Skiløype langs Tyin
Tre fulle dagar hadde vi oppe i denne fine traseen. Turen gjekk frå Bergen ein torsdags ettermiddag og vi kom opp på ei hytte på Filefjell på kvelden. Gode kjøreforhold og liten trafikk langs E16. Langrennsski blei smurt og klargjort same kvelden. Neste dag var det opp klokken 06, god frukost og følgje med på nettet, når dei start løypekjøring. Tidleg om morgonen ,hadde vi løypa for oss sjølv. Var dei første innover langs vatnet, kvar morgon. På natta hadde det falt ein centimeter med lett nysnø. God gli, perfekte ski og lett terreng, gav ein god følelse. Fint å være i gang med ny skisesong. Siste dag blei det skøyting. I starten var det tungt, vanskelege å få fin flyt. Dessutan var beina som stokkar. Men etter eit par kilometer løsna det og med god gli, gav det ein fin ski oppleving.