Tilgang til mat
I ei slik næringskjede blir den minste i kjeda mat for den neste etc. Om maten er lett tilgjengeleg, så må det også være balanse i forhold til fiendar. Vi veit at mink og ørn, har auka mykje dei siste åra. Det gjev også utslag på bestanden av sjøfugl.
Terne og måse er arter som stadig er på tilbakegang langs kysten. Det kan være både tilgang til mat og forholda rundt reirplassen. Dessutan så har vi mange miljøgifter, forureining og ikkje minst all plasten som er i sjøen. Det er nok mange ulike forhold som tvingar dei vekk. Men mykje av dette er påvirka av oss menneske.
Endringa i klimaet har nok også stor betydning på forandringane som vi ser i dag. Sjølv liten temperaturendring i sjøen , kan føre til endringar for mange arter. Nye arter kjem til og andre forsvinn. Sjøfugl vil sjølvsagt følgje etter der matfatet flyttar seg.