Tur til Haugastøl 1000moh
Det var «Black Friday» og planlegging av innkjøp til vår helgatur til Haugastøl. Mange gode tilbud på helgesnop, men akk så vanskeleg å komme til. Men litt snop og anna god mat blei pakka i bilen til slutt. Nypreparerte «skøyte-ski» og rensa felleski var komt i skiboksen. Det var meldt om kaldt og fint vær, så gode varme treningskle i skiløypene var nødvendig.
Geilo – men lite snø
Sjølv om vi skreiv 23. november, så var det ingen snø i høgfjellet. Slik var det over det meste i Sør-Norge. Men på Geilo stadion hadde dei klart å produsere nok kunstsnø og hadde opna ei 2,5 km løype. Med kaldt og fint værvarsel for helga, kunne dette bli eit fint opphold og ikkje minst, god skitrening. Hytta som skulle brukast, låg på Haugastøl, så litt kjøring fram og tilbake til Geilo Stadion måtte beregnast.
Mitt håp var og få testa Kia Soul el-bil på langtur i vinterslege forhold. Klarte nok ikkje å overbevise Johan denne gongen heller, så el-Kia blei parkert og tatt farvell med.
Hytta på Haugastøl
Etter arbeidstid på Fredag 23.11, starta turen frå Os, via Voss og over Hardanger-vidda. Lite trrafikk, tørre fine vegar og ein lys vinterkveld. Lite stopp i Eidfjord, måtte ha ein Pizza og to øl til kveldsmat. Var på plass i hytta før kl 21:00, og blei møtt av klar stjernehimmel og ein flott fullmåne so mspeila seg i Sløddfjorden ved Haugastøl, 1000 moh, nesten som ein kunne nå opp og ta på månen. -13 grader viste måler, så det gjekk fort å laste av bilen og komme seg in ni hytta å fyre opp i ved-ovnen. Godt isolert hytte, så varmen kom fort. TV’en og diverse tekniske «bokser» og «routere» blei koplet opp. og Karsparov og Carlsen hadde spilt seg til remis i sjakk-VM.
Geilo Skistadion
Lødags morgon, -15 grader – kald, blå morgon og røe i øst. Tidleg oppe, god frukost og klar for bilturen ned ti Geilo Stadion. Her nede var det trangt om parkeringsplass og løyper. Valget blei «skøyte ski», og det fungerte fint i denne kulden og på kunstsnø- God gli, brukbart fraspark og hardt fint underlag. Løpa var på 2,5 km, så i starten var det trangt om plassen og litt køgåing, men det løste seg litt opp utover morgonen. Det blei også opna ei ekstra sløyfe som gjekk opp til det høgste punkte på løypa, med ei bratt nedkjøring. Ei bra økt og 18 km på kunstsnø, uten fall. Ca, 11:00 kom sola så vidt ned i enkelte deler av løpa, men kulden var der fortsatt. Tørre klede og varme i bilen hjalp.
Kunstsnø og 4 km løype på Geilo skistadion
På søndag, var det litt meir skyer/skodde i starten av dagen, men det var fortsatt fine forhold i løpene. Litt stiv i musklatur etter gårsdagen. No var ein trasse på 4 km nypreparert løye klar. Ei flott rundløype, bra stigning og fine motbakker. Same gli og forhold, så det blei skøyting idag også. I raskt og fint føre, blei det 22 km med «skøyting» Så var det tilbake på hytta og skrubba rein panne, med svidd graut-bunn. Men det var også mykje sport på TV – så brått var kvelden slutt.
Mandagen hadde vi også satt av til ski og no hadde vi Geilo Stadion og løypa nesten for oss skjølv. Det var gode forhold, kanskje litt trått i -17 grade, den første runden, men det kom seg.
Mikkel Rev på Hardangervidda
Så var det tilbake til Haugastøl og pakke i sekken, vaske ut og komme seg i bilen. Blei ein flott tur over Hardagervidda den ettermidagen. Og der traff vi også på «Mikkel rev» som var ute å samla seg mat.