Fotoskjul

Fuglefotografering krev stor tolmod.

Går du rundt i skogen med et kamera, er det vanskeleg og komme nær fuglane. Dei er observante, raske og forflytter seg fort. Dei oppdagar deg lenge før du oppdagar dei. I ein slik situasjon er det skjeldan du kan få dei gode nærbilda. Motivet er borte, før du har klart kamera. Kanskje er du heldig, men resultatet blir som oftast magert. Oftast opplever du at det gode motivet er vekke før du er på «skuddhold». Dessutan er problemet ofte høgdeforskjell mellom deg og motivet. Den gjer det vanskeleg og skape et godt fugleportrett. Som oftast blir det ein blå himmel som bakgrunn. Men gjer nok det vanskeleg å skape eit godt motivet . Kommer fuglemotivet lågare, helst i din høgde, er det betre. Då får du trær, buskar og eit miljø inn i komposisjonen. Du får meir dybde i bilde.

Vintersol
Blåmeis i vintersol

Enkel kamuflasje

Alternativ er å finne ein godt eigna plass i skogen og dekke deg til med kamuflasje. Eit enkelt kamuflasje – overtrekk, er lett og ta med seg. Då kan du også variere på forskjellige plasser. Kamuflasje-klede og eit overtrekk som du dekker deg med. Dette gjer deg meir fleksibel og du kan finne gode observasjons plasser å bytta mellom. Det er sjølvsagt ukomfortabelt over lengre tid. Men viktig at du kjem deg på observasjonsplassen tidleg om morgonen. Dette er eit tidspunkt då fuglar er svært aktive og spesielt gode lysforhold. Ta med stativ, det lar seg bruke under kamuflasjen. Du unngår alle dei uskarpe bilda, så blir du også meir tilfreds. Om kvelden kan det også være bra fototid. Då er fuglane meir roleg og held seg lenger på ein plass. Fuglefoto i den blå timen og kanskje i motljos kan gje ein ekstra effekt. Sjølv om det blir mykje venting, så går likevel tida fort. Masse lyder og høyra på , i tillegg må du være observant heile tida.

Høgfjellet

Går du i høgfjellet med opent terreng, er det lettare og sjå fuglar på avstand. Ta med ein god kikkert. Beveg deg lavt og med rolege skritt mot målet. Er det om sommaren og i hekketida, vil mange fuglearter markere fare og lokke deg bort frå reirplass. Ofte kan dei være nokså nærgåande. Viktig å ikkje opphelde dei for lenge, når dei skal mate ungar eller ruge på egg. Alltid ta hensyn og la fotograferinga komme i annan rekke.

Rødstilk
Rødstilk

Reir og hekke-sesong

Forholda variere sjølvsagt gjennom årstidene. Gjennom vår og sommar, er aktiviteten større og det er lettare å komme nært motivet, utan og bli oppdaga. Dette er ein periode med hekking, reirbygging og mating. Ei travel tid og hektisk aktivitet blant fuglane. Då er det lettare og komma nært på. Bruk ein nøytral påkledning, eller enkel kamuflasjeutstyr. Finn ein eigna plass, du har sett deg ut på førehand. Sett opp stativ og vent til fuglane har godtatt det nye framandelementet. Med ein slik enkel kamuflasje , er du også meir fleksibel til og flytte deg rundt i terrenget. Kanskje nær eit vatn, der ender regelmessig er på leiting etter mat.

Knoppsvane
Knoppsvane med unge

Bruk av fuglebur i skogen

Eller er du ute etter meir konkrete artar, sett opp eit fuglebur. Lag buret og opning tilpassa den fuglen du ønskje å fotografere. Her finner du lett informasjon på nettet. Sett opp buret i god tid før hekkesesongen. Så er det å følgje med på aktiviteten, frå passe avstand. Ugle-kasse er det aller mest spennande prosjektet. Då er det viktig og finne område, som ein veit ugla liker seg i.
Skal ein få enno betre nærkontakt. Ta bilde, kunne observere oppførsel og instinkt til fuglar, bør ein ha ein fôringsplass og eit bra skjul for fotografering.

Fluesnapper fra ditt fotoskjul
Fluesnapper

Fotoskjul

Eg har satt opp eit lite kamuflasjetelt inne i utkanten av ein furuskog , med utsikt mot ein open plass. Har satt opp ein fôringsplass. Den er plassert ca 20 meter frå teltet og litt høgare, på ein liten fjell-knaus. Her står ei gammal vindskeiv furu bak knausen.. På åte-plassen har eg plasserte nokre steinar og fann ei rot med nokre tørka greinar – som eg festa under steinane. Planen var og laga til ein plass der fuglane kunne slå seg ned – og fin bakgrunn til foto.
La ut litt åte og fuglemat for og teste og dette fungerte svært bra. Satte opp stativet inne i teltet og hadde no fin utsikt til fôringsplassen Dette fungerte bra og det tok ikkje lang tid før det sat fuglar rundt på dei tørre greinene eg hadde satt opp. Viktig å komme på plass, før morgonlyset. Når ein så var inne i teltet, var det å følgje med på lyder. Ravn og kråke var ofte dei første som markerte plassen. Men dei sat rundt i dei nærliggande tre, utan å nærme seg foret. Heile tida på vakt. Mens skjor og nøtteskriker, tok lite hensyn. Her var det maten som var i fokus.

Kråke ved fotoskjul
Kråke ved fotoskjul