Valdresflya og vårens ski-eldorado

Skihelg på Valdresflya, den siste helga i April

Valdresflya

Denne fjellovergangen på Valdresflya er vinterstengt. I overgang, både haust og vår, er den nattestengt. Valdresflya ligg i Østre Slidre. Høgaste punkt på vegen er 1389 moh. Eit open landskap, med store flate vidder. I midten, går riksveg 51 over vidda. Ein rett veg, som deler vidda på Valdresflya i to.

DNT kafè på Valdresflya
Valdresflya sin DNT kafè
Tråkkemaskin på Valdresflya
Tråkkemaskin på Valdresflya

Vegen over Valdresflya

Ordet «flye» har ein betydning som «vid fjellslette dekket av reinlav, stein, småkjerr og ol». Kva navnet betyr, er lett og sjå, når du står på toppen og ser utover. På det høgaste punktet på vegen, der ligg ein DNT kafé. Nytt bygg, med store glasflater. Her kan du ta ein god kopp kaffi, og nyte utsynet over vidda. Heile vidda dekka av eit kvit teppe av snø. Lyset er skarpt frå ein blå himmel. I tillegg refleks frå ei snødekt vidde. I begge ender av sletta, ligg det høge fjelltoppar. Dette lokkar til toppturar. Ein av dei, Rasletind, er på heile 2105 moh. Fin tur , både sommar og vinter.

Rasletind på Valdresflya
Kveldslys over rasletind

Langrenn på Valdresflya

I dag er det langrenn for oss. I ei ny-køyrt skispor. Eller trikkeskinner, som dei kallast. Vi starta dagen tidleg, og kom opp på Valdresflya i 09-tida. Etter ein køyretur på 11 km, var vi klare for å komme oss ut på ski. Lite bilar, så det var god plass på parkeringa. Fortsatt minusgrader og lite vind. Her var skivalget skøyting eller klassisk. For min del blei valet felleski og klassisk. Mine gode Atomic felleski, dugar alltid. Nesten uansett forhold. Totalt var det kjørt neste 2 mil med løyper. 8 km på austsida av vegen og 11 km på vestsida. Litt forskjellig profil på dei to løypene. På vestsida hadde ein ei litt meir kupert terreng.

Topp forhold for langrenn

Sjølv om det seig på med bilar utover dagen, så hadde ein mest løypene for seg sjølv. Mange gjekk utanfor løypene. Andre tok topptur eller leika seg med «snowkiting».
Det er ikkje ofte at vidda visar seg frå denne sida. Mest vindstille og god varme i sola. Samtidig blei skiforholda betre og betre. Betre gli og lette løyper. Ja, det blei mange mil og mange timar, her oppe på toppen av Valdresflya.
Kvelden kom, med trøtt kropp og tunge bein. Men neste dag var det på han igjen. Valdresflya hadde same fine været og forholda var kanskje enno betre. To flotte dagar, som blir huska lenge

Tyinvatnet

På denne turen budde vi i Vestre Slidre. Her var det meste av snøen borte. Ingen forhold for skiløype. Kanskje ein kunne gå lenger opp i fjellet. Då var vårt alternativet Sulebu. Vi fann fort ut at ujevnt skareføre og 200 meter stigning fristar lite. Dette også på langrennsski. Ikkje minst nedturen såg vanskeleg ut. Så vi kjørte opp Tyinkrysset og til Tyinstølen. Her vurderte vi å prøve isen. Men her oppe var det ingen informasjon om tryggleik på isen. Den store kvite flata, låg der, klar til bruk. Men det var heller ikkje folk å sjå, der ute på Tyinvatnet. Så vi kjørte vidare og runda svingen, ved Tyinstølen. Vi ropte av glede, når vi såg tre småfly. Disse var parkert ute på isen.
Då var saken klar. På med ski og ut på isen. Tyinvatnet, var ein draum. Tynt lag med laussnø, godt grep og perfekt gli. Både til skøyting og staking. Tyinvatnet er stort, heil 33 km2. Det var stort område og med lite vind. Perfekt trening på skøyting, under flotte forhold. Som ein leik på isen. Dette var gøy.

Tyin og Tyinvannet
Småfly over Tyin

Småfly på Tyinvannet

No blei det også i tillegg ein ekstra foto oppleving. Det skjedde noko borte ved flya. No ser det ut som det blir flyfoto også. Dei tre småflya, skulle tilbake til Gol.
Måtte finne ein fin posisjon og få fram fotoapparatet. Hadde ei linse på 24 – 70mm og ei zoom på 70-200mm. Så var det å fyre laus, når flya tok av. Den flotte naturen gav ein fin bakgrunn, der flya løfta seg oppover fjella.

Småfly over Tyin
Småfly over Tyin
Småfly over Tyin

Bombardier Snowmobil

Eit anna transportmiddel her oppe er også eit fotomotiv. Det er dei spesielle beltebilane «Bombardier Snowmobil». Dei går i rute mellom Eidsbugarden og Tyin. Når det er vinter, då er det både varetransport og persontrafikk, til Eidsbugarden og DNT hytta Fondsbu. No sto dei parkert på Tyin. Så fekk ikkje ta bilde av dei med transport. Bombardier Snowmobil er eit produkt frå Canada.

Bombardier Snowmobil
Bombardier Snowmobil
Bombardier Snowmobil
Bombardier Snowmobil

Så var turen slutt

Det blei ingen kjøretur med «Bombardier Snowmobil» denne gongen. Så vår tilbaketur til hytta blei på ein komfortabel tysk VW ID 4.