ein ein fôringsplass. Plasser den ca 20 meter frå teltet og litt høgare, helst på eit liten opent område. Viktig at bakgrunn og område rundt, skaper eit miljø. Kanskje ei vindskeiv furu bak knausen. Lag åte-plassen slik at fuglane har ein naturleg plass å bevege seg på.
Kanskje bygg den opp med nokre steinar. Finn ei gammal rot med nokre tørka greinar, som du fester med steinane. Då har du laga til ein plass der fuglane kan slå seg ned og samtidig gje ein fin bakgrunn til foto.
Etter å ha satt opp ein slik fôringsplass og kamuflasjetelt. La det stå ubrukte i ein periode, slik at fuglar vender seg til framandelementet. Så kan du legge ut litt åte og fuglemat for og teste om dette vil fungere.
Når det er gjort, kjem tida til bruk av fotoskjulet. No har eg satt opp stativ inne i teltet og har no fin utsikt til fôringsplassen. Teltet er lavt, og ein må halveis ligge, eller stå på kne. Det er også viktig å holde seg varm. God påkledning og ekstra underlag til å ligge eller sitja på. Ein termos med tea, hjelper også.

Fotoskjul med bilde av kråke i skogen

Fugler på nært hold

Skal du tiltrekka deg rovfugl, er det viktig å komme på plass i teltet før lysning om morgonen. Då er det også viktig at du blir der til mørket faller på.
Når morgonen og ljoset kjem, høyrte du også at fuglane vakna til liv. Dagens åte fungerte bra og det tok ikkje lang tid før det sat fuglar rundt på dei tørre greinene eg hadde satt opp.. Når ein sat inne i teltet, var det viktig å følgje med på lyder. Ravn og kråke var ofte dei første som markerte plassen. Men dei sat rundt i dei nærliggande tre, utan å nærme seg maten. Heile tida på vakt, men lyden av dei lokka andre fuglar til plassen. Skjor og nøtteskriker, skjøna at her var det mat å hente. Dei tok lite omsyn og gjekk rett på åta. Her var det maten som var i fokus og stolte på at kråke og ravn held vakt. Litt krangling blei det også, rundt matfatet. 

Observering fra fotoskjul

Plassering av fotoskjul og fôringsplass var perfekt. Låg litt lågare i terrenget, så fin profil av fuglane. Ofte slo dei seg ned på dei tørre greine og gav fine motiv. Lyden av kamera var ingen problem. Såg dei reagerte litt i starten, men så aksepterte dei lyden.
Det tok lengre tid før kråke og ravn viste seg. Høyrde lyden av dei over meg, i furu-trea. Så var det lenge stille. Kom så tilbake og om litt og nærma dei seg forsiktig fôringsplassen. Men dei var veldig på vakt. Gjekk kun rundt åta, utan å nærme seg maten.
I eit slikt skjul, får du gode forhold til å studere forskjellige åtferd til fuglearter. Sjå dei på nært hold og korleis dei fungere og kommunisere i ei gruppe. Aktiviteten er størst tidleg om morgonen. Når det nærmar seg mitt på dagen, blir det påfallande roleg.

Nøtteskriker fra fotoskjul i skogen