Geilo og Haugastøl, skihelg

Skitur Haugastøl og Geilo, 31.1 – 03.02

 

Det nye året 2020 har begynt med mildvær over det meste av landet. Ingen eller lite snø i låglandet og mykje vind og ruskevær i fjellet. Hardangervidda har vært stengt i 103 timar på ein månad. Då er det ikkje så enkelt og planlegge ein hyttetur i fjellet. Bestillinga av hytta skal passe med opne vegar og sjølvsagt tilgang på snø. Sjølv om det mest har vært vår og nedbørsrikt i låglandet har det blitt bra med snø i høgfjellet. Haugastøl, Ustaoset og Geilo, har eit imponerande stort løypenett for langrenn. Løyper som tar deg opp i høgfjellet og Hardangervidda, på over 1300 meter. Om vinden blir for «røff», kan du finne lunare område ned ved Geilo Skistadion.

Hardangervidda

Som du ser er det mange kriteria som skal stemme for å komme seg over Hardangervidda og til Haugastøl. Men denne fredagen lot vi det stå til. På Hardangervidda var det kolonnekøyring, noko som ikkje er så kjekt. Men på ettermiddagen, når vi hadde passert Eidfjord – kom det melding om fri ferdsel. Det var ein god start på turen og vi nådde Haugastøl, seint på kvelden, under fine køyreforhold.

På Haugastøl hytta, låg veden klar og snart rauk det frå pipa og lun varme stråla ut i hytta. Det var berre nokre få kuldegradar ute og mest vindstille, no seint på kvelden. Her oppe på Haugastøl var det ikkje mangel på snø. No var det å planlegge testing av nye ski. Litt vind og rundt null grade, var meldingane for Geilo og området rundt for morgondagen. Slik melding gjer at felleski bør bli valet. Då er det Atomic C8 – som skal prøvast for første gong. Oppdaterte mine gamle Atomic Skintec til Atomic Redster C8 Skintec. Har vært svært fornøgd med felleski. Spesielt her på Vestlandet med varierande og vanskelege føreforhold. Våt snø og temperatur rundt null grade, eller skare og hardt føre. Atomic Skintec har ofte løyst slike smøre utfordringer.

Det stemte også denne gangen.

Budalen

Neste dag var det opp kl 06:00 – koke egg, sette på kaffien og nyte ein lang og god frukost. Så var det ut i bilen og på veg ned til Geilo. Dagens plan var Budalen, som startar innerst i Havsdalen – bak Geilo sentrum. Vi kjørte opp og parkerte ved skianlegget. Sjølv om det var tidleg om morgonen var temperaturen alt over på pluss sida. Spennande var det og få på seg fjørlette ski og følelsen var god – då dei hadde både gli og feste. Så bar turen innover mot Budalen. Lett overskya og litt vind frå sørvest. Her var det også bra med snø på heile traseen. Budalen er ein av våre favoritt løype her på Geilo. Ein nokså flat trase, god også til å trene på teknikk. Vakker natur, med store, flate vidder innover mot Hallingskarvet. Lengst borte ruver fjella, ofte med skyer som dekker toppene . Særleg fint når du er der tidleg om morgonen – og kan sjå sol og det vakre morgonlyset ramme inn landskapet. Dagen starta vakkert, med blå himmel og lyse lett skyer. Utover dagen blei det mildare og litt meir grått. Fine løyper og god følelse med nye felleski.

Budalsrunden

Runden er på 6 km – og går inn til hytta Vestreim . På tilbaketuren er det ein lang og fin motbakke, som startar når ein har passert hytta. Kjekt og gå i motbakke, utan glipp-tak og superlette Atomic ski. Vinden auka litt, så no tok vi turen inn frå Budalen og i neste trase. Den løypa ligg i litt meir kupert terreng nord for Budalsrunden.  Her ligg to fine løyper også, Odnak Rundt og Liabrotet. Dette blei ein svært god test på eigenskapen til felleski i slike forhold. Utover dagen blei det fleire pluss-grader og fleire gode grunner til bruk av felleski.

Været neste dag blei meir vindfull, med ein liten kuling i løypene. I går var det smelting, men denne dagen var det kuldegrader. Harde og meir isete løyper. Søndag, men den unike datoen 02022020, tok vi igjen turen til Geilo – og no blei det tur frå Geilo Skistadion og mot Kikut. Ved Geilo Skistadion og oppover var det isete løyper, men høgare oppe blåste tørrsnø inn i løypene. Først klisterføre og så i  øvre del tørrvoks!! Vanskeleg og løyse, no blei også felleski det beste valet. Vi kom opp i området Torsrunden og Ruperanden.  Vinden blei nok den største utfordinga denne dagen. Men ned igjen fekk vi ein god test av felleski og utforkøyring. Her har det vært ei stor utvikling frå mine gamle Atomic ski. Der var styring i nedoverbakke svært ustabilt. På denne modellen Atomic Redstar C8, merkes nesten ikkje fellene og skiene har gode styre-eigenskap.

 

Denne turen gav store kontraster i temperatur og værforhold. Neste dag var det minus 20 grader, klar himmel og vindstilt. Vi hadde igjen ein perfekt dag i Budalsrunden. Absolutt vinterens beste skidag. Men no var det slutt og tilbake til Bergen igjen. Denne dagen var også Hardangervidda åpen og uten kolonnekjøring.

 

2 thoughts on “Geilo og Haugastøl, skihelg

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *