Tur til Livarden

Livarden – ein fjelltopp i Bergen på 683 moh

No når samfunnet har stengt ned og dei fleste felles aktivitetar er stoppa opp. Dette for å slå ned koronaviruset. Sjølv om ein er i karantene eller sjølvpålagt isolasjon og heimekontor, så må ein ut og trekke frisk luft.  Dagane blir rolege, kilo renn inn og kondisjonen renn ut.

Med alle fjell og turområde rundt Bergen, så har innbyggarane her i byen ein lettare tilgang til ein smule fysisk utfolding. Dersom du i tillegg kjem deg ut tidleg, tidleg om morgonen, så har du turen nesten for deg sjølv.

Denne dagen ringte kl 05:30 – bagg med fotoutstyr var pakka. I dag var det Tamron 150mm – 600mm og Nikor 24mm -105mm som låg i baggen. Dagens plan var ein tur sør i Bergen, til eit fjell som heite Livarden. Det tar ca 20 minuttar med bil opp til Totland.    På Totland har du i tillegg ei skiløype. Det var komt nokre cm med nysnø, men for lite til å bruka gode ski i trassen. I staden hadde eg tatt på meg høge, gode fjellsko. Måtte regna med ein del snø når eg kom lenger opp i høgda. Skulle kanskje hatt truge, men no var det for seint.

Det var alt blitt lyst og lettskya, men mykje blå himmel. Planen var å få tatt nokre fuglefoto på veg oppover. Våren og fuglesong var komet godt i gang. Det hadde vært lite snø og mest ingen kulde i vinter, så alt låg klart til ein tidleg vår.

Fjellet Livarden er ein lang rygg som strekker seg frå Totland og nordover i retning mot Ulriken. Fjellet ligg i same område som Gullfjellet. Det er liten eller ingen vegetasjon oppover mot Livarden, og ein har utsikt både mot aust og mot vest, heile vegen oppover. Du ser innover mot dei store toppane rundt Gullfjellet, og innover i Samnanger-fjella. Samtidig ser du utover mot havet, med øyer og små fjordar. I sesongen utan snø, er det eit mjukt «måse-teppe» du går på. Slakk stigning, heile vege. Nesten som du ikkje merkar at du går oppover.

Første delen frå Fanahytta på Totland, er på grusveg oppover i tett planta granskog. Allereie no glytta sola gjennom tette trestamme. Kjøttmeis og granmeis har alt start konkurranse i tretoppane. Det var nok eit par kuldegradar no på morgonen og litt kald nordavind. Men når eg tok av frå grusvegen og starta på fjellet, så kom du meir inn i sola. Skarpt blått lys over horisonten og snøkledde fjell.

Nysnø og ingen spor framfor meg. Dessutan bar snøen meg, på dei fleste plasser. Her var det lett og følgje fugle og dyrespor. Litt lenger oppover i fjellet, var det fleire spor etter haren. Dei gjekk oppover og oppover. Så her hadde han vært i natt. Kjekt og sjå slike spor, så nært byen. Lenger oppe hadde det vært rype.  Men no var det dessverre ikkje teikn til fugl.

Oppover mot toppen er det fleire vardar, ofte trur ein at det er varden på Livarden, men så kjem det stadig andre vardar til syne. No får ein også eit vakkert panorama over Gullfjellet i soloppgang.

Så dukkar til slutt den store varden opp. Ein majestetisk stein-varde, som ruver stolt på fjelltoppen. Målet er nådd, fortsatt tidleg på morgonen og fortsatt fjellet for deg sjølv. Ein absolutt fantastisk start på dagen. No kan eg dra tilbake og tilbringa resten av dagen inne. Kanskje redigere bilda frå turen. Så blei det frisk luft i dag også!

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *