Golsfjellet

Golsfjellet - eit tur og langrenns eldorado på høgfjellet

Golsfjellet – skitur


Vinteren 2025 har vært uvanleg snøfattige, her i Sør Norge. Ja, både i vest, sør og aust. Sjølv høgt oppe, i høgfjellet som Golsfjellet og andre fjellområde, mangla snøen også. Både mildvær og regn, har råka desse høgfjella. Dette i Januar, Februar og Mars. Neste veke begynner påske høgtida, og dei kvite viddene må du leite lenge etter. Så ein må reise langt for å få gode skiforhold. No er vi i siste helga i Mars månad. Kanskje det fortsatt er håp om kulde og snø. Heile vinteren har vært unormal, så ein veit aldri.
Det blei i denne tru, at vi bestille hytte på Golsfjellet . Dette for ei langhelg på ski.

Golsfjellet
Is, snø og vatn

Skitur i slutten av Mars

På nettet – såg det ut som det var køyrt løype sist helg, i øvste traseen på Golsfjellet.
Golsfjellet har eit enormt nettverk av løype, i alle retningar. GV XX. Eit eldorado for langrenn. Kupert terreng, gjennom store granskogar, opne sletter og myrer. I tillegg kjem du opp på snaufjellet og fjelltoppar, med magisk utsyn over halve Sør-Norge.

Snømangel

Så optimismen var på topp, når vi pakka bilen. Turen gjekk på E16 og gjennom Hemsedal. Hemsedal utan ein snøflekk, alt var bart. Dette såg heller dårleg ut. Klart det var ein stor skuffelse. Men Golsfjellet låg høgare, så det var håpet vi klamra oss til.
Men det var ingen kvite vidder som møtte oss på Golsfjellet. Lyng, barmark og gule vidde over alt.

Plante
Snøfattig på høgfjellet

Isete løyper

Men igjen, der løypemaskinar hadde lagt spor, låg ein hard sole av snø og is igjen. Det første vi prøvde, var på med ski og ut i traseen til løypemaskinen. Det var rart og sjå den kvite vegen som snodde seg gjennom bart myr og skogskogsterreng. Det var mange dagar sida løypene var kjørt. No var det hardt og isete. Perfekt til staking, og farten blei upåklageleg. Men ugunstig om du skulle gå på «trynet».

Isete løyper
Isete løyper

Første skitur

Tidleg fredag morgon, var alt løypemaskin i aktivitet. På deler av løypa i nærområde, var det alt kjørt opp. Så vi måtte komme oss ut og følgje etter maskinen. Felleski fungerte fin på nykøyrte løype. Både feste og gli. Det var – 8 kuldegrader om natta, så det ville gå langt ut på dag før gradestokken kom på pluss sida. Dette fungerte bra, og når vi var tilbake til hytta, var mange mil alt tilbakelagt, på det raske føre.

Nykjørt løype
Nykjørt løype
Nykjørt løype
Soloppgang

Langtur

Både meldingar og skiføre lova bra for neste dag. Ja så bra at vi planla ein alvorleg lang tur. Opp til Storefjell over fjellet og ned til Hemsedal og skianlegget, Gravset Skiarena. Tilbaketuren skulle gå langs Storevann og mot Tislefjorden, Golsfjellet Alpinsenter, Kamben og tilbake til hytta.
Det kjennes ofte lett ut, når ein planlegge. Vi skreiv ned alle løype nummer, frå kartet. Det blei mange punkt. Vi limte lappen på stavane. Ein for turen til Gravset og ein for tilbaketuren. Lettere og sjå på skistaven, enn opp med mobilen ved kvart skilt. Det var nok ein lur ide. For i 20-tida kom mørket, og den kom vi oss ikkje unna. Ja, det blei ein lang tur, på heile 6 mil.

Retur frå Gravset
Skirute over Golsfjellet
Løypekart
Løypekart

Retur frå Gravset

Det kjentest tungt ut i beina, allereie på veg opp til Storefjell. Turen i går, sat nok fortsatt godt igjen. Skjønte at dette kom til å bli hardt. Når ein kom opp på snaue Golsfjellet, var det mykje is i løypene. Det hadde nok tidlegare vært mildvær og regn, heilt oppe på 1000 moh. No var det store område med is. Måtte gå rundt, dei fleste av desse speilblanke partia. Så var det slakke lange nedover-bakkar. Men det tok også på låra. Det var mange løypekryss, så informasjonen på stavane var genialt. Slapp å ta opp mobilen for kvart skilt.

Ski rute Golsfjellet
Rute over Golsfjellet

Gravset Skistadion

Når vi nærma oss Gravset kom dei isete løypene tilbake. Bratt, svingete utforkjøring og isete parti, var ein stor utfordring. Av med skiene, eit par plasser. Men ein kom seg ned til lysløypa i Gravset, med heile ski og bein.
Kafeen på Gravset var min redning. Her var det påfyll med Cola, kaffi og bollar. Det gav god energi, og kreften kom tilbake. No var det på med skiene igjen og finne løypa tilbake til hytta.
Her på nordsida av Golsfjellet var det meir snø og mindre parti med is.

Kart Golsfjellet
Kart Golsfjellet
Golsfjellet
På tur over Golsfjellet
Golsfjellet
Skitur over Golsfjellet

Minnerik skitur

Men no bevegde temperaturen seg nok over 0-streken og på pluss sida. Felleskia, hadde fortsatt godt feste, men gli forholda blei litt mindre. Elles var traseen fin, kupert med jamn stigning og mindre utfor-køyringar.
På slutten kom mørket innover Golsfjellet. Når sola gjekk ned, tok det ikkje lang tid før mørke la seg fort. Heldigvis gjekk eg saman med ein sprek turkamerat. Han gjekk i forvegen til hytta og henta hodelykt. Han gjekk meg i møte. Det var til stor hjelp, den siste mila og ein nådde hytta.
Dette blei ein skitur, ein seint vil gløyme. Søndagen gjekk med til lett fottur, for å mjukne opp stive bein. Før ein lang kjøretur tilbake, frå ei svært vellykka skihelg på Golsfjellet. Med lite snø og enda mindre med folk. Det var absolutt god plass i løypene. Sol, vindstill gjorde sitt til at igjen denne turen på Golsfjellet blei minnerikt.

Stor takk til flotte løype på Golsfjellet. Og ikkje minst dyktige løypemannskap.

Fuglesang
Dompapp'er på tur