Dovre og Moskus

Dovrefjell

Dovrefjell er ein av dei største nasjonalparkområde i Norge. I 2002 blei parken utvida med Sunndalsfjella. Den heite no Dovre – Sunndalsfjella nasjonalpark. Utenom Jotunheimen, er det Dovrefjell som har den høgste fjelltoppen. Snøhetta ligg 2680 moh. , og eit svært populært turområde. DNT hytten Snøheim, ligger ved foten av Snøhetta – og er open frå April – Oktober.  Heile dette område har eit rikt planteliv. Her finn ein mellom anna, norsk malurt og dovrevalmue.

 

Områd med moskus, fjellrev og villrein

Når det gjeld fugle og dyreliv har ein også mange artar. Ei villreinstamme som held til i dette område. Her er det også satt ut fjellrev, som no er i ferd med å etablere seg. På 1950 tallet blei det henta inn ei stamme av moskus frå Grønland. Etter ein periode med tilvenning, blei så desse plassert ut på Dovrefjell. Arten kjem frå Alaska /Grønland. Men ein har funne fossiler i Norge, som tyder på at denne arten eller tilsvarande har hold til her i siste istid. I dag er stammen på ca 250 dyr. Dei held seg i mindre flokkar på 8-12 dyr. Det er tunge dyr, med ei vekt mellom 300-400 kg. Korte bein, men kan nok klare ein toppfart på rundt 60 m/s. Difor viktig og holde ein god avstand til desse dyra. Anbefalt ca 200 meter. Dei er drøvtyggere, og om vinteren trekker opp mot fjelltopper, der det er mindre med snø og meir avblåst. Slik at dei kan grave seg ned til maten.

 

Fotosamling på Hjerkinn

Bakgrunn for denne turen var ei fotosamling på Hjerkinn i midten av september. Arrangert av tre lokale fotoklubbar. Fra fredag til søndag var det satt opp eit tett program. Både med Moskus safari, kveldsturar og foredrag. Det var ca 80 påmeldte, så absolutt stor interesse for dette foto-arrangementet.

 

Togtur Bergen – Oslo -Dovre

Jernbane mellom Oslo og Trondheim, går over Dovre. Så i staden for lang biltur og omlegging til vinterdekk, blei togreise eit naturleg val. Starta med ein fin togtur frå Bergen til Oslo, med dagtoget. Hardangervidda hadde alt blitt kledd i fine brune, raude og gule haustfargar. Fjelltopper med kvite flekker. Elver som sirkla seg gjennom landsskapet. mørkeblå vatnet som sola speila seg i. Denne togturen gjer alltid  ein like stor oppleving. Med ein varm kopp kaffi og panoramautsikt er dette absolutt toppen på denne reisa.

Så blei det togbytte i Oslo og nattoget til Trondheim, med stopp på Dovre og Hjerkinn ca kl 04:30 om morgonen, eller midt på svarte natta.

 

Dovrefjell

Var einaste passasjer som steig av toget  på Hjerkinn. Iskald vind og ein temperatur ned mot null. Stasjonsbygningen var nyrestaurert og hadde behalde sin gamle stil. Samlinga var ikkje før på ettermiddagen. Planla difor ein liten fjelltur og fanga soloppgangen over Dovre på linsa, dette var målet. Plasserte bagasjen på Vandreheimen, som vi skulle bu på. Så var det og orientere seg i mørket. Var heldig og traff på ei frå milletære, som var tidleg ute på joggetur. Ho forklarte vegen, og turen gjekk oppover mot Snøhetta utsiktspunkt. Hei hytte som er plassert ute i terrenget, med panoramautsikt over området, med daler og fjelltoppar. Utsikt rett mot fjelltoppen Snøhetta på 2286 moh.

 

ViewPoint Snøhetta

Turen gjekk oppover og oppover, på ein grusveg. Glad eg hadde kledd meg godt, då det var ein iskald vind. Den auka på til lenger opp ein kom. Men no kom sakte morgonlyset. No såg ein fjell rundt seg på alle kantar. I aust lyste det raudt og viste starten på soloppgangen, mot ein kald blå himmel. Siste del av turvegen, var det lagt ned heller i vegen med historisk innskrift. Så flatar vegen seg ut, og ei brun lita hytte dukkar brått opp. Det er Viewpoint  Snøhetta (kvifor bruke eit engelsk namn, midt inne i den urnorske fjellheimen?). Ein heil glassvegg inne i hytta, gav deg ein storstilt utsikt over området. Her kunne ein nyta utsikta, lunt , tørt og varmt. Men no var det ut og fotografere starten på ein ny dag inne i fjellheimen. Hadde med stativ og fekk fanga inn det vakre lyse over fjella.

 

Dovrefjell om kvelden

Kan sei ein fekk mykje ut av dagen. Morgontur til ViewPoint Snøhetta, lunsj og redigering av bilder i kafeen på Hjerkinn Hus. Felles møte rundt tema for fotosamlinga. Og når kvelden kom, var værforholda like fine, og då blei det ny tur opp i fjellet. Dette område i Dovre er også kjent for rik flora. I skumringa og solnedgang tenkte eg å fotografere planter i naturen. Planter og buskar som allereie hadde fått kraftig haustfarge. Og under meg var det store djupe gruver og tunnelar. Desse var no stengt, fullt igjen og dekka til. Slik at spora på overflata skal gro igjen. Gamle anleggsvegar for både gruvedrift og militære held dei på og fjerna. Alt skal tilbake til slik det ein gong var og vegetasjon skal dekka over menneskelege aktivitetar.

 

Moskus safari

Tidleg på laurdag morgon, var det på veg med turbuss og moskus guid ut i Dovrefjell. Vi var ei gruppe på ca 20 personar, som bevega oss innover i terrenget. Heile tida speida vi etter moskus. Dei kan ofte være vanskeleg og få auga på. Har same kamuflasje som mange av dei store steinane i terrenget. Men med god kunnskap frå kjentfolk, og ein kikkert, så fann vi dei. Ein flokk på 8-10 dyr. Dei låg litt oppe i ei dalside. Dette var spennande, korleis skulle vi plassere oss. Planen blei og gå i ein stor sirkel rundt flokken, slik at vi kom på oppsida av den. Vi kom inn på ei fin hylle, på oversida av flokken. Ålte seg framover mot kanten og kikka ned på flokken. Fin plassering og mange bra foto av flokken. Etter ein liten time, trakk vi oss forsiktig tilbake. Det var interessant og iaktta dyra på nært hold. No var det tilbake og kopiere ut bilda til Lightroom.

 

Snøheim

Etter fotosamlinga, så hadde eg tenkt og bruka eit par dagar på fottur i område. Planen var og reise inn til turisthytta Snøheim. Frå den var det ein grei dagstur opp og ned til fjelltoppen Snøhetta.

Snøhetta, 2680 moh. Tok buss inn til Snøheim på søndag ettermiddag. Her var snøen alt komt og dekka landskapet med nokre få centimeter. Blanding av gras ,stein, måse og snø. Det gav eit spesielt uttrykk over landskapet. Spesielt var det og sjå vatnet som låg nede med hytta. Der dei skarpe grøne fargane var slik ein stor kontrast mot den kvite snøen.  Lettskya, med vind i ryggen traska eg innover i det steinete månelandskapet. Det begynte snart og mørkne, så best og gå tilbake til Snøheim. Der venta ei treretters middag.

 

Storm

Været endra seg fort her oppe i fjellet. Om kvelden og natta auka vinden til opp på 27 m/s. Ville ta nokre ute-bilde i grålysninga. Men måtte snart snu, vinden var for sterk. Hadde vanskar med å gå mot vinden og i tillegg skulle ein halda kamera nokolunde roleg.

Værutsiktene for dagen var dårleg, så alle gjestene tok bussen tilbake til Hjerkinn om morgonen.

 

 Hjerkinn

Tilbake på Hjerkinn var forholda mykje betre. Så då blei det ein spasertur innover til område ein tidlegare hadde observert moskus. Store forandringar var det blitt. Kunn på eit par døgn med litt kulde, var vegetasjon endra til dei vakre haustfargane. Innimellom brun lyng og raude buskar bukta ei lita elv seg, utover i terrenget. Ofte opna det seg nokre litt større dammar. Og i bakkant vaks den snøkledde Snøhetta seg opp frå terrenget. Vakkert var det, og slike fargar som no, ville vare i kunn nokre få dagar til.

Lenger innover i dalen, såg eg også ein flokk moskus, heilt nede på ei slette. No var eg aleine, så ville halda meg litt på avstand. Det nærma seg kveld, og eg måtte tilbake til Hjerkinn og ta tåget til Åndalsnes. Reiseruta derifrå var bus til Ålesund og Hurtigruta vidare til Bergen.

 

Hurtigruta Lofoten

Togturen langs Rauma og ned til Ålesund er absolutt å anbefale. Ikkje mange togstrekningar som kan måle seg mot slik naturoppleving. Seint på kvelden var det busstur ut til Ålesund. Då kom også regnet i bøttevis. Blei nokre kalde og våte timar i Ålesund. Kl 01:00 kom den gamle veteranen Lofoten sigande inn til kaien. Fekk fremste salong for meg sjølv på natta. Panoramaplass når det lysna av dag. Vakker innreise til Florø. Kjente namn som Stabben fyr, Kinn og Oksen. Båten gjekk også rett forbi min bestemors barndomsheim på Tansøy. Det var eit lurt valg og ta denne reiseruta tilbake til Bergen. Det er mange reisealternativ uten bil også.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *